Munnen er ein kroppsopning som mange dyr bruker for å ta til seg næring.
Han kan også brukast til anding, kommunikasjon og utskiljing av væske, som spytt eller gift. For det meste ligg munnen i hovudet, men nokre dyr har han andre stader på kroppen. Hjå menneske er munnen tydeleg markert med lepper i fjeset.
Munn | |||
| |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
MeSH | D009055 |
Munnhola (latinsk cavum oris) er første del av fordøyelsessystemet. Her tek meltinga til gjennom at maten blir kutta opp i mindre bitar av tennene og tilsett spytt frå spyttkjertlane. Spytt er basisk (pH høgare enn 7) og inneheld enzymet amylase som spaltar stivelsesmolekyl frå polysakkarid til disakkarid. Spyttet drep bakteriar og gjer også maten blautare og lettar å svelga. Når maten er ferdig toggen, blanda og fordelt, blir han dytta ned i svelget av tunga.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Munn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.