Kaba er den viktigaste heilagdommen i islam.
Dette er eit firkanta bygg som står midt på eit uterom i Al-haram-moskeen i Mekka. Heilagdomen kjem av at dei truande reknar Kaba som det første bygget som vart laga for å tilbe Allah. Al-haram-moskeen er bygd kring Kaba.
Kaba | |||
| |||
Kaba 21°25′21″N 39°49′34″E / 21.4225°N 39.826166666667°E |
---|
Bygget er dekt av svart tøy med gullbroderte skrifter frå Koranen. I det eine hjørnet av bygget er det murt inn ein svart stein. Etter tradisjonen skal steinen Hajar el Aswad ha vorte gjeven til Ismael av Gabriel då han leita etter ein stein som kunne markera ein av kantane til Kabaen. Ein truande muslim bør om mogleg ei gong i livet delta i valfart til Mekka og der gå sju gonger motsols kring Kaba. Helst skal ein ta på eller kyssa steinen.
Kaba har gjennom tidene vorte øydelagd og oppbygd fleire gonger. Muslimane trur at Kaba først vart bygd av Adam, som det første huset der Allah vart tilbeden. Abraham og son hans Ismael skal ha bygd opp att huset. Før profeten Muhammed var Kaba ein heilagdom for ei mengd arabiske guddomar. Etter overtaking av Mekka vigde Muhammed Kaba til den islamske guddomen og fjerna spora etter førislamske guddomar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kaba, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.