Kremkarakara (Milvago chimachima) er ein rovfugl i falkefamilien, Falconidae.
Kremkarakara | |
Kremkarakara, Milvago chimachima Foto: Dario Sanches | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Kremkarakara | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Falkefuglar Falconiformes |
Familie: | Falkefamilien Falconidae |
Underfamilie: | Polyborinae |
Slekt: | Milvago |
Art: | Kremkarakara M. chimachima |
Vitskapleg namn | |
Milvago chimachima Vieillot, 1816 |
Han finst i tropiske og subtropiske Sør-Amerika og den sørlege delen av Sentral-Amerika. I motsetnad til falkane i slekta Falco, same familie, er ikkje karakaraer raske jegerar, men er temmeleg trege og et ofte åtsel.
Kremkarakaraer er 41–46 cm lange og veg 325 gram i gjennomsnitt. Hofuglar er større enn hannane, 310–360 g, mot 280–330 g for hannar. Dei har breie venger og lang hale, noko som gjer at dei liknar små våkar i Buteo. Dei vaksne fuglane har brungult hovud med ei svart stripe bak auget og brungul underside. Oversida er brun med karakteristiske lyse flekker på vengfjøra og halen er brun med kremfarga striper. Om ein ser bort frå storleiken er kjønna like. Hovud og underside av ungfuglar har tette brunflekker. Denne arten har eit karakteristisk skrik.
Fuglen lever på savannar, myrer og i skogkantane. Han finst frå Costa Rica sørover gjennom Trinidad og Tobago til Nord-Argentina, provinsane Misiones, Chaco, Formosa, Corrientes og Santa Fe. Typisk finst dei frå havnivå til 1800 moh., sporadisk opp til 2600 moh. Lengst sør i Sør-Amerika er han utkonkurrert av slektningen, brunkarakara (Milvago chimango), artane har overlappande leveområde i det sørlege Brasil, Nord-Argentina, Paraguay og Uruguay. Kremkarakara spreier seg no til Nicaragua.
Kremkarakara er altetar, og et t.d. reptilar, amfibium og andre smådyr som åtsel. Fuglar er sjeldan om i det heile tatt bytte for kremkarakara, i ei undersøking utløyste denne arten ikkje varselrop hos beitande flokkar av blandingsartar i opent cerrado-habitat. Dei plukkar flått av storfe. I tillegg er i det minste yngre fuglar glad i visse frukter, for eksempel frå oljepalme (Elaeis guineensis) eller pequi (Caryocar brasiliensis). Dei legg fem til sju brunflekka brungule egg i eit kvistreir i eit tre.
Kremkarakara har tatt føremon av skogrydding for storfedrift. I Trinidad er statusen endra frå sjeldan til ganske vanleg, og arten vart sett første gongen på Tobago i 1987. Han tilpassar seg lett til urbane område og saman med artar som for eksempel svartkondor (Coragyps atratus), er han av dei mest observerte rovfuglar innanfor latinamerikanske byar. Derfor ser ikkje Verdas naturvernunion, IUCN, denne arten som trua. Som resultat av urbanisering i utkanten av Panama by for eksempel, ser ein ofte kremkarakara på hustak i forstadsområde.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kremkarakara, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.