Jordan

(norsk: Jordan, jordansk)

المملكة الأردنية الهاشمية
(Al-Mamlakah al-Urduniyah al-Hashimiyah, Det hashimittiske kongeriket Jordan)

Det jordanske flagget Det jordanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «As-salam al-malaki al-urdoni»
Geografisk plassering av Jordan
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Amman
Styresett
Monarki
Abdullah II
Abdullah Ensour
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
89 342 km² (111.)
0,01 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
10 248 069 (97.)
114,7 /km² (91.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Storbritannia
25. mai 1946
Nasjonaldag 25. mai
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
82 990 mill. USD (85.)
13 000 USD (95.)
Valuta Jordansk dinar
Tidssone UTC +2
Telefonkode +962
Toppnivådomene .jo


Jordan (arabisk الأردن, al-Urdun), offisielt Det hashimittiske kongedømet Jordan (arabisk المملكة الأردنية الهاشمية, al-Mamlakah al-Urdunīyah al-Hāshimīyah) er eit arabisk kongedøme i Vest-Asia, ved austbreidda av Jordanelva. Det strekkjer seg inn i den historiske regionen Palestina. Jordan grensa til Saudi-Arabia i sør og aust, Irak i nordaust, Syria i nord, og Vestbreidda, Daudehavet og Israel i vest.

Kongedømet oppstod i samband med at Vest-Asia vart delt mellom Storbritannia og Frankrike etter fyrste verdskrigen. I 1946 vart Jordan ein sjølvstendig, suveren stat, offisielt kalla Det hashimittiske kongedømet Transjordan. Etter at Vestbreidda vart erobra under den arabisk-israelske krigen i 1948, tok Abdullah I tittelen konge av Jordan og Palestina. Namnet på staten vart endra til Det hashimittiske kongedømet Jordan den 1. desember 1948.

Sjølv om Jordan er eit konstitusjonelt monarki, har kongen vid utøvande og lovgjevande makt. Jordan er klassifisert som eit land med «middels menneskeleg livskvalitet» av Human Development Report frå 2011, og ein vekstmarknad med den tredje friaste økonomien i Vest-Asia og Nord-Afrika (32. friaste i verda). Jordan har ein økonomi i det «øvre sjiktet av middels». Jordan har hatt «høgare status» hos Den europeiske unionen sidan desember 2010, og er medlem av Euro-Middelhavet frihandelsområde. Landet var òg med å starte Den arabiske ligaen og Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC).

Historie

Jordan 
Den romerske ovale piazzaen i oldtidsbyen Jerash.

I antikken var dagens Jordan heimstad for fleire semittiske og kanaanittisk-talande kongedøme, som kongedøma Edom, Moab, Ammon, Israel og amalekittane. Til forskjellige tider av historia har regionen og nasjonane her vore underlagt mektige, utanlandske rike som Det akkadiske riket (2335-2193 fvt.), Det gamle Egypt (1400- til 1200-talet fvt.), Det hittitiske riket (1300- og 1200-talet fvt.), Det mellom-assyriske riket (1365-1020 fvt.), Det ny-assyriske riket (911-605 fvt.), Det ny-babylonske riket (604-539 fvt.) og akkamenidane (539-332 fvt.) og innimellom israelittane. Mesha-stelen skildra stordomen til kongane av Moab og sigrane deira over israelittane og andre nasjonar. Kongedøma Ammon og Moab er nemnde på oldtidskart, i skriftlege kjelder frå Det nære Austen, gamle gresk-romersk lekamar, og kristne og jødiske religiøse skrifter.

Transjordan i oldtida

På grunn av den strategiske plasseringa midt i den gamle verda, vart Transjordan kontrollert av oldtidsrika til persarane og seinare makedonske grekarar, som vart den dominerande makta i regionen, etter erobringane til Aleksander den store. Det fall seinare under det hellenistisk Selevkideriket frå nord og partianarane frå aust.

Det arameisk-talande Nabateiske kongedømet var ein av dei mest framtredande statane i regionen i midten av antikken, etter at selevkidane mista kontroll over regionen i 168 fvt. Nabatearane var mest truleg eit folk som var ei blanding av aramearar, kanaanittar og arabarar, som tidleg vart påverka av hellenistisk og partiansk kultur, og skapte eit unikt sivilisert samfunn, som vandra langs vegane i ørkenane. Dei kontrollerte regionale og internasjonale handelsruter i den gamle verda då dei dominerte eit stort område sørvest for Den fruktbare halvmånen, som omfatta heile det moderne Jordan i tillegg til den sørlege delen av Syria i nord og den nordlege delen av Den arabiske halvøya i sør. Nabatearane utvikla eit alfabtet, ein etterkomar etter det arameiske alfabetet, som vart ført vidare til danning av arabisk skriftsystem på 300-talet evt.. Språket deira var opphavleg arameisk (eit vestsemittisk språk), men vart blanda med sørsemittisk arabisk då arabiske stammer flytta inn i Nabatea på 200- og 300-talet evt. Det fungerte som eit mellomledd mellom arameisk og klassisk arabisk, der sistnemnde utvikla seg til moderne arabisk.

Nabatearane vart i stor grad erobra av hashmoneiske herskarar i Judea og mange av dei tvang innbyggjarane til å konvertere til jødedom seint på 100-talet fvt. Men nabatearane klarte å oppretthalde eit slags delvis sjølvstendig kongedøme, som dekte det meste av dagens Jordan og lenger aust, før dei vart teken av styrkane til Herodes og omsider annektert av Romarriket i 106 evt. Utanom Petra, klarte romarane å halde dei fleste av oldtidsbyane i Transjordan velståande, og dei hadde eit slags sjølvstyre som bystat under ein paraply av alliansen Dekapolis. Den nabateiske sivilisasjon etterlet mange storslåtte arkeologiske stader som Petra, som i dag vert rekna som eit av dei sju nye underverka i tillegg til at han er ein verdsarvstad.

Etter at Romarriket oppretta Syria, vart landet ein del av det judeiske vasallkongedømet til Herodes, og seinare provinsen Judea. Då dei jødiske opprøra vart stoppa, vart austbreidda av Transjordan ein del av provinsen Syria Palaestina, medan dei austlege ørkenane hama under partiansk kontroll og seinare dei persiske sassanidane. Av dei delvis sjølvstendige bystatane i Transjordan som fall under Dekapolis finn ein Gerasa (Jerash), Filadelfia (Amman), Rafana (Abila), Dion (Capitolias), Gadara (Umm Qais), og Pella (Irbid).

Då Austromarriket var på hell, kom Transjordan under det kristne arabiske kongedømet til ghassanidane, som var alliert med Bysants. Den bysantinske staden Umm ar-Rasas er ein verdsarvstad.

Mellomalderen til fyrste verdskrigen

Sidan Transjordan ligg nær Damaskus, låg det på 600-talet midt i hjartet av det arabiske islamriket og nytte derfor godt av fleire hundreår med stabilitet og velstand, som var med på å prege den noverande arabisk-islamske identiteten. Forskjellige dynasti styrte kalifata som Rashidunriket, omajadane og abbasidane. Fleire kjelder syner til at abbasidane oppstod i Transjordan-området, før dei tok over riket til omajadane. Etter at abbasidane mista makta, vart området styrt av fleire stridande makter som mongolane, krossfararane, ajjubidane og mamelukkane fram til det vart ein del av Det osmanske riket i 1516.

Omajade-kalifane bygde fleire landlege gods som Qasr Mshatta, Qasr al Hallabat, Qasr Kharana, Qasr Tuba og Qasr Amra. Av borger som vart bygde seinare i mellomalderen finn ein mellom anna Ajloun, Al Karak og Qasr Azraq og desse var i bruk av ajjubidane, krossfarane og mamelukkane.

På 1000-talet gjekk Transjordan inn i ei ustabil tid og vart ei slagmark for krosstoga, som enda med å bli slått av ajjubidane. Jordan leid òg av fleire mongolske åtak som vart stogga av mamelukkane.

I 1516 vart Transjordan ein del av Det osmanske riket og vart verande så fram til 1918, då den hashimittiske armeen under det store arabiske opprøret tok over, og sikra dagens Jordan med hjelp og støtte frå lokale stammer i Transjordan.

Jordan 
Kavarli i det arabiske opprøret - stammer frå Jordan og Arabia, kring 1918.
Jordan 
Adygeisk (tsjerkessisk) ridekunst i Transjordan, april 1921.

Under fyrste verdskrigen kjempa stammer i Transjordan, i lag med andre stammer i regionane Hijaz, Tihamah og Levanten, i lag med den arabiske hæren under det store arabiske opprøret. Opprøret vart starta av hashimittane og leia av Sherif Hussein frå Mekka mot Det osmanske riket. Det fekk støtte frå dei allierte i fyrste verdskrigen. Historia om opprøret vart skriven av T.E. Lawrence som ung britisk offiser, fungerte som ein kontaktperson under opprøret. Han publiserte soga si i London i 1922 under tittelen Seven Pillars of Wisdom, som danna grunnlag for den ikoniske filmen Lawrence of Arabia.

Det store arabiske opprøret vart ein suksess og dei fleste territoria i Hijaz og Levanten fekk sjølvstende, inkludert regionen aust for Jordan. Men det klarte ikkje å bli internasjonalt anerkjend som ein sjølvstendig stat, hovudsakleg på grunn av den hemmelege Sykes–Picot-avtalen frå 1916 og Balfour-erklæringa frå 1917. Dette vart av hashimittane og arabarane sett på som eit brot på tidlegare avtalar med britane, inkludert McMahon–Hussein-korrespondansen i 1915, der britane sa seg villig til å anerkjenne sjølvstende til ein arabisk stat i Hijaz og Levanten. Ein kom likevel til eit kompromiss då emiratet Transjordan vart skapt, styrt av hashimittane.

Det britiske Transjordan-mandatet

I september 1922 anerkjende Folkeforbundet Transjordan som ein stat under Det britiske mandatet og Transjordan memorandum, og ekskluderte territoria aust for Jordanelva frå alle forskrifter i mandatet som omhandla jødisk busetnad. The Permanent Court of International Justice og International Court of Arbitration oppretta eit råd i Folkeforbundet som i 1925 avgjorde at det skulle opprettast både ein jødisk og ein arabisk stat i mandatområdet Palestina, og Transjordan skulle opprettast som ein ny stat etter Det osmanske riket slik det var definert i folkeretten. Landet vart verande under britisk tilsyn fram til 1946.

Jordan 
Arar (1897–1949), jordansk diktar.

Dei hashimittiske leiarane stod overfor mange vanskar då dei tok makta i regionen. Den mest alvorlege trugselen for stillinga til Emir Abdullah i Transjordan var stadige Wahhabi-åtak frå Najd og inn i sørlege område av territoriet hans. Emiren klarte ikkje å stoppe desse raida utan støtte, så britane opprettheldt ein militærbase, med ein liten RAF-styrke, ved Marka, nær Amman. Den britiske styrken hjelpte òg emiren (og sidan sultan Adwan) å stoppe lokale opprørarar ved Kura i 1921 og 1923.

Sjølvstende

Den 25. mai 1946 godkjende Dei sameinte nasjonane slutten av Det britiske mandatet og anerkjende Transjordan som eit sjølvstendig, suverent kongedøme. Parlamentet i Transjordan erklærte kong Abdullah som den første kongen sin.

Namnet vart endra frå Transjordan til Jordan i 1948. I følgje statsministeren Tewfik Abul Huda på den tida, vart namnet på kongedømet endra i 1946.

Etter krigen med Israel i 1948 okkuperte Jordan Vestbreidda og den 24. april 1950 annekterte Jordan formelt desse områda, noko som vart rekna som ulovleg og ugyldig av Den arabiske ligaen. Dette var eit ledd i ein «Stor-Syria-planen» til Jordan der dei ønskte å utvide områda sine, og som svar kravde Saudi-Arabia, Libanon, Syria og Egypt at Jordan skulle kastast ut av Den arabiske ligaen. Eit forslag om å kaste ut Jordan frå ligaen vart hindra av dissenterande stemmer frå Jemen og Irak. Den 12. juni 1950 erklærte Den arabiske ligaen at annekteringa var mellombels, eit praktisk tiltak og det at Jordan heldt området som ein «forvaltar» fram til ei framtidig avgjersle kom på bordet.

Den 20. juli 1951, då han drog frå al-Aqsa-moskéen i Jerusalem, vart Abdullah I myrda av Mustafa Ashu, ein palestinsk militant frå al-Jihad al-Muqaddas. Årsaka til attentatet var visstnok maktkampen om al-Husseini sin kontroll over Palestina, som Abdullah I hadde erklært var ein del av det hashimittiske kongedømet. Sjølv om Amin al-Husseini, den tidlegare stormuftien i Jerusalem, ikkje var direkte delaktig i attentatet, var Musa al-Husseini ein av seks som vart avretta av jordanske styresmakter etter attentatet.

Den 27. juli 1953 annonserte kong Hussein av Jordan at Aust-Jerusalem var «hovudstaden i det hashimittiske kongedømet» og skulle bli ein «viktig og udeleleg del» av Jordan. I 1957 avslutta Jordan den engelsk-jordanske avtalen, eit år etter at kongen fjerna britane som tente i den jordanske hæren. Dette gjorde at Jordan fekk full suvernitet som ein fulstendig, sjølvstendig nasjon.

Jordan 
Feltmarskalk Habis Al-Majali og tidlegare statsminister Wasfi Al-Tal.

I juni 1967, etter å ha signert ei militær pakt med Egypt månaden før, gjekk Jordan i lag med Egypt, Syria og Irak inn i seksdagarskrigen mot Israel. Han enda med israelsk siger og Israel erobra Vestbreidda. Etter krigen følgde ei rekkj opprør og mange palestinske paramilitære element (fedayeen) i Jordan. Desse særeigne, væpna, militære gruppene var i ferd med å bli ein «stat i staten», og truga Jordan sin rettsregel. Styrkane til kong Hussein vendte seg mot fedayeen og det braut open kamp i juni 1970. Slaget der palestinske krigarar frå forskjellige grupper i Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO) vart kasta ut av Jordan vert ofte kalla Svart september.

Dei kraftigaste kampane skjedde nord i Jordan og Amman, då ein syrisk stridsvognstyrke invaderte det nordlege Jordan for å støtte fedayeen, men dei trekte seg raskt attende. Kong Hussein bad så USA og Storbritannia å gå inn mot Syria. Israel utførte fleire skinnåtak frå lufta mot syriske troppar etter amerikanarane hadde bede dei om det. Kort tid etter gav den syriske presidenten Nureddin al-Atassi om ei rask tilbaketrekking frå jordansk jord. Innan 22. september, møttest arabiske utanriksministrar i Kairo og arrangerte ein våpenkvile som byrja dagen etter. Sporadiske valdshandlingar fortsette likevel fram til dei jordanske styrkane, leia av Habis Al-Majali, klarte å drive ut fedayeen i juli 1971 med hjelp av irakiske styrkar.

I 1973 gjekk styrkar frå Den arabiske ligaen til åtak på Israel i Jom kippúr-krigen og kampane skjedde langs våpenkvilelinja frå 1967 langs Jordanelva. Jordan sendte ein brigade til Syria for å angripe israelske styrkar på syrisk land, men gjekk ikkje til åtak mot israelske styrkar frå jordansk territorium. Under Rabat-konferansen i 1974 var Jordan no i ein tryggare posisjon om å gå med på, i lag med resten av Den arabiske ligaen, at PLO var den «einaste legitime representanten for palestinarane», og sa dermed frå seg Jordan si rolle som representant på Vestbreidda.

Amman-avtalen 11. februar 1985 erklærte at PLO og Jordan skulle prøve å få til eit føreslått forbund mellom staten Jordan og ein palestinsk stat. I 1988 oppløyste Hussein det jordanske parlamentet og sa frå seg alle jordanske krav på Vestbreidda. PLO overtok ansvaret som den provisoriske regjeringa i Palestina og ein sjølvstendig start vart erklært.

Jordan 
Eit handtrykk mellom Hussein I av Jordan og Yitzhak Rabin, i lag med Bill Clinton, etter å ha signert den israelsk-jordanske fredsavtalen, 26. oktober 1994.

I 1991 gjekk Jordan med på å delta i direkte fredsforhandlingar med Israel på Madrid-konferansen, med USA og Sovjetunionen som meklarar. Avtalen avslutta fiendskapen med Israel og erklæringa som vart signert tredde i kraft den 25. juli 1994. Som følgje av dette vart den israelsk-jordanske fredsavtalen signert den 26. oktober 1994. Kong Hussein vart seinare æra då biletet hans dukka opp på israelske frimerke, for å ære det gode tilhøvet han oppretta med naboen sin. Etter at fredsavtalen vart signert, bidrog ikkje USA berre med hundrevis av millionar dollar i årleg bistand til Jordan, men let òg landet opprette ein frihandelssone der varer dei produserte kunne eksporterast til USA utan å betale den vanlege importtollen, så lenge ein prosentdel av materiala som vart brukte, var kjøpt i Israel.

Den siste store alvorlege hendinga i forholdet mellom Jordan og Israel, skjedde i september 1997, då israelske agentar skal ha kome seg inn i Jordan med hjelp av kanadiske pass og forgifta Khaled Meshal, ein leiar for Hamas. Israel gav motgift mot at dusinvis av politiske fangar, inkludert Sheikh Ahmed Yassin, vart sleppte fri.

Jordan 
Kong Abdullah II vitjar Washington, D.C. med dronning Rania, 6. mars 2007.

Då faren Hussein døydde, vart Abdullah konge den 7. februar 1999. Hussein hadde nyleg kalla han kronprins den 24. januar, og erstatta bror til Hussein Hassan, som var kronprins i mange år. Abdullah er kalla opp etter kong Abdullah I, oldefaren hans og grunnleggjaren av dagens Jordan.

Økonomien til Jordan har betra seg kraftig etter Abdullah tok over trona i 1999. Han har fått æra for å auke investeringa i utlandet, betra forholda mellom offentlege og private føretak og danna grunnlaget for Akaba sin frihandelssone og den blømande informasjons- og kommunikasjonsteknologi-sektoren (IKT) i Jordan. Han har òg oppretta fem andre økonomiske spesialsoner: Irbid, Ajloun, Mafraq, Ma'an og Daudehavet. Som følgje av desse reformene, har den økonomiske veksten til Jordan dobla seg til 6 % i året under styret til kong Abdullah, samanlikna med siste halvdel av 1990-åra. Fleire land i Vesten og rundt Persiabukta har stadig investert meir i landet. Han forhandla òg ein frihandelsavtale med USA, som var den tredje frihandelsavtalen til USA og den første med eit arabisk land.

Då parlamentet var suspendert mellom 2001 og 2003, såg ein omfanget av makta til kong Abdullah II, då han vedtok 110 midlertidige lover. To av desse lovene omhandla val og vart kritisert for å ha ein effekt som redusert makta til parlamentet. I 2005 uttrykte kong Abdullah at han hadde intensjonar om å gjere Jordan til eit demokratisk land. Så lang har den demokratiske utviklinga vore avgrensa, og monarkiet har framleis det meste av makta, medan dei allierte av monarkiet dominerer parlamentet. Det vart halde val i november 2010.

I februar 2011 erstatta kong Abdullah statsministeren sin og danna ein nasjonal dialogkommisjon med reformmandat, etter uro i landet og regionen. Kongen bad den nye statsministeren om «ta raske, konkrete og praktiske steg for å starte ein genuin politisk reformprosess», «å styrke demokratiet» og gje jordanarane «det verdige livet dei fortente.» Kongen bad om «augneblikkleg revidering» av lovene som styrte politikk og offentleg fridom. Dei første rapportane indikerer at dette har starta langsamt og at fleire «fundamentale rettar» framleis ikkje er på plass.

Geografi

Jordan 
Akababukta er kalla opp etter den historiske hamnebyen Akaba.

Jordan ligg i Asia mellom breiddegradene 29° og 34° N, og lengdegradene 35° og 40° E (eit lite område ligg vest for 35°). Det består av eit tørt platå i aust, som får vatn av oasar og periodiske elvar, med eit høgland i vest med dyrkbar mark og eviggrøn middelhavsskog .

Jordandalen ved Jordanelva skil Jordan frå Israel og Dei palestinsk territoria. Det høgaste punktet i landet er Jabal Umm al Dami på 1854 meter over havet. Toppen er ofte dekt av snø. Det lågaste punktet er Daudehavet, 420 meter under havnivå. Jorda er ein del av regionen som vert rekna som «vogga til sivilisasjonen» i Levanten og Den fruktbare halvmånen.

Av store byar finn ein hovudstaden Amman og Salt i vest, Irbid, Jerash og Zarqa i nordvest og Madaba, Karak og Akaba i sørvest. Av store byar aust i landet finne in oasebyen Azraq og Ruwaished.

Klima

Sjølv om Jordan ligg mindre enn 150 km får Middelhavet har landet eit tørt klima. Berre dei vestlege åssidene får noko særleg nedbør, enkelte stader så mykje som 800 mm i året, men enkelte regnbyger streifar innom dei austlege ørkenområda eit par gongar kvar vinter. Som i nabolandet Israel, kan dei nordvestlege høgdedraga få episodar med snøfall om vinteren. Sommaren er solrik og tørr over heile landet, og ubønnhørleg varme kan spreie seg vestover frå ørkenområda med ein vind kalla khamsin. Amman har ein årleg nedbørsnormal på 278 mm, men berre 10 av desse kjem i mai og oktober, og ingenting frå juni til september.

Både temperaturen og fukta aukar når ein nærmar seg raudehavskysten. Her finn ein område som ligg meir enn 350 m under havnivå. Langs kystlinja, og i Riftdalen, som går nordover frå Raudehavet og sørover til Al Aqabah, kan sommarvarmen vere brutal. Temperaturen går sjeldan under 26 °C med høg relativ fukt om natta. Dagtemperaturen ligg normalt over 35 °C, men kan godt gå over 45 °C i juli og august. Dalen kan òg få høge temperaturar om vinteren, men som regel er det meir behageleg her då.

Politikk og styre

Sjølv om Jordan er eit konstitusjonelt monarki, har kongen stor utøvande og lovgjevande makt. Han tener som statsoverhovud og øvstkommanderande og vel sjølv den utøvande greina som består av statsminister, regjeringa og regionale guvernørar. Den noverande monarken er Abdullah II.

Parlamentet i Jordan består av to kammer: Representanthuset (Majlis an-Nuwāb) og Senatet (Majlis al-'Aayan). Dei 150 medlemmane i huset vert demokratisk vald frå 12 valkrinsar, men dei 75 medlemmane av Senatet vert direkte utpeikte av kongen. Kvinneandelen i representanthuset er 15 seter. 108 seter vert valde frå valkrinsane, medan dei gjenverande 27 setene vert valde gjennom ein proporsjonal representasjon av landomfattande partilister.

Kong Abdullah II overtok etter far sin Hussein, då han døydde i februar 1999. Abdullah stadfesta raskt den israelsk-jordanske fredsavtalen og tilhøvet til USA. Det første året han hadde makta fokuserte han på økonomiske reformer.

Jordan har fleire parti. Dei forskjellige politiske partia har mindre enn ein femtedel av setene, medan resten går til sjølvstendige politikarar. Ein ny lov i juli 2012 plasserte dei politiske partia under domsmakta til innanriksdepartementet og forbaud parti basert på religion.

Det siste jordanske parlamentsvalet vart halde den 23. januar 2013. På grunn av tidlegare valjuks, har kritikarar av styresmaktene avvist vala som noko kosmetisk. Det muslimske brorskapet og protestnettverket kalla Hirak boikotta valet.

Rett

Jordan 
Ei politikvinne i Amman.

Det jordanske rettsystemet kjem frå sjaria og ein osmansk-egyptisk form av napoleonsk lov. Han har òg blitt påverka av stammetradisjonar.

Den høgaste domstolane er Kassasjonsretten, etterfølgd av Ankeretten. Dei lågare domstolane er delte inn i sivile domstolar og sjariadomstolar. Sivile domstolar har domsmakt over kriminalsaker og sivile saker, medan sjariadomstolane har domsmakt over personleg status for muslimar, inkludert ekteskap, skilsmisse og arv. Parallelle domstolar tar seg av slike saker for ikkje-muslimar. Sjaria-domstolane har òg domsmakt over saker som omhandlar dei islamske waqf-ane. I saker som der partane kjem frå forskjellige religionar, har dei vanlege domstolane domsmakta.

Den jordanske grunnlova vart godteken den 11. januar 1952 og har blitt endra mange gonger.

Rettshandheving i Jordan er rangert på 24. plass i verda, og fjerdeplass i Midtausten, i høve pålitelege polititenester i rapporten til Global Competitiveness Report. Jordan er òg rangert på 13. plass i verda og 3. plass i Midtausten i forhold til førebygging av organisert kriminalitet, noko som gjer det til eit av dei tryggaste landa i verda.

Utanrikspolitikk

Jordan følgjer ein pro-vestleg utanrikspolitikk og har tette band til USA og Storbritannia. Desse forholda vart øydelagde då Jordan heldt seg nøytral og opprettheldt samband med Irak under den første Gulfkrigen. Etter Gulfkrigen, har Jordan i stor grad gjenoppretta forholda til vestlege land gjennom å delta i fredsprosessar i Sørvest-Asia og styrke SN-sanksjonane mot Irak. Sambandet mellom Jordan og land kring Persiabukta har betra seg kraftig etter kong Hussein døydde i 1999.

Jordan er ein nøkkelalliert for USA og Storbritannia, og i lag med Egypt dei einaste to arabiske nasjonane som har signert fredsavtalar med Israel.

Jordan er ein del av Den europeiske unionen sitt Europeisk naboskapspolitikk (ENP) med mål om bringe EU og nabolanda tettare.

Forsvar

Jordan 
Jordanske soldatar i ein militærparade i Amman.

Det jordanske forsvaret har sterk støtte frå USA, Storbritannia og Frankrike. Dette kjem av den kritiske plasseringa mellom Israel, Vestbreidda, Syria, Irak og Saudi-Arabia, i tillegg til at det ligg nær Libanon og Egypt. Utviklinga av spesialoperasjonsstyrkar har vore særleg viktig, som har auka evna til at styrkane kan reagere raskt til trugslar mot nasjonal tryggleik, i tillegg til at dei trener opp spesialstyrkar frå regionen og utafor.

Kring 50 000 jordanske soldatar arbeider med Dei sameinte nasjonane i fredsbevarande oppdrag over heile verda. Desse soldatane yt alt frå Desse soldatane medverkar med alt frå militært forsvar, opplæring av lokalt politi, medisinsk hjelp, og veldedigheit. Jordan er rangert på tredjeplass internasjonalt når det gjeld å ta del i fredsbevarande SN-oppdrag.

Jordan har sendt fleire feltsjukehus til konfliktområde og område som er råka av naturkatastrofar verda over, som i Irak, Vestbreidda, Libanon, Afghanistan, Haiti, Indonesia, Kongo, Liberia, Etiopia, Eritrea, Sierra Leone og Pakistan. Dei jordanske feltsjukehusa gav hjelp til meir enn ein million menneske i Irak, kring ein million på Vestbreidda og 55 000 i Libanon. I følgje forsvaret er det jordanske fredsbevarande styrkar i Asia, Afrika, Europa og Latin-Amerika. Feltsjukehuset til den jordanske hæren i Afghanistan har sidan 2002 gjeve assistanse til kring 750 000 personar og har i stor grad redusert lidinga til folk i desse områda der sjukehuset opererer. For somme oppdrag vart det sagt at den jordanske kontingenten var den nest største. Jordan har òg gjeve omfattande opplæring av tryggingsstyrkar i Irak, Dei palestinske territoria, og GCC.

Administrativ inndeling

Jordan er delt inn i 12 provinsar kjend som guvernement, som igjen er delt inn i 54 departement eller distrikt kalla nawahi.

Nr. Guvernement Adm. by
Jordan 
Guvernement i Jordan.
1 Irbid Irbid
2 Ajloun Ajloun
3 Jerash Jerash
4 Mafraq Mafraq
5 Balqa Salt
6 Amman Amman
7 Zarqa Zarqa
8 Madaba Madaba
9 Karak Al Karak
10 Tafilah Tafilah
11 Ma'an Ma'an
12 Akaba Akaba

Menneskerettar

På den arabiske demokrati-indeksen frå Arab Reform Initiative, vart Jordan rangert øvst av 15 arabiske land ut frå demokratiske reformer.

Sivil fridom og politiske rettar gav høvesvis skåren 5 og 6 i rapporten til Freedom House, der 1 er mest fri og 7 er minst fri. Dette gav Jordan status som «ikkje fri». Jordan vart rangert føre seks, bak fire og same som åtte land i Midtausten og Nord-Afrika.

Jordan vart rangert som det sjette av 19 land i Midtausten og Nord-Afrika og 50. av 178 land verda over i 2010 når det gjeld Corruption Perceptions Index (CPI) gjeve ut av Transparency International. Jordan sin skår i 2010 var 4,7 på ein skala frå 0 (svært korrupt) til 10 (svært rein). Jordan ratifiserte SN-konvensjonen mot korrupsjon (UNCAC) i februar 2005 og har vore ein regional leiar i tiltak for å fremje UNCAC og motarbeide korrupsjon.

Økonomi

Jordan 
Grafisk skildring av vareksporten til Jordan i 28 fargekoda kategoriar.

Jordan er av Verdsbanken klassifisert som eit land i «øvre middelsjiktet» når det kjem til økonomi. Økonomien har vokse med i snitt 4,3 % per år sidan 2005. Kring 13 % av innbyggjarane lever på mindre enn US$ 3 kvar dag.

BNP per innbyggjar steig med 351 % i 1970-åra, og minka med 30 % i 1980-åra, før det steig med 36 % i 1990-åra. Jordan har ein frihandelsavtale med Tyrkia. Jordan har òg ein høgare status hos EU.

Den jordanske økonomien er basert på mangelfull tilgang på vatn, olje og andre naturressursar. Andre utfordringar er høgt budsjettunderskot, høg uteståande offentleg gjeld, høge nivå av fattigdom og arbeidsløyse. Arbeidsløysa i 2012 var nominelt kring 13 %, men er av mange analytikarar rekna for å vere ein fjerdedel av arbeidsaktive. For ungdomar er arbeidsløysa nesten 30 %. Jordan har få naturressursar og ein liten industribase. Korrupsjon er eit særleg problem og brune av wasta er omfattande. Jordan lid òg av forskarflukt av dei mest talentfulle arbeidarane. Bidrag frå jordanarar som arbeider i utlandet er ei stor kjelde for utanlandsk valuta.

På grunn av langsam innanlandsk vekst, høge energi og næringssubsidiar og ein oppblåst arbeidsstyrke i offentleg sektor, har Jordan vanlegvis årlege budsjettunderskot. Desse vert delvis motverka av internasjonal bistand.

Økonomien til Jordan er relativt mangfaldig. Handel og finans står i lag for nær ein tredjedel av BNP; samferdsle og kommunikasjon, elektrisitetsverk og anleggsverksemd for ein femtedel, og gruveverksemd og produksjon står for nesten det same. Trass i planar om å auke privat sektor, er staten den dominerande krafta i jordansk økonomi. Regjeringa tilset mellom ein tredjedel og to tredjedelar av alle arbeidstakarar.

I 2000 vart Jordan med i Verdas handelsorganisasjon og signerte ein frihandelsavtale med USA. I 2001 signerte Jordan ein assosieringsavtale med Den europeiske unionen.

Netto official development assistance til Jordan i 2009 var i alt USD 761 millionar.

Den store nedgangen og uroa skapt av den arabiske våren har hemma veksten i det jordanske bruttonasjonalproduktet, påverka eksportbaserte sektorar, anleggsverksemd og turisme. Talet på turistar har falle kraftig sidan 2011, og råka ei viktig inntektskjelde og arbeidsplassar.

I eit forsøk på å roe misnøya i landet, lovde regjeringa i 2011 å halde energi- og matprisane kunstig låge, medan dei auka løn og pensjon i offentleg sektor. Den jordanske økonomien har òg blitt råka av ei rekkje åtak på naturgassrøyrleidningar i Egypt, noko som har gjort at dei må erstatte gassen med dyrare tungolje for å generere elektrisitet. Ein måtte ha $500 millionar for å dekke drivstoffmangelen.

I august 2012 gjekk Det internasjonale pengefondet med på å gje Jordan eit treårig lån på to milliardar dollar. Som ein del av avtalen var det venta at Jordan skulle kutte ned på utgiftene. I november 2012 kutta rejgeringa ned på subsidiar på brensel, og auka prisen. Som følgje av dette braut det ut store demonstrasjonar over heile landet, og prisauken vart fjerna.

Utanlandsgjelda til Jordan var i 2012 på 22 milliardar dollar, noko som er 72 % av BNP.

Den offisielle valutaen i Jordan er jordansk dinar.

Naturressursar

Jordan 
Eit fosfat-tog ved Ram stasjon.

Fosfatgruver i sør har gjort Jordan til ein av dei største produsentane og eksportørane av dette mineralet i verda. Fosfata vart først oppdaga av Amin Kamel Kawar i 1935 ved Russeifa.

Det er planlagt fire atomkraftverk, som etter planen skal lever elektrisitet frå 2019. Jordan har søkt godkjenning hos USA for å produsere kjernebrensel frå uranet sitt sidan 2010. I følgje Ha'aretz var svaret til USA det same som Israel gav, og begge avslo ønsket til Jordan.

Det vart oppdaga naturgass i Jordan i 1987. Den estimerte storleiken på reservane som vart oppdaga er kring 230 mrd. kubikkfot, som er ganske lite samanlikna med dei arabiske nabolanda. Risha-feltet i den austlege ørkenen nær grensa til Irak, produserer nesten 30 millionar kubikkfot gass per dag, som vert sendt til eit nærliggande gasskraftverk og produserr nesten 10% av elektrisitetsbehovet til Jordan.

Sjølv om landet ikkje har kommersielle førekomstar av råolje, har Jordan ein av dei rikaste førekomstane av oljeskifer i verda, og det er store mengder som kan kommersielt utvinnast i sentrale og nordlege regionar, vest i landet. Denne oljeskiferen ligg under 60 % av landarealet til Jordan. Fuktinnhaldet og oska i skiferen er ganske låg, og den samla varmeverdien er 7,5 megajoule/kg, og innhaldet av salvar når 9 % av vekta av det organiske innhaldet. Ein overgang til kraftverk basert på oljeskifer kan redusere energikostnadane i Jordan med minst 40-50 %, i følgje National Electric Power Company.

Turisme

Jordan 
Petra, eit av dei nye sju underverka.

Turisme står for kring 10-12% av BNP i 2006. I 2001 var det åtte millionar vitjande i Jordan. Resultatet var turistinntekter for 3,4 mrd. dollar, og 4,4 mrd. dollar om ein inkluderer medisinske turistar. Jordan kan tilby alt frå historiske og kulturelle stader i verdsklasse som Petra og Jerash til moderne underhaldning i byområda, hovudsakleg i Amman. I tillegg er det badestader ved Akaba og Daudehavet. Økoturistar har mange naturreservat å velje mellom, som Dana naturreservat. Religiøse turistar vitjar Nebo, døypestaden og mosaikkbyen Madaba.

Jordan har nattklubbar, diskotek og barar i Amman, Irbid, Akaba og mange 4 og 5 stjerners hotell. I tillegg er det strandklubbar ved Daudehavet og Akaba. Jordan var vertskap for Petra Prana Festival i 2007 som feira at Petra var blitt eit av dei nye sju underverka i verda.

Jordan 
Utgravde ruinar av Bethabara i Jordan, der ein trur Johannes døyparen heldt til.

Naturreservat i Jordan er mellom anna Dana biosfærereservat, Azraq våtmarksreservat, Shaumari dyrereservat og Mujib naturreservat.

Medisinsk turisme

Jordan har vore ein destinasjon for medisinsk turisme i Midtausten sidan 1970-åra. 250 000 pasientar frå 102 land fekk behandling i Jordan i 2010, samanlikna med 190 000 i 2007, og dette førte med seg inntekte på over 1 mrd. dollar. Det er den fremste medisinske turistdestinasjonen i regionen i følgje Verdsbanken og den femte i heile verda.

Samferdsle

Jordan 
Eit Royal Jordanian Airbus A310-300.

Som eit transittland for varer og tenester til Dei palestinske territoria og Irak, har Jordan ein godt utvikla infrastruktur for transport. Jordan er rangert på 35. plass i verda når det kjem til infrastruktur, eit av dei høgaste av utviklingslanda, i følgje World Economic Forum's Index of Economic Competitiveness.

I 2006 vart hamna i Akaba rangert som den beste containerhamna i Midtausten av Lloyd's List.

Jordan har tre kommersielle flyplassar, som alle har internasjonale flyruter. To ligg i Amman og den tredje i Akaba. Den største flyplassen i landet, som er knutepunkt for det nasjonale flyselskapet Royal Jordanian, er Queen Alia internasjonale lufthamn i Amman. Amman sivile flyplass var hovudflyplassen i landet før han vart erstatta av Queen Alia, men har framleis fleire regionale ruter. King Hussein internasjonale lufthamn tener Akaba med samband til Amman og fleire regionale og internasjonale byar.

Demografi

Jordan 
Graf som syner folketalet i Jordan, 1960–2005

Transjordan hadde eit folketal på 200 000 i 1920, 225 000 i 1922 go 400 000 i 1948. Nesten halvparten av folkesetnaden i 1922 (kring 103 000) var nomadar.

Jordan hadde to byar med meir enn 10 000 innbyggjarar i 1946: Amman (65 754) og Salt (14 479). Etter inntoget av palestinske flyktningar, auka folketalet i Amman til 108 412 i 1952, og både Irbid og Zarqa meir enn dobla folketal sine frå mindre enn 10 000 kvar til meir enn høvesvis 23 000 og 28 000.

Jordansk statistikkdepartement estimerte i 2011 at folketalet var 6 249 000. I 2009 var folketalet i Jordan noko over 6 300 000. Det var 946 000 hushaldningar i Jordan i 2004 med i snitt 5,3 personar/hushaldning.

Ein studie publisert av Luigi Luca Cavalli-Sforza avdekte at dei jordanske genane er nærare assyrarane enn alle andre nasjonar i Vest-Asia.

Språk

Det offisielle språket er moderne standardarabisk, eit skriftspråk som ein lærer på skulen. Morsmålet til dei fleste jordanarar er dialektar av jordansk arabisk, ein ikkje-standardisert versjon av arabisk med påverknad frå engelsk, fransk og tyrkisk.

Engelsk har ingen offisiell status, men vart snakka kring store delar av landet og er i røynda språket som vart nytta innan handel og bankverksemd. Nesten alle leksjonar på universitetsnivå vert haldne på engelsk.

Russisk, tsjerkessisk, armensk, tagalog, tamilsk og tsjetsjensk vert òg talt i somme miljø over det meste av landet.

Media i Jordan dreier seg ofte om engelsk, og mange britiske og amerikanske program og filmar vert vist på lokalt fjernsyn og kinoar. Egyptisk arabisk er særs populært og mange egyptiske filmar vert viste på kinoar over heile landet.

Det statseigde Jordan TV syner program og nyhende på arabisk, engelsk og fransk. Radio Jordan har program på standardarabisk, jordanske dialektar (uformelt), engelsk og fransk. For engelskspråklege filmar på kino er det omsetjingar både på fransk og standardarabisk.

Religion

Jordan 
Abu Darweesh-moskeen

Islam er offisiell religion og kring 92 % av folkesetnaden er muslimar. Sunniar utgjer størstedelen, medan livssynsnøytrale muslimar utgjer den nest største gruppa med 29 %. Det finst eit fåtal ahmadi-muslimar.

Jordan har lover som fremjer religionsfridom, men desse vernar ikkje alle minoritetsgruppene. Muslimar som konverterer til ein annan religion vert ofte sosialt og rettsleg diskriminert.

I følgje Legatum Prosperity Index går 46,2 % av jordanarane ofte til religiøse tenester i 2006.

Jordan har ein kristen minoritet. Kristne utgjorde opp mot 30 % av den jordanske folkesetnaden i 1950. Tradisjonelt har kristne hatt to postar i regjeringa. Den høgaste politiske stillinga ein kristen kan ha er visestatsminister under Marwan Muasher. Ein jordansk kristen kan derimot aldri bli statsminister eller kommandere væpna styrkar, men det finst kristne med høge stillingar i militæret og spesialstyrkane. Kristne har òg stor innverknad i media. I tillegg har kristne ni reserverte sete av 150 sete i Parlamentet. Kristne arabarar, godt hjelpt av vestleg-orientert utdanning og ofte gode språkkunnskapar, dominerer forretningar. Ein studie i 1987 av ein vestleg ambassade synte at nesten halvparten av dei leiande forretningsfamiliane i Jordan er kristne, og hovudsakleg palestinske kristne.

Andre religiøse minoritetar i Jordan er drusarar og bahaiar. Drusarane høyrer hovudsakleg til i den austlege oasebyen Azraq, somme landsbyar langs den syriske grensa og byen Zarqa, medan landsbyen Adassiyeh ved grensa til Jordandalen har eit bahaisamfunn.

Kultur

Jordan 
Mansaf, nasjonalretten i Jordan.

Sjølv om religion og tradisjon spelar ei viktig rolle i dagens moderne jordanske samfunn, så lever jordanarane relativt sekulært og vert i stadig større grad åverka av globalisering. Jordan vert rekna som eit av dei mest verdsvante landa i den arabiske verda. 67 % av jordansk ungdom reknar seg sjølv som liberale, det nest høgaste i den arabiske verda, etter Libanon.

I følgje Centre for Strategic Studies, støttar 52 % av jordanarane ein sekulær stat, der religionsutøving vert rekna som ei privatsak som må skiljast frå sosialt og politisk liv, 6 % av nøytrale til ein sekulær stat, medan 42% føretrekte at religion var ein del av det sosiale og politiske livet.

Kunst

Jordan nasjonalgalleri er eit stort moderne kunstmuseum som ligg i Amman i Jordan.

Populærkultur

Jordan importerer det meste av musikken, filmane og andre former for underhaldning frå andre land, og særleg andre arabiske land som Libanon og Egypt i tillegg til Vesten, hovudsakleg USA. Men det har i aukande grad òg kome til songar, musikk, kunst, film og fjernsyn frå heimlandet, sjølv om dei er i stort undertal i forholdet til det som vert importert frå utlandet. Jordansk musikk er i utvikling med mange nye musikarar og artistar, som no er populære i Midtausten, som songarane Toni Qattan og Hani Metwasi.

Media

Jordan er rangert som 141 av 196 land verda over når det gjeld fri presse, og har status som «ikkje fritt». Jordan har likevel den femte mest frie pressa av 19 land i Midtausten og Nord-Afrika. På pressefridomsindeksen til Reporters Without Borders var Jordan rangert som 120 av 178 land, og som nummer fem av 20 land i Midtausten og Nord-Afrika. Jordan fekk ein skår på 37 på ein skala frå 0 (mest fri) til 105 (minst fri).

Helse

Jordan er stolt av helsevesenet sitt, som er eit av dei beste i regionen. I følgje regjeringa brukte staten 7,5 % av bruttonasjonalproduktet på helse i 2002, medan internasjonale helseorganisasjonar meiner talet er høgare, kring 9,3 % av BNP. CIA World Factbook estimerer at forventa levealder i Jordan er 80,18 år, det nest høgaste i regionen etter Israel. WHO har eit langt lågare tal, berre 73,0 år for 2011. Det var 203 legar per 100 000 innbyggjarar i 2000–2004.

Helsevesenet i landet er delt mellom offentlege og private institusjonar. I den offentlege sektoren driv Helsedepartementet 1 245 primære helsesenter og 27 sjukehus, som står for 37 av alle sjukehussengene i landet. Det militære Royal Medical Services driv 11 sjukehus og står for 24 % av alle sengene, og Jordan universitetssjukehus står for 3 % av alle sengene i landet. Privat sektor står for dei resterande 36 % av sjukehussengene, fordelt på 56 sjukehus.

70 % av folkesetnaden har medisinsk forsikring.

Vatn og sanitæranlegg, som i 1950 berre var tilgjengeleg for 10 % av folkesetnaden, når i dag 99 % av jordanarane.

Utdanning

Jordan 
Medisinsk institutt JUST ved KAUH.

Lese- og skrivekunna for vaksne var i 2013 97 %. Det jordanske utdanningssystemet består av ein toårig syklus med førskuleutdanning, ti år med obligatorisk grunnutdanning, og to år med vidaregåande akademisk eller fagleg utdanning, før studentane må ha ein Tawjihi. UNESCO rangerte utdanningssystemet i Jordan på 18. plass av 94 nasjonar for å gje likestilling mellom kjønna innan utdanning. 20,5 % av dei totale utgiftene til staten går med til utdanning, samanlikna med 2,5 % i Tyrkia og 3,86 % i Syria.

Det finst 2 000 forskarar per million innbyggjar, samanlikna med 5 000 forskarar per million for landa øvst på lista. I følgje the Global Innovation Index 2011 har Jordan den tredje mest innovative økonomien i Midtausten, bak Qatar og Dei sameinte arabiske emirata.

Jordan har 10 offentlege universitet, 16 private universitet og 54 kommunale høgskular, av dette er 14 offentlege, 24 private og resten tilknytt det jordanske forsvaret, sivilforsvarsdepartementet, helsedepartementet og UNRWA. Over 200 000 jordanske studentar vert innrullert på universiteta kvart år. I tillegg søker 20 000 jordanarar høgare utdanning utanlands, hovudsakleg i USA og Storbritannia. Jordan har fleire internasjonale universitet, som Det tysk-jordanske universitet, Columbia universitet, NYIT, DePaul universitet og American University of Madaba.

I følgje Webometrics Ranking of World Universities, er det øvst rangerte universiteta i landet Jordan universitet (1 507. plass i verda), Yarmouk universitet (2 165. plass) og Jordan vitskaplege og teknologiske universitet (2 335. plass).

Når det gjeld Internett bidreg Jordan med meir innhald enn noko anna arabisk land, 75 % av alt arabisk innhald på nett.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Jordan  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Jordan
Jordan  Reiseguide for Jordan frå Wikivoyage

Tags:

Jordan HistorieJordan GeografiJordan KlimaJordan Politikk og styreJordan ØkonomiJordan DemografiJordan KulturJordan HelseJordan UtdanningJordan KjelderJordan BakgrunnsstoffJordan

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

RusslandAnagramHTMLHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottElisabeth TerlandUsbekistanLokeElbaDu FuDomenetapHar SedomTwitterEddadiktEli Kari GjengedalGrodagenSnaptunsteinenKarl XII av SverigeSkottlandDesta Marie BeederFreaks of Nature av KansasAtommodellNamnedagCamilla CollettNorrøntAkslaLundefuglBjorøyhavnAdei AdAlderspensjonPeter Wessel TordenskjoldDen gregorianske kalenderenSvartebokaSusanne SundførJohn P. HammondHerbert HooverBeltaneJordbruksrevolusjonenKaspihavetAksel SandemoseSpaniaKabaTromsø kommuneTenaza PeakNasjonaldyrEstragonBjørnAristotelesUrfolk22. aprilHalloKlima16. mai2019IltalehtiJa, vi elsker dette landetStrilVindenergiRagnhild BrochmannSkigardsviseHydrogencyanidPeter F. WolfKapitalismeEngavågenEselStorfeSirkelMotreformasjonParisChristianiaLouis PasteurJordskorpeplateKvikksølvAegis🡆 More