Mesh: Kontrollert vokabular

MeSH (Medical Subject Headings) organiserer emneord for bibliografisk indeksering og katalogisering av journalartiklar og bøker om medisin og medisinsk forsking.

Det er eit stort metadatasystem som tidlegare kom ut kvart år i prent utgåve men nå er fritt tilgjengeleg på Internett.

Det er den amerikanske National Library of Medicine (NLM) som har utvikla systemet og som oppdaterer det. Det er i bruk ikkje berre ved NLM men også ved MEDLINE/PubMed artikkelbasen. Kvar post kan opptre i fleire hierarkiske «tre». Dei fleste postane har også ein kort definisjon, lenkjer til relaterte postar og til ei liste synonym og nesten-synonym.

Eit døme: Jet Lag

«Jet Lag Syndrome» opptrer i tre ulike tre, og har 3 tre-nummer: Jet Lag

Trenummer C10.281.440

  • C10 = Sjukdommar av nervesystemet.
  • C10.281 = Kronobiologiske sjukdommar.
  • C10.281.440 = Jet Lag Syndrome.

Trenummer C10.886.425.200.500

  • C10 = Sjukdommar av nervesystemet.
  • C10.886 = Søvnforstyrringar.
  • C10.886.425 = Dyssomniar.
  • C10.886.425.200 = Søvnforstyrringar, døgnrytme.
  • C10.886.425.200.500 = Jet Lag Syndrome.

Trenummer F03.870.400.200.500

  • F03 = Psykiske lidingar.
  • F03.870 = Søvnforstyrringar.
  • F03.870.400 = Dyssomniar.
  • F03.870.400.200 = Søvnforstyrringar, døgnrytme.
  • F03.870.400.200.500 = Jet Lag Syndrome.

Definisjonen er «Ei kronobiologisk forstyrring som resultat av reiser over fleire tidssoner, karakterisert ved søvnvanskar, trøyttleik, åtferdssymtom, hovudverk og mage- og tarmforstyrringar.»

Søkbare synonym er «Tidssoneendringsyndrom» og «Tidssonesyndrom» og det står Sjå au: Reise.

Hovudkategoriane

  • [A] Anatomi
  • [B] Organismar
  • [C] Sjukdommar
  • [D] Kjemikaliar og farmakologiske substansar
  • [E] Analytiske, diagnostiske og terapeutiske teknikkar og utstyr
  • [F] Psykiatri og psykologi
  • [G] Biologisk vitskap
  • [H] Realfag
  • [I] Antropologi, utdanning, sosiologi og sosiale fenomen
  • [J] Teknologi og mat og drikke
  • [K] Humanistiske fag
  • [L] Informasjonsvitskap
  • [M] Personar
  • [N] Helsetenester
  • [V] Karakteristikk av publikasjonar
  • [Z] Geografiske lokalitetar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Mesh Eit døme: Jet LagMesh HovudkategorianeMesh BakgrunnsstoffMesh

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Andre verdskrigenMP3SkrikBjørkefinkWikimediaCupvinnarcupfinalen i fotball 1969I Dovregubbens hallInformasjonskapselÉtangTilstandsromrepresentasjonVilhelm III av EnglandMaiken Caspersen FallaThe WeaversJenny SkavlanØyvind VaksdalGjest BaardsenTyneJerry DouglasElse Kåss FurusethFreddie MercuryTidvatnErnst JosephsonPilaffUSASandnessjøenOxfamBeatrix av NederlandPave Johannes Paul IJacob Tullin ThamsGotlandMaren LundbySneisJump bluesHansjörg KunzeNapoléon BonaparteJesusDet norske flaggetSymbolTorbjørn Røe IsaksenDeep PurpleFurieVellingBærum SportsklubbNikita KhrusjtsjovJerry ReedIranLucas GaúchoAyn RandEirik SalstenDanmarkHjelmHarriet BackerFever av Little Willie JohnInitials B.B.Wilhelm TellTysklandMark KirchnerUigurarTegan and SaraSofie MarhaugOddaRusslandJerpePeter ŠťastnýStorfuglTwitterTromsøFinnmark fylkeKrag-Jørgensen-riflePiknikkorgSnapsPalestinamandatetReal Life av Simple Minds🡆 More