Gitar er eit opphavleg spansk strengeinstrument av tre.
Gitaren (akustisk) er samansett av ei lydkasse med hol, ein stol der strengane er festa og ein hals med band. Klangbotnen er vanlegvis av nåletre som gran eller seder, mens hals, sarg og botn er laga av ulike typar hardtre som lønn, rosetre, mahogni og andre.
Gitar | |||
Ulike typer gitarar | |||
Klassifisering | Strengeinstrument | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 321.322-5-6 | ||
Døme | |||
Speleregister | |||
Klassiske gitarar (òg spansk gitar) har nylonstrengar, men det er i dag òg vanleg med stålstrengsgitarar, og mange av desse igjen er utstyrt med mikrofon slik at dei kan spelast på gjennom ein forsterkar. Klassiske gitaristar nyttar ofte ei gitarstøtte eller fotskammel.
Reindyrka elektriske gitarar (òg kalla el-gitar) er også vanlege og vert ofte kalla plankegitar fordi dei ikkje har klangbotn og lydkasse. El-gitarane er konstruerte som ein «planke» med magnetiske mikrofonar. Den mest populære plankegitaren er Fender Stratocaster, ein gitartype som har eksistert praktisk talt uforandra sidan 1954.
Gitaren har normalt seks strengar. Tre vert kalla basstrengar, og tre for diskantstrengar. På «hovudet» på gitaren er det stemmeskruer for å halde instrumentet stemt, og den normale stemminga går i kvarter frå E til A, frå A til D osb, mens intervallet frå G-strengen berre er ein ters opp til H, og deretter kjem nok ein kvart til E. Standardstemming for dei 6 strengane vert difor tonane (frå lågast til høgast) E-A-D-G-H-E, «Ein Annan Dag Gjekk Han Einsam». Gitarar kjem også med tolv strengar (tolvstrengsgitar) som har seks strengepar der dei djupaste strengane er stemde i oktavar.
Mange stemmer om gitaren til open stemming, der strengane vert stemd i ein akkord, som oftast ein dur-akkord. Dette er vanleg innan blues ved bruk av slide eller bottleneck, eit metall- eller glasrøyr som kviler på strengane og lagar tonar utan å røre ved gitarhalsen. Den vanlegaste opne stemminga er D-A-D-G-A-D.
Gitaren er eit ideelt akkordinstrument for bruk ved akkompagnement av song eller eit melodi-instrument, men er eit velkjent soloinstrument òg. Det var særleg klassisistiske komponistar som Fernando Sor og Maurio Guliani som har gitt oss gitarkomposisjonar av høgare kompleksitet. Sonatane og etydane deira vert ofte spela i vår tid.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gitar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.