Let It Bleed

Let It Bleed er eit album av The Rolling Stones frå desember 1969.

Let It Bleed
Studioalbum av The Rolling Stones
Språk engelsk
Utgjeve 5. desember 1969
Innspelt November 1968, februar–juli, oktober-november 1969
Studio Olympic Studios i London; Elektra Studios i Los Angeles; Sunset Sound i Los Angeles
Sjanger Hardrock, blues, country blues
Lengd 42:21
Selskap Decca (Storbritannia)
London (USA)
Produsent Jimmy Miller
The Rolling Stones-kronologi 
Beggars Banquet
(1968)
Let It Bleed Sticky Fingers
(1971)
Singlar frå Let It Bleed
  1. «Let It Bleed»
    Utgjeve: Januar 1970 (berre Japan)

Det var oppfølgjaren til Beggars Banquet (1968) og kom ut kort tid etter ein amerikansk turne i 1969.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsLet It BleedLet It BleedLet It BleedLet It Bleed
Encyclopedia of Popular Music5/5 starsLet It BleedLet It BleedLet It BleedLet It Bleed
Entertainment WeeklyA
The Great Rock Discography9/10
Music Story5/5 starsLet It BleedLet It BleedLet It BleedLet It Bleed
MusicHound Rock5/5
NME9/10
Rolling Stone5/5 starsLet It BleedLet It BleedLet It BleedLet It Bleed
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsLet It BleedLet It BleedLet It BleedLet It Bleed

Historie

Sjølv om dei hadde starta på innspelinga av songen «You Can’t Always Get What You Want» i mai 1968, før Beggars Banquet kom ut, starta innspelinga av Let It Bleed for fullt først i februar 1969 og heldt fram sporadisk fram til november. Brian Jones medverkar berre på to spor, med autoharpe på «You Got the Silver» og perkusjon på «Midnight Rambler». Erstatninga hans, Mick Taylor, spelar òg på to spor, «Country Honk» og «Live With Me». Keith Richards, som alt hadde delt vokal med Mick Jagger på eit fåtal songar («Connection», «Something Happened to Me Yesterday» og «Salt of the Earth»), song sin første solovokal på ein Rolling Stones-song med «You Got the Silver».

I 1968 hadde Richards vore litt saman med Gram Parsons i London, etter Parsons hadde forlate The Byrds kvelden før dei drog på turne i Sør-Afrika. Dette møtet hadde stor innverknad på Richards sin smak for country, og kanskje som følgje av dette spelte bandet inn honky-tonk-songen «Country Honk», ei raskare rock and roll-utgåve av songen som kom ut som deira neste singel, «Honky Tonk Women». Albumutgåva hadde med felespelaren Byron Berline, som arbeidde med Parsons seinare i karrieren hans. Parsons tok ofte æra for å ha arrangert «Country Honk», medan både Jagger og Richards har sagt at det var deira eige arrangement. Uansett hadde Parsons ved å introdusere bandet for tradisjonell country påverka denne musikalske endringa. Parsons spelte seinare inn si eiga utgåve av songen, som hadde element frå begge versjonane.

Plata vart innspelt under den siste perioden medan Jones var med i bandet (og i live). I tillegg til å verte rekna som ein av klassikarane til bandet er han det andre av ei rekkje av det som vert rekna som dei fire aller beste studioalbum deira, Dei andre tre er Beggars Banquet (1968), Sticky Fingers (1971) og Exile on Main Street (1972).

Let It Bleed kom ut i desember og nådde førsteplassen i Storbritannia og tredjeplassen i USA. I Noreg gjekk albumet rett inn på andreplassen og vart liggande der samanhengande i ti veker, heile tida bak The Beatles sitt Abbey Road. Albumet vart òg kritikarrost.

I 1998 stemte lesarane av musikkmagasinet Q albumet fram til 69. plass på lista over dei største albuma gjennom tidene, medan same magasin plasserte det på 28. plass over dei 100 største britiske albuma nokon gong. I 2001 plasserte fjernsynskanalen VH1 songen på 24. plass på lista deira over dei største albuma, og i 2003 hamna albumet på 32. plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 største musikkalbuma gjennom tidene.

Let It Bleed har seld over 7 million eksemplar verda over sidan 1969.

Innhald

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Gimme Shelter»4:32
2.«Love in Vain» (Robert Johnson)4:22
3.«Country Honk»3:10
4.«Live with Me»3:36
5.«Let It Bleed»5:34
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Midnight Rambler»6:57
7.«You Got the Silver»2:54
8.«Monkey Man»4:15
9.«You Can’t Always Get What You Want»4:15

Medverkande

The Rolling Stones

Andre medverkande

Salslister

Liste (1969–70) Plassering
Australia (Kent Music Report) 2
Canada Top Albums/CDs (RPM) 4
Nederlandske album (MegaCharts) 1
Tyske album (Offizielle Top 100) 3
Norske album (VG-lista) 2
Britiske album (OCC) 1
US Billboard 200 3
Liste (2007) Plassering
Svenske album (Sverigetopplistan) 37
Liste (2012) Plassering
Franske album (SNEP) 138

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada) Platina 100 000^
Storbritannia (BPI) Platina 300 000^
USA (RIAA) 2× Platina 2 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

Tags:

Let It Bleed HistorieLet It Bleed InnhaldLet It Bleed MedverkandeLet It Bleed SalslisterLet It Bleed SalstroféLet It Bleed KjelderLet It BleedBeggars BanquetThe Rolling Stones

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

62AustraliaAgenda 2030JapanCascadaDen etiopiske kalenderenDen transsibirske jarnvegenSør-AmerikaDonauNotbåtBartreVictoria av StorbritanniaLMorten JentoftMykoplasmaHuntsville i AlabamaTinghaug i KleppPave FransAtenYottagramHindiRepresentativt demokratiMicrosoftLøveTyrkiaJordskorpeplateLivskraftigBoris Jeltsin1977Ronny Brede Aase69Religion i EnglandManchester CityFirenzeTjeldRuts bokSamisk kultur30JazzLandskap i SverigeKashmirPåskekrimMetanolUngarnDet latinske alfabetetKamelfamilienStillitsJemenPlategrense7FeltpostPanda46BoggiLynni TreekremGammalnorsk sauEsel42HMalignitetMegawattStareNynorsk WikipediaProsit85MammutQueenPål KrabyRussisk matTor Erling StaffGullLohengrin sjokoladeTigrinjaMobilapplikasjonStrikkingBenjamin Netanyahu🡆 More