Yngre Dryas

Yngre dryas er ein klimaperiode, stundom kalla den store fryseperioden, i ein geologisk kort (1300 ± 70 år) periode med kalde klimatilhøve og tørke i perioden frå om lag 12 800 til 11 500 år sidan.

Ein trur yngre dryas-tida vart skapt då den nordamerikanske iskalotten kollapsa, men det finst òg andre motseiande teoriar.

Yngre Dryas
Tre temperaturregistreringar. Iskjernar frå Grønland (raudt) syner yngre dryas som ei hending kring 11 000 år sidan. Den vertikale aksen syner δ18O, som er eit mål på temperaturen.

Perioden følgde Bølling-Allerød interstadial mot slutten av pleistocen og før preboreal tidleg i holocen. Han er kalla opp etter den alpine tundrablomen Dryas octopetala.

Yngre dryas er òg ein klimaperiode hos Blytt-Sernander som ein finn i lag i nordeuropeiske torvmyrer. Klimaperioden er datert til 12 900 til 11 500 år sidan. Eldre dryas stadial kom før Allerød-stadialet, om lag 1000 år før yngre dryas, og varte 300 år.

Brå klimaendring

Under yngre dryas byrja isbreane å vende attende på høgare breiddegrader på den nordlege halvkula for mellom 12 900 og 11 500 år sidan og det stod i skrap kontrast til oppvarming i den føregåande smelteperioden. Ein trur at overgangsperiodane varte om lag eit tiår kvar,, men starten på perioden kan ha skjedd raskare. Iskjernar frå Grønland indikerer at temperaturen der var om lag 15 gradar kaldare enn i dag.. I Storbritannia har ein funne fossil som indikerer at den årlege middeltemperaturen var 5 grader kaldare der, og ein hadde periglasiale tilhøve i lågareliggande område, med isfelt og isbrear i høgareliggande strøk. Ein har ikkje sett ei slik rask og omfattande brå klimaendring sidan.

Globale effektar

I Vest-Europa og Grønland er yngre dryas ein veldefinert kald periode. Avkjølinga i det tropiske Nord-Atlanteren kan ha skjedd eit par hundre år tidlegare. Sør-Amerika har mindre spor av starten på perioden, men syner ei brå avslutning. The den antarktiske kalde reverseringa ser ut til å ha starta tusen år før yngre dryas, og har ikkje no klårt definert start eller slutt. Huybers hevdar det er spor på at yngre dryas ikkje skjedde i Antarktisk, New Zealand og delar av Oseania. Timinga av den tropiske motparten til yngre dryas - den klimatiske avisingsreverseringa (DCR) - er vanskeleg å datere sidan ein har mangelfulle iskjerneprøvar frå denne perioden på desse breiddegradene. Eit døme er iskjerneprøven frå Sajama i Bolivia, der timinga stemmer overeins med prøvar frå Grønland. Klimatilhøva i dei sentrale Andesfjella under DCT var signifikant og prega av eit skifte til mykje våtare, og truleg kaldare, vêr. Omfanget og den brå måten det skjedde på indikerer at klimaet på låge breiddegrader endra seg under yngre dryas/DCR.

I det vestlege Nord-Amerika er det truleg at effektane av yngre dryas var mindre intense enni Europa, men det er funnen spor etter fornya isbredanning som indikerer at det var nedkjøling nordvest i Stillehavet under yngre dryas.

Andre trekk ein har observert:

Årsaker

Den rådande teorien er at yngre dryas oppstod ved at den nordatlantiske sirkulasjonen, som sirkulerer varmt tropisk vatn nordover, tok imot store mengder ferskvatn frå Lake Agassiz og issmeltinga i Nord-Amerika. Ein har derimot få geologiske spor som beviser ei slik hending. Det globale klimaet globale klimaet ville då ha vorte låst i den nye tilstanden fram til frysing fjerna «ferskvasslokket» frå Nord-Atlanteren. Ein nyare, alternativ teori indikerer at jetstraumane i staden flytta seg nordover på grunn av endringar i det topografiske pådraget som smeltinga av den nordamerikanske iskalotten medførte. Dette førte til meir regn i Nord-Atlanteren som gjorde havoverflatevatnet ferskt nok til å stoppe den termohaline sirkulasjonen.

Tidlegare istidsavslutningar hadde ikkje ein yngre dryas-liknande hending, noko som indikerer at det var tilfeldige faktorar inne i biletet. Likevel er det spor på at somme tidlegare istider har hatt avkjølingsperiodar etter istida var over, liknande yngre dryas.

Slutten på klimaperioden

Målingar i oksygenisotopar frå iskjernene på Grønland indikerer at yngre dryas enda i løpet av berre 40-50 år i tre diskrete steg, som kvar varte fem år. Andre data, som støvkonsentrasjon og snøoppsamling, indikerer ein enno raskare overgang, som krev ei temperaturendring på 7 °C i løpet av berre nokre få år. Den totale oppvarminga var 10 +/- 4 grader.

Slutten av yngre dryas er datert til kring 11 550 år sidan.

Effekt på jordbruket

Yngre dryas er ofte knytt til oppstarten av jordbruk i Levanten. Det er hevda at den kalde og tørre perioden senka bereevna i området og tvinga det fastbuande natufifolket til å flytte meir på seg. Ytterlegare forverring av klimaet trur ein har ført til at dei byrja å dyrke korn. Sjølv om det er forholdsvis brei konsensus om rolla yngre dryas hadde for endringane hos natufiane, er tilknytinga til oppstarten av jordbruket omdiskutert.

Sjå òg

Kjelder

Tags:

Yngre Dryas Brå klimaendringYngre Dryas Globale effektarYngre Dryas ÅrsakerYngre Dryas Slutten på klimaperiodenYngre Dryas Effekt på jordbruketYngre Dryas Sjå ògYngre Dryas KjelderYngre DryasGeologisk periode

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

JordskorpeplateSoppRingdrottenGrevinnen og hovmesterenBrennverdiPikoSara SkjoldnesDet ukrainske alfabetetTorstein BaeHarry PotterAmazonaselvaHeradFemøringJesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars HeilageEuropaJohn IllsleyDen norske språkstridenJomfruMikroTommy RobinsonGåsLohengrin sjokoladeInformasjonsteknologiParisGeijerSandnessjøenBlandingOslo kommuneJerpeIrakBengaltigerØrsta kommuneSamfunnHaillHestehovNasjonaldrakt2006Pannemerke i hinduismenAlderspensjonSandveNordfjordeidRørvikPer HenriksenElectrolux AssistentFascismeBerlinblokaden24. aprilRagnar LodbrokHepatitt BFuruFranskVoss heradSoparAnne RimmenPer PaustBiologisk ordenMartha LeivestadKrutSagaen om IsfolketDet norske husLinn UllmannSkypeMauser-rifle M98HjuldyrOblatLivadiáTidslinje over norsk historieClement AttleeKristopher SchauItalienskKapp VerdeKopparMalignitetFylkesveg 62HundHenrik II av EnglandGudvangatunnelen🡆 More