Henrik Pontoppidan (24.
juli">24. juli 1857–21. august 1943) var ein dansk forfattar som i 1917 fekk Nobelprisen i litteratur i lag med Karl Gjellerup. Svenska Akademien gav Nobelprisen til Pontoppidan «för hans fullödiga framställningar av nutida danskt liv.»
Henrik Pontoppidan | |
Henrik Pontoppidan i 1917 | |
Pseudonym | Rusticus og Urbanus |
Nasjonalitet | Dansk |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 24. juli 1857 Fredericia |
Død | 21. august 1943 (86 år) |
Yrke | Forfattar |
Periode | Det moderne gjennombrotet |
Sjanger | prosa |
Far | Dines Pontoppidan |
Ektefelle | Mette Marie Hansen, Antoinette Kofoed |
Nettstad | http://www.henrikpontoppidan.dk/ |
Henrik Pontoppidan på Commons |
Pontoppidan (ei latinisering av Broby) kom frå ein familie av prestar. I 1863 flytta familien til Randers der faren fekk eit embete ved St. Mortens Kirke. Som eit opprør mot foreldra studerte Pontoppidan til ingeniør ved Polyteknisk Læreanstalt i København – lik helten i Lykke-Per. Han fullførte ikkje studiane og blei lærar ved folkehøgskolen til broren Morten. Frå 1881 levde han som fri forfattar. Pontoppidan blei gradvis blind og dauv, og var frå 1927 nesten heilt isolert frå omverda.
I yngre år skreiv Pontoppidan sterkt samfunnskritiske bøker og levde opp til Georg Brandes-parola «at sætte problemer under debat.» Seinare resignerte Pontoppidan politisk og konsentrerte seg om å svare på gåta «kven er eg?», til dømes i sjølvbiografien Undervejs til mig selv (1943).
Pontoppidan er en viktig representant for naturalismen i Danmark. Hovudtema i verka hans er motsetninga kultur-natur og by-land, og det kom tidleg fram ein sterk antipati mot «den lyriske forråtningsprosessen», det drøymande fantasteriet og den røyndomsframande fraseologien som han tykte samtida var kjenneteikna av. Dei naturalistisk usminka og pessimistiske skildringane hans vekte stor forarging i samtida, men gir eit særs omfattande bilde av Danmark på hans tid.
Dei tre romanane som til vanleg blir haldne for å vere dei viktigaste skreiv Pontoppidan frå 1890 til 1920. I desse verka skapte han ein dansk versjon av dei breie samfunnsskildrande romanane til Balzac og Zola. Sentrert kring ein helt målar Pontoppidan eit bilde av Danmark i ei tid prega av den konstitusjonelle kampen mellom dei konservative og dei liberale, den veksande industrialiseringa, dei kulturelle konfliktane og vaknande revolusjonære rørsler.
Årstala gjeld førsteutgåvene. Mange av verka er komne i nyutgåver, ofte kraftig omarbeida av Pontoppidan sjølv.
|
|
|
|
Pontoppidan fekk Statens Kunstfonds hædersydelse, livsvarig støtte, første gong i 1889, mista han i 1892 fordi han vart skulda for ein blasfemisk artikkel i Kjøbenhavns Børs-Tidende; ein omtale av romanen Messias av Viggo Stuckenberg, men fekk han att i 1893. Han fekk Det Anckerske Legat i 1890 og Otto Benzons Forfatterlegat i 1908. I 1918 blei han æresmedlem av Dansk Forfatterforening, i 1929 æresdoktor ved Lunds universitet og i 1933 utnemnd til æresborgar i Randers.
Da Pontoppidan vart 80 år i 1937 stifta Dansk Forfatterforening Henrik Pontoppidans Mindefonds Legat. Pontoppidan fekk Holberg-medaljen i 1941.
Lykke-Per, i åtte bind, 1898–1904, er teken opp i Danmarks kulturkanon.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Henrik Pontoppidan, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.