Vibrafon

Vibrafon er ein metallofon liknande marimba, xylofon eller klokkespel.

Instrumentet består av ei rad stavar (tastar) av metall som har ulik lengd, og som kvar har eit resonansrøyr som forsterkar lyden. Ein slår på tastane med klubber (køller) med ei gummikule som er surra inn i garn eller liknande. Lok på resonansrøyra opnar og lukker seg stadig elektrisk, slik at vibrafonen får ein pulserande klang. Tonane på ein vibrafon har ein særs lang etterklang. Denne kan dempast med ein dempemekanisme lik den som finst på piano.

Vibrafon
Vibrafon
Klassifiseringmallet percussion instrument
Hornbostel-Sachs klassifisering111.222
Oppfinnar(ar)Henry Schluter
Utvikla1927
Speleregister
Vibrafon
Lyden av ein vibrafon
Film frå 1940-åra av eit orkester med marimba og vibrafon

Vibrafon blei opphavleg mest brukt i jazz. Instrument var eit definerande element i sjangeren exotica frå midten av 1900-talet. Ein har også brukt vibrafon til å spela symfoniar og operatiske verk i klassisk musikk og nyare samtidsmusikk.

Skildring

Plasseringa av tastane til ein vibrafon er som på eit piano. Kvar tast er stemt i ein spesiell tone, og dei er arrangert etter ein kromatisk skala. Under kvar tast er det plassert resonansrøyr. Inne i desse røyra er det plassert ei lita plate med litt mindre diameter enn røyret sjølv. Denne plata er igjen festa på ei stong som gjer at plata kan rotere og dermed veksle mellom å tette igjen røyret eller opna det. Stonga roterer ved hjelp av ein liten elektrisk motor. Dette gjev ei «vibrerande» effekt (vibrato) som er opphavet til namnet på vibrafonen.

Kulene på køllene ein speler med kan ha ulik hardleik som gjev ulik karakter til klangen av instrumentet.

Tonane på ein vibrafon har særdeles lang etterklang. På grunn av dette er det festa ein dempemekanisme under vibrafonen. Når pedalen er nede, vil tonane klinga, men når han er oppe vil etterklangen dempast.

Kjende vibrafonistar

  • Lionel Hampton

Klassisk musikk for vibrafon

Medan vibrafon særleg har vore mykje brukt til å spela jazz, er det også skrive mange klassiske musikkstykke for instrumentet. Nokre av verka er

  • Alban Berg: Lulu (1935)
  • Benjamin Britten: Spring Symphony (1948-49)
  • Benjamin Britten: Death in Venice (1973)
  • Gil Shohat: The Child Dreams (2010), Tyre and Jerusalem (2003)
  • Jean Barraqué: Konsert for vibrafon, klarinett og seks instrumentgrupper (1962–68)
  • Harrison Birtwistle: The Triumph of Time (1972)
  • Pierre Boulez: Le marteau sans maître for contralto and six instrumentalists, with prominent part for vibraphone (1955), "...explosante-fixe...", version for vibraphone and electronics (1986)
  • Franco Donatoni: Omar (1985)
  • Morton Feldman: For Stefan Wolpe for kor og to vibrafonar (1986)
  • Siegfried Fink: Solokonsert for vibrafon and orkester (1958–59)
  • Ferde Grofe: Grand Canyon Suite (1931)
  • Morton Gould: Harvest (1945)
  • Philippe Manoury: Solo de vibraphone (1986)
  • Darius Milhaud: Solokonsert for marimba, vibrafon og orkester, Op. 278 (1947)
  • Luigi Morleo: Diritti: NO LIMIT (Concerto for Vibraphone and String Orchestra (2013)
  • Fabian Müller: Solokonsert for vibrafon og orkester (2014)
  • Lior Navok: V5—for vibrafon og strykekvartett (1994)
  • Steve Reich: Sekstett, for fire perkusjonistar og to tangentspelarar
  • Ney Rosauro: Solokonsert for vibrafon og orkester (1996),
  • Emmanuel Séjourné: Solokonsert for vibrafon og orkester; Solokonsert for vibrafon og piano (1999)
  • Stuart Saunders Smith: Links-serien, 11 verk (1975–94)
  • Karlheinz Stockhausen: Refrain, for piano, vibrafon og celesta (1959); Strahlen (2002); Vibra-Elufa for vibrafon (2003)
  • Igor Stravinsky: Requiem Canticles (1966)
  • Tomáš Svoboda: Morning Prayer, for fire perkusjonistar, Op. 101 (1981); Baroque Trio, for vibrafon, elektrisk gitar og piano, Op. 109 (1982)
  • Ralph Vaughan Williams Sinfonia antartica (Symfoni nr. 7) og Symfoni nr. 8
  • Andersen Viana: Love Song (1986)
  • Tommy Vig: Solokonsert for klarinett, vibraharpe og orkester; Solokonsert for vibraharpe og orkester
  • Mieczysław Weinberg: The Passenger
  • William Walton: Symfoni nr. 2

Sjå og

Kjelder

Tags:

Vibrafon SkildringVibrafon Kjende vibrafonistarVibrafon Klassisk musikk for vibrafonVibrafon Sjå ogVibrafon KjelderVibrafonKlokkespelMarimbaXylofon

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Mykoplasma40Sør-AfrikaAsiaAbraham LincolnFilmjølkSedevacantisme34PortugisiskVinstraBerlinblokadenOperasjon BarbarossaAMalwareNorskJernRonny Brede AaseHotel CaliforniaRugbyKrokskogenTyngdeakselerasjonRegionPintGjeddeKrøllalfaThorvald HellesenDet latinske alfabetetSydneyRusslandTrude Drevland23 August i ConstanțaAlf-Inge HålandPontius PilatusConstanța fylkeHamburg-AmerikalinjaResesjonOregonMammutArtikkelNederlandMonsterLungeemfysem4MoldedialektSunnhordlandsdialektOslo2642Elin ØrjasæterRolandskvadetDavid HeymanVatikanstatenMenneskeMarokkoKnut HamsunMexicoPåskeStorbandSoppWienerklassisismenKasakhstanKjønnslepperIslamPannemerke i hinduismen41XVår Frelsers gravlundBahareh LetnesDen muslimske verdaLynNordland fylkeFantasy2Pave Frans🡆 More