Feber

Feber, òg kjent som pyreksi eller ein febril respons, er unormalt høg kroppstemperatur på grunn av sjukdom, særleg infeksjonssjukdommar.

Feberen er meint å verna kroppen; han er ein forsvarsreaksjon brukt mot inntrengjarar som bakteriar eller virus. Mange slike framandelement toler ikkje temperaturar som er høgare enn normal kroppstemperatur (rundt 37 grader hos menneske).

Feber
Feberen (1883) av Yoshitoshi.

Korleis ein får feber

Det er hypotalamusen som aukar kroppstemperaturen dersom han får melding frå celler om at dei er blitt infiserte. Temperaturen kan aukast mellom anna ved at blodårene blir snevra inn slik at mindre varme blir tapt med blodet, eller ved at kroppen tek til å skjelva.

Grad av feber

Grada av feber kjem an på normaltemperaturen til den sjuke, men som regel kallar ein feber mellom 38 og 39 låg, mellom 39 og 40 moderat, og over 40 høg. Feber over 42 grader kan føra til vevskadar, særleg i hjernen, og blir sett på som farleg.

Feber innan medisinen

Feber har vore skildra som eit sjukdomsteikn sidan Hippokrates, men eit instrument for å måla kroppstemperatur vart først laga av Hermann Boerhaave (1668-1734). Termometeret hans hjelpte Carl Wunderlich til å kartleggja febermønster i ulike sjukdommar. Det enorme forskingsarbeidet hans omfatta 25 000 pasientar og varte i tjue år. Verket hans, Das Verhalten der Eigenwärme in Krankheiten, kom ut i 1885 og var eit viktig grunnlag innan legevitskapen.

Anna

Feber kan brukast biletleg om noko som ein er opptatt av og brenn for, til dømes fiskefeber eller fotballfeber.

Feber  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Feber Korleis ein får feberFeber Grad av feberFeber innan medisinenFeber AnnaFeberBakterieInfeksjonMenneskeMenneskekroppenSjukdomTemperaturVirus

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Zinédine ZidaneHattMetroid PrimeMark St. JohnStephenie MeyerBilly SwanNasjonalrettSpesifikk varmekapasitetRabagastRasjonalismeHiroto GoyaJonsokInnsjøar i SverigeDekadanseHeisBunadDiezeHVACThomas BayesSki-VM 1966Jonas Gahr StøreChampions LeaguePlantarLufttrykkKaptein SabeltannEngelskHuman Rights WatchAnimal CrossingSilje NordnesSamvirkelagDrøbak-FrognMorfofonologiFriends av The Beach BoysOlivia RodrigoKognitivismeNordahl GriegZaniar MatapourProgrammeringsspråket JavaAre KalvøHjalmar Christensen1954Iransk historieKensingtonsteinenGunnhild ØyehaugKausativDer ingen skulle tru at nokon kunne buSionistNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973BjørnøyaHn/MyklagardAustblokkaKommunismeGrobladMS «Framstig»SveitsSkotskHomer10. maiKnut Marius Djupvik1948SkvallerkålAntonio GramsciTom WaitsMicky WallerNonChristianiaGoogleVince GillPhilly Joe JonesOscar WergelandChamps-ÉlyséesTradisjonell brytingMikrometerHadjSilvestre y La NaranjaFil🡆 More