Hamburg-Amerikalinja var eit reiarlag skipa 27.
mai 1847 i Hamburg i Tyskland under namnet Hamburg-Amerikanische Packetfahrt-Actien-Gesellschaft (forkorta HAPAG)
Hamburg-Amerikalinja | |||
Skipa | 27. mai 1847 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Hamburg | ||
Land | Tyskland, Deutsches Reich | ||
Styreleiar | Albert Ballin (1899) |
Hamburg-Amerikalinjen var på eit tidspunkt både det største reiarlaget i Tyskland og i verda. Reiarlaget nytta hurtige dampskip, seinare òg motorskip, til frakt av stykkgods og emigrantar frå Europa til USA, i byrjing tyske emigrantar, men seinare særleg emigrantar frå Aust-Europa.
Hamburg-Amerikalinjen mista heile flåten sin to gonger, som eit resultat av første- og andre verdskrigen. I 1970 fusjonerte selskapet med Norddeutscher Lloyd frå Bremen og vert i dag drive under namnet Hapag-Lloyd.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hamburg-Amerikalinja, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.