Skotsk

Skotsk (Scots) eller låglandsskotsk (Lallans) er eit språk som blir tala i Skottland og av ein liten minoritet i Ulster, dei fleste av dei i Nord-Irland men òg i grenseområda i Republikken Irland.

Språket blir kalla «låglandsskotsk» for å skilje det frå skotsk gælisk som blir tala i høglandet, men det blir også kalla berre «skotsk» og for ulsterskotsk i Irland. Det er ikkje fagleg semje over om ein skal rekna skotsk som eit språk eller ein dialekt.

Skotsk
Scots/Lallans
Klassifisering Indoeuropeisk
 Germansk
  Vestgermansk
   Skotsk
Bruk
Tala i Skotsk Skottland
Flagget til Nord-Irland Ulster (Nord-Irland)
Skotsktalande i alt Mellom 200 000 og 1,5 millioner
Språkkodar
ISO 639-2 sco
ISO 639-3 sco
Wiki på skotsk
Wikitongues - den skotske diktaren Christine De Luca snakker den shetlandske utgåva av skotsk.

Historie

Skotsk stammar frå den northumbriske forma for mellomengelsk, som inngår i samlenamnet angliske språk. Det er sterkt påverka av gælisk, men også av nederlandsk og lågsaksisk gjennom handel og innvandring frå nederlanda. Dialektkontakt mellom skotsk og engelsk førte også til dei noverande skotske dialektane av engelsk (også kjent som skotsk-engelsk) som blir akseptert som godt språk i Skottland i dag.

Litteratur

Dei eldste verka på skotsk er John Barbour sitt epos Brus frå 1300-talet, Wyntoun sitt Cronykil og Blind Harry sitt The Wallace frå 1400-talet. Frå 1400-talet av blei det skapt mykje litteratur kring det kongelege hoffet i Edinburgh og ved University of St Andrews av forfattarar som Robert Henryson, William Dunbar, Gavin Douglas og David Lyndsay. The Complaynt of Scotland var eit tidleg trykt verk på skotsk. Eneados er ei mellomskotsk omsetjing av Æneiden fullført av Gavin Douglas i 1513.

Kjelder

Skotsk  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

IrlandNord-IrlandRepublikken IrlandSkotsk gæliskSkottlandUlsterUlsterskotsk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

FinlandGrenadaGramÅkermans VerkstadBrad PittRonja RøverdatterAstrid LindgrenRefraksjonFacesOverarmsbeinMenneskePedro I av BrasilIrakRoger McGuinnHound DogTaleAmasoneSvastikaPlantarXboxBrøytHenning SolbergMoldauKommunismeThe Power to BelieveAndreas RombergPilSpelet HundreNederlandskSionismeTsjasiv JarMargrethe II av Danmark8. aprilMediaWikiMarcus & MartinusDei fem K-ane i sikhismen2002Jonas LieTongaPeter F. WolfSilje NordnesVestleg kampkunstKvenerKopplamBrenselcelleOksidasjonFylkesveg 751 (fleirtyding)Gråor27-årsklubbenRaudekrossenHellerman RocksReidar JohansenFilmserien Harry PotterHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottFreddie MercuryNord-KoreaThomas JeffersonVegard UlvangDemi LovatoDen europeiske unionenOrJa, vi elsker dette landetNile RodgersNynorsk WikipediaLemmingInternettCountryKristendommenArian EngebøSkottlandLungebetennelseAusterrikeEdvard VII av StorbritanniaMaiken Caspersen FallaDet nederlandske koloniriketGambiaAlbert Einstein🡆 More