Mesh: Kontrollert vokabular

MeSH (Medical Subject Headings) organiserer emneord for bibliografisk indeksering og katalogisering av journalartiklar og bøker om medisin og medisinsk forsking.

Det er eit stort metadatasystem som tidlegare kom ut kvart år i prent utgåve men nå er fritt tilgjengeleg på Internett.

Det er den amerikanske National Library of Medicine (NLM) som har utvikla systemet og som oppdaterer det. Det er i bruk ikkje berre ved NLM men også ved MEDLINE/PubMed artikkelbasen. Kvar post kan opptre i fleire hierarkiske «tre». Dei fleste postane har også ein kort definisjon, lenkjer til relaterte postar og til ei liste synonym og nesten-synonym.

Eit døme: Jet Lag

«Jet Lag Syndrome» opptrer i tre ulike tre, og har 3 tre-nummer: Jet Lag

Trenummer C10.281.440

  • C10 = Sjukdommar av nervesystemet.
  • C10.281 = Kronobiologiske sjukdommar.
  • C10.281.440 = Jet Lag Syndrome.

Trenummer C10.886.425.200.500

  • C10 = Sjukdommar av nervesystemet.
  • C10.886 = Søvnforstyrringar.
  • C10.886.425 = Dyssomniar.
  • C10.886.425.200 = Søvnforstyrringar, døgnrytme.
  • C10.886.425.200.500 = Jet Lag Syndrome.

Trenummer F03.870.400.200.500

  • F03 = Psykiske lidingar.
  • F03.870 = Søvnforstyrringar.
  • F03.870.400 = Dyssomniar.
  • F03.870.400.200 = Søvnforstyrringar, døgnrytme.
  • F03.870.400.200.500 = Jet Lag Syndrome.

Definisjonen er «Ei kronobiologisk forstyrring som resultat av reiser over fleire tidssoner, karakterisert ved søvnvanskar, trøyttleik, åtferdssymtom, hovudverk og mage- og tarmforstyrringar.»

Søkbare synonym er «Tidssoneendringsyndrom» og «Tidssonesyndrom» og det står Sjå au: Reise.

Hovudkategoriane

  • [A] Anatomi
  • [B] Organismar
  • [C] Sjukdommar
  • [D] Kjemikaliar og farmakologiske substansar
  • [E] Analytiske, diagnostiske og terapeutiske teknikkar og utstyr
  • [F] Psykiatri og psykologi
  • [G] Biologisk vitskap
  • [H] Realfag
  • [I] Antropologi, utdanning, sosiologi og sosiale fenomen
  • [J] Teknologi og mat og drikke
  • [K] Humanistiske fag
  • [L] Informasjonsvitskap
  • [M] Personar
  • [N] Helsetenester
  • [V] Karakteristikk av publikasjonar
  • [Z] Geografiske lokalitetar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Mesh Eit døme: Jet LagMesh HovudkategorianeMesh BakgrunnsstoffMesh

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Programmeringsspråket JavaNynorskTrøndelag fylkeFriksjonKommunePer SpelmannHavørnPýliMayo ClinicEdderkoppar i kulturenSilje NordnesSeladonAsker kommuneMiddelhavetNorske kommuneblomarForelskingNykøbing MorsVictoria av StorbritanniaKognitivismeRSSDydDet internasjonale fonetiske alfabetetFeilslutningTeltMicrosoft WindowsSpesifikk varmekapasitetSymbol i hinduismenRundeKolPodsolFylkesveg 751OverarmsbeinTutrakanKråkebolleSpaniaEventyrTrekanthandelDiezeSpeidarrørslaBuddhistiske høgtiderStorbritanniaFredrik SolvangSki-VM 201927-årsklubbenLondonTysklandCarles PuigdemontRådyrDen norske språkstridenOslo kommuneKenth EldebrinkMarie Antoinette2024VaktelIvar AasenHanumanAspropótamos i TríkalaHollandKlanenPlatonGrunnstoffet tinnAustraliaReligionskrigDet tredje riketKyle WalkerNorsk folkedansMusikkgruppa GåteTidvatnDet ukrainske alfabetetSjøløverEFreddie MercuryWikiJehovas vitneKrig🡆 More