Jeriko

Jeriko (arabisk أريحا, ʾArīḥā; hebraisk יריחו Yeriẖo) er ein by nær Jordanelva på Vestbreidda.

Han er det administrative setet i Jeriko guvernement. I 2007 var folketalet 18 346. Byen var okkupert av Jordan frå 1949 til 1967, og så av Israel frå 1967 til 1994, då den adminsitrative kontrollen vart gjeve over til Dei palestinske sjølvstyresmaktene. Ein trur at byen er ein av dei eldste busette byane i verda.

Jeriko
أريحا, יריחו, al-Awja
kommune
Jeriko
Jeriko
Namneopphav: Velluktande
Land Jeriko Dei palestinske territoria
Guvernement Jeriko guvernement
Koordinatar 31°51′N 35°27′E / 31.850°N 35.450°E / 31.850; 35.450
Areal 58,7 km²
Folketal 18 346  (2007)
Folketettleik 313 / km²
Grunnlagd 9600 fvt.
 - grunnlagd 1 1994
Borgarmeister Hassan Saleh

Jeriko
31°51′22″N 35°27′47″E / 31.856111111111°N 35.463055555556°E / 31.856111111111; 35.463055555556
Jeriko
Jeriko
Wiki Commons: Jericho
Nettstad: www.jericho-city.org

Arkeologar har avdekt funn frå meir enn 20 etterfølgjande busetjingar i Jeriko, den første er datert til å vere 11 000 år gammal (kring 9000 fvt.), nesten til byrjinga av holocen-epoken i historia til jorda.

Jeriko er skildra i Bibelen som «Palmebyen». Det finst mange kjelder i og kring byen som har trekt til seg menneske i tusenvis av år.

Etymologi

Ein trur at namnet kjem frå det kaananittiske ordet Reaẖ («duftande»), men ein alternativ teori meiner at det kjem frå ordet som tyder «måne» (Yareaẖ) på kananittisk, eller namnet på måneguden Yarikh, sidan byen var eit tidleg senter for dyrking av denne guddommen.

Det arabiske namnet til Jeriko, ʼArīḥā, tyder «duftande» og kjem frå det same kaananittiske ordet Reaẖ, med same tyding som på hebraisk.

Historie

Sjølv om det er omstridd, er det hevda at Jeriko kan vere den eldste, kontinuerleg busette byen i verda, og han er òg den eldste byen ein kjenner til med bymur i verda.

Oldtida

Natufiske jeger-samlarar kring 10 000 fvt.

Ein har funne spor etter busetjing ved Jeriko som går attende til kring 10 000 fvt. I yngre dryas var det kaldt og tørt og det var ikkje mogeleg med permanente busetjingar på ein enkel stad. Kjeldene kring det som skulle bli Jeriko var ein populær leirstad for natufiske jeger-samlarar, som etterlet seg mange små steinreiskap. Kring 9600 fvt. var tørken og kulda under yngre dryas over, og det var mogeleg for dei natufiske gruppene å bli lenger på kvar stad, slik at dei etter kvart busette seg her permanent.

Før-keramisk yngre steinalder, kring 9600 fvt.

Jeriko 
Flyfoto av Jeriko som syner ruinane av Tell es-Sultan
Jeriko 
Tufter har kome til syne ved Tell es-Sultan i Jeriko
Jeriko 
Keramikk frå Yarmuk-kulturen med fiskebeindekorasjon.

Den første permanente busetnaden i Jeriko utvikla seg nær Ein as-Sultan-kjelda mellom 10 000 og 9000 fvt. Etter kvart som verda vart varmare, oppstod det ein ny kultur som baserte seg på jordbruk og fastbuande bustader, som arkeologar har kalla «før-keramisk yngre steinalder A» (forkorta som PPNA). PPNA-landsbyar er karakteriserte med små, sirkelforma bustader, og dei gravla dei døde under golvet på bygningane, var avhengig av å jakte ville dyr, dyrka korn og brukte ikkje keramikk. I Jeriko vart dei sirkelforma bygningane bygde med leire og strå som tørka i sola, og som så vart kleba saman med leirmørtel. Kvart hus var kring fem meter i diameter, og hadde buskas smurt inn med leire som tak. Eldstadane var både inne og ute.

Kring 9400 fvt. hadde byen meir enn 70 slike bygningar. Estimat på folketalet varierer frå to-tre tusen til to-tre hundre. Det mest påfallande er at denne tidlege byen hadde ein massiv steinmur, som var over 3,6 m høg og 1,8 meter brei ved foten. Innafor denne muren stod eit tårn som var over 3,6 m høgt, med ein indre trappeoppgang på 22 steinsteg. Ein har ikkje oppdaga ein slik mur og eit slikt tårn tidlegare i menneskeheita, og det ville ha teke hundre mann meir enn hundre dagar å bygge. Muren kan ha vore eit vern mot flaumvatn, medan tårnet kan ha blitt brukt til seremoniar.

Etter eit par hundreår vart den første busetnaden fråflytta. Ein andre busetnad, grunnlagd kring 6800 fvt., kan ha vore grunnlagd av eit invaderande folk som absorberte dei opphavlege innbyggjarane i den dominerande kulturen sin. Frå denne perioden har ein mellom anna funne ti gipsa hovudskallar, der dei individuelle andletstrekka er måla på. Desse representerer anten husgudar eller dei første portretta i kunsthistorien, og ein trur at dei vart plasserte i heimane til folk, medan lekamane vart gravlagde.

Fleire busetjingar følgde etter kvarandre frå 4500 fvt. og frametter, og den største vart bygd i 2600 fvt.

Bronsealderen

Jeriko var kontinuerleg busett frå mellombronsealderen. Han vart øydelagd seint i bronsealderen, og etter dette tente han ikkje lenger som eit urbant senter. Byen var omgjeve av omfattande forsvarsmurar, forsterka med firkanta tårn, og ein omfattande gravplass med vertikale sjaktgraver og underjordiske gravkammer. Dei flotte gravoffera i somme av desse syner at det dukka opp lokale kongar.

Det var òg i denne perioden det bibelske slaget ved Jeriko fann stad.

Jernalderen

Tel es-Sultan var ikkje busett frå slutten av 1400- til 900- eller 800-talet fvt, då byen vart bygd opp att. På 600-talet fvt. hadde han vorte ein stor by, men denne vart øydelagd under den babylonske erobringa av Juda seint på 500-talet fvt. og staden vart igjen utan folkesetnad gjennom den persiske og den hellenistiske tida.

Antikken

Jeriko 
Ruinar av Herodes-palasset.
Jeriko 
Romersk akvedukt nær Jeriko

Jeriko gjekk frå å vere eit administrativt senter i Yehud Medinata (Juda-provinsen) under persisk styre til å vere ein privat eigedom for Aleksander den store mellom 336 og 323 fvt., etter han erobra regionen. Midt på 100-talet fvt. var Jeriko ein del av riket til dei greske selevkidane, då den syriske general Bakkhides bygde fleire fort for å forsterke forsvaret av området kring Jeriko mot opprøret til makkabearane. Eit av desse forta, bygd ved inngangen til Wadi Qelt, vart seinare forsterka av Herodes den store, so kalla staden Kypros etter mor si.

Byen vart så styrt av hashmonearane, eit dynasti som var etterkomarar av ei prestegruppe (kohanim) frå Levi-stamma, etter makkabearopprøret enda med suksess. Dei hadde kontroll over området fram til Herodes tok over den hashemoneiske trona i Judea.

Herodes hadde opphavleg leigd Jeriko frå Kleopatra, etter at Marcus Antonius gav byen til ho som gåve. Etter det felles sjølvmordet deira i 30 fvt., tok Octavian kontroll over Romarriket og gav Herodes absolutt styre over Jeriko, som ein del av det nye domenet hans. Under Herodes vart det bygd ein hippodrom (Tel es-Samrat) for å underhalde gjestene hans, og ein ny akvedukt for å vatne området nedanfor klippene og fram til vinterpalasset hans ved Tulul al-Alaiq.

Det dramatiske mordet på Aristobulus III i eit symjebasseng i Jeriko, slik den romersk-jødiske historikaren Josefus skreiv det, fann stad under ein bankett organisert av svigermor til Herodes. Etter bygginga av palassa, fungerte ikkje byen berre som eit jordbrukssenter, men òg ein vinterbustad for aristokratiet i Jerusalem.

Herodes vart etterfølgd av sonen sin, Archelus, som bygde ein landsbyb like ved kalla opp etter hans jølv, Archelais, for å huse arbeidarar på daddelplantasjen hans. Strabon skildra Jeriko i det første hundreåret i Geografia som følgjer:

« Jeriko er ei slette omgjeve av eit fjellandskap, som på ein måte heller mot byen som i eit teater. Her er Phoenicon, som er blanda med alle slags oppdyrka og fruktbare tre, men hovudsakleg palmer. Han er 100 stadia lang og overalt er det vatn. Her er òg eit palass og Balsamparken. »

Gravkammer frå denne tida er hogde ut i klippene og ligg i den lågaste delen av klippenen mellom Nuseib al-Aweishireh og Jebel Quruntul i Jeriko og vart nytta mellom 100 fvt. og 68 evt.

Jeriko 
Jesus lækjar ein blind mann i Jeriko, El Greco

I dei kristne Evangelia står det at Jesus reiste gjennom Jeriko, der han lækja ein or two blind tiggar og inspirerte ein lokal skatteinnkrevjar kalla Zakkeus om å gjere bot for dei uærlege metodane sine. Vegen mellom Jerusalem og Jeriko er åstad for Parabelen om den gode samaritanen.

Etter Jerusalem fall for hæren til Vespasian under Det store opprøret i Judea i 70 evt., vart Jeriko raskt mindre viktig, og i 100 evt. var han berre ein liten romersk garnisonsby. Det vart bygd ei borg her i 130 og han spelte ei rolle i å stoppe Bar Kochba-opprøret i 133. Soger frå Jeriko av ein kristen pilegrim er gjeven i 333. Kort tid etter vart det oppbygde området i byen fråflytta og ein bysantinsk Jeriko, Erikha, vart bygd 1,5 km lenger mot aust, kring staden der den moderne byen ligg. Kristendomen tok over i byen i bysantinsk tid og området vart tett folkesett. Det vart bygd fleire kloster og kyrkjer, inkludert St. Georg av Koziba i 340 evt. og ei kyrkj med kuppel tileigna St. Eliseus. Det vart òg bygd minst to synagoger på 500-talet. Klostera vart fråflytta etter den persiske invasjonen i 614.

Den arabiske kalifattida

Jeriko 
Arabisk omajade-mosaikk frå Hisham-palasset i Jeriko.

Jeriko, som då vart kalla Ariha i ein arabisk variant, vart ein del av Jund Filastin (Palestina militærdistrikt), som var ein del av den større provinsen Bilad al-Sham. Den arabiske og muslimske historikaren Musa b. 'Uqba (d. 758) skreiv at kalifen Umar ibn al-Khattab sende jødar og kristen frå Khaybar i eksil til Jeriko (og Tayma).

I 659 kom distriktet under Mu'awiya sin kontroll, som grunnla Omajade-dynastiet. Det året øydela eit jordskjelv Jeriko. Eit tiår seinare vitja pilegrimen Arculf Jeriko og fann byen i ruinar, og alle dei jammerlege kaananittane var flytta til rønnebyar langs breidda av Daudehavet.

Den tiande omajade-kalifen, Hisham ibn Abd al-Malik, bygde eit palass kalla Khirbet al-Mafjar kring 1,5 km nord for Tell as-Sultan i 743, og to moskear, ein borgplass, mosaikk og andre ting som ein framleis kan sjå i dag, trass i at dei vart delvis øydelagde i eit jordskjelv i 747.

Omajade-styret enda i 750 og vart etterfølgd av dei arabiske kalifata til abbasidane og fatimidane. Irrigert jordbruk vart utvikla under det islamske styret, og Jeriko fekk igjen status som den frodige «Palmebyen». Al-Maqdisi, ein arabisk geograf, skreiv i 985 at, «vatnet i Jeriko er det mest verdsette og beste i heile islam. Her er mykje bananar, dadlar og blomar med god lukt.» Han omtalar òg Jeriko som ein av dei viktigaste byane i Jund Filastin.

Byen blømde fram til 1071 med invasjonen av seldsjukkane, etterfølgd av uroa under krosstoga.

Krossfararstyret

I 1179 bygde krossfararane oppatt Klosteret St. Georg av Koziba, ved den opphavlege staden, 10 km frå sentrum av byen. Dei bygde òg to nye kyrkjr og eit kloster tileigna Johannes døyparen, og dei innførte produksjon av sukkerrøyr i byen. I 1187 vart krossfararane drivne bort av ajjubide-styrkane til Saladin etter sigeren deira i slaget ved Hattin, og byen falma sakte hen.

Mamelukkane

Jeriko 
Kart frå 1300-talet av Jeriko i Farchi-Bibelen

I 1226 sa den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi om Jeriko, «han har mange palmetre, og store mengder sukkerrøyr, og bananar. Det beste sukkeret i heile Ghaur er laga her.» På 1300-talet skreiv Abu al-Fida at det var svovelgruver i Jeriko, «dei einaste i Palestina.»

Osmansk tid

Jeriko 
Postkort med Jeriko frå seint på 1800-talet eller tidleg på 1900-talet.
Jeriko 
Det gresk-ortodokse Freistingsklosteret oppom dagens Jeriko.

Dei siste åra av det osmanske styret, var Jeriko ein del av Jerusalem waqf og imerat. Landsbybuarane produserte indigo som ei viktig inntektskjelde, og nytta ein kjele som var spesiallaga for dette føremålet, lånt bort til dei av osmanske styresmakter i Jerusalem. Gjennom det meste av tida under osmanarane, var Jeriko ein liten landsby med bønder som ofte var utsett for åtak frå bediunar. Den franske reisande Laurent d'Arvieux skildra byen i 1659 som «no aude, og består berre av kring femti fattige hus i dårleg forfatning....Slette rundt er særs frodige, jorda er middels feit, men får vatn av fleire bekkar, som flyt ut i Jordan. Trass i desse fordelane er det berre hagane nærast byen som er oppdyrka.» På 1800-talet vitja ofte europeiske forskarar, arkeologar og misjonærar ofte staden. Den første utgravinga av Tell as-Sultan vart utført i 1867, og klostera St. Georg av Koziba og Johannes døyparen vart starta opp att og ferdig oppussa i høvesvis 1901 og 1904.

Moderne tid

Etter Det osmanske riket kollapsa mot slutten av den fyrste verdskrigen, kom Jeriko under styret til Palestinamandatet. Britane bygde festningsverk i Jeriko under andre verdskrigen med hjelp frå det jødiske selskapet Solel Boneh, og bruene vart rigga med eksplosiv i tilfelle ein mogeleg tysk invasjon.

I 1927 vart Jeriko og andre byar rundt hardt råka av jordskjelv. Kring 300 menneske mista livet.

Jeriko vart okkupert av Transjordan under den arabisk-israelske krigen i 1948. Jeriko-konferansen, organisert av kong Abdullah med over 2000 palestinske delegatar til stades, erklærte seg i 1948 som konge over Palestina og bad om ei samanslåing av Transjordan og Palestina i eit steg mot ein full arabisk samling. I midten av 1950 annekterte Jordan formelt Vestbreidda med Jeriko.

Jeriko vart okkupert av Israel under seksdagarskrigen i 1967 i lag med resten av Vestbreidda. Han vart først gjeven over til Den palestinske sjølvstyresmakta i høve Osloavtalen. Det avgrensa palestinske sjølvstyret i Jeriko starta 4. mai 1994. Byen er ein enklave i Jordandalen i det som er rekna som Område A på Vestbreidda, medan området rundt vert rekna som Område C under full israelsk militærkontroll. Fire vegsperringar ligg rundt enklaven og hindrar palestinske innbyggjarar i Jeriko å flytte seg rundt på Vestbreidda.

Som svar på den andre Intifada i 2001 og fleire sjølvmordsbomber vart Jeriko igjen okkupert av israelske soldatar. Ei to meter djup grøft vart grave kring store delar av byen for å kontrollere palestinsk trafikk til og frå Jeriko.

Den 14. mars 2006 sette det israelske forsvaret i gang Operasjon Bringing Home the Goods, der dei raida eit fengsel i Jeriko for å fange generalsekretæren i PFLP, Ahmad Sa'adat og fem andre fangar som var skulda for å ha myrda den israelske turistministeren Rehavam Zeevi.

Geografi

Jeriko 
Kabelvogn i Jeriko.

Jeriko ligg 258 meter under havnivå i ein oase i Wadi Qelt i Jordandalen. Den nærliggande kjelda Ein es-Sultan produserer 3,8 m3 vatn per minutt, og gjev vatn til eit 10 kvadratkilometer stort område gjennom fleire kanalar, som endar opp i Jordanelva, 10 km unna. Årsmiddelnedbøren er 160 mm, hovudsakleg mellom november og februar. Middeltemperaturen er 15 ºC i januar og 31 ºC i august.

Økonomi

Jeriko 
Marknadsplass i Jeriko, 1967.

I 1994 signerte Israel og palestinarane ein økonomisk avtale som gjorde at palestinarane i Jeriko kunne opne bankar, samle inn skatt og delta i eksport og import, som ei førebuing til sjølvstyre.

I 1998 vart det bygd eit kasino og hotell til 150 millionar dollar i Jeriko, med støtte frå [[Yasser Arafat]].

Ei av hovudnæringane til Jeriko er kristen turisme. Ei kabelvogn tar kristne pilegrimar opp høgda til Freistingsfjellet, som har eit gresk-ortodoks kloster med flott utsyn over regionen. I 2010 vart Jeriko, som ligg nær Daudehavet, rekna som det mest populære turistmålet til palestinske turistar.

Jordbruk er ei anna viktig næring, og det veks mange bananlundar kring byen.

Idrett

Idrettslaget Hilal Areeha spelar fotball i førstedivisjonen på Vestbreidda. Dei spelar kampane sine på Jeriko internasjonale stadion som tar 15 000 innbyggjarar.

Jeriko 
Panorama av Jeriko

Venskapsbyar

Jeriko er venskapsby med:

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Jeriko EtymologiJeriko HistorieJeriko GeografiJeriko ØkonomiJeriko IdrettJeriko VenskapsbyarJeriko KjelderJeriko BakgrunnsstoffJerikoArabiskDei palestinske sjølvstyresmakteneHebraiskIsraelJeriko guvernementJordanelvaVestbreidda

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SovjetunionenIngvild KjerkolKim HaugenBlack SabbathHege TunaalDílesiPink FloydBiologisk ordenBlåmannGalileo GalileiEl NiñoListe over primtalISODet norske husIngrid Alexandra av NoregBergen kommuneMauser-rifle M98BaliBulgariaMorsdagzrbt6Det latinske alfabetetBrennverdiUSAMakrakómiHenrik WergelandLewis CapaldiMånenOblatSjakkAl-Bustan i OmanGoogleHar SedomSur i OmanYosef Wolde-MariamAutoritetsdataAvtaleAliártos-ThespiésGediminas KirkilasISO 8601MilanoESpesifikk varmekapasitetListe over norske nyordIsraelPandaHaakon Magnus av NoregMetroen i MoskvaGeologiJessica DigginsDen siste istidaAndre verdskrigenDen raude plassenBook of KellsNynorsk WikipediaSvake substantivFormannskapPer HenriksenMeterSkulemål i Nord-NoregAndalucíaNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»27-årsklubbenFilmserien Harry PotterEddadiktAldislampeGeijerSportsjournalistenes statuettJonas Gahr StøreSothøneDet kommunistiske manifestetGange-RolvØstfold fylkeHuaoraniarCanadaSilkeorm🡆 More