Fredericia er ein hamneby ved Lillebælt på Jylland i Danmark.
Byen har 40 814 ibuarar i 2021, og er administrasjonssenter i Fredericia kommune.
Fredericia | |||
by | |||
Land | Danmark | ||
---|---|---|---|
Folketal | 41 243 (1. januar 2023) | ||
Fredericia 55°33′52″N 9°45′35″E / 55.564444444444°N 9.7597222222222°E | |||
Wiki Commons: Fredericia | |||
Fredericia er ein industriby med mellom anna Danmarks største bryggeri (i Carlsberg-gruppa). Havsdjupna i Lillebælt er årsaka til at Fredericia hamn er Danmarks største godshamn. Jarnbane-stasjonen er eit sentralt punkt i «Trekantområdet Danmark», eit tett samarbeid mellom åtte kommunar i denne delen av Jylland. Fredericia har fleire museum.
Byen vart grunnlagt i 1649 då kong Fredrik III ville bygge ei festning for Jylland og trygge sambandet mellom Jylland og dei danske øyane. Bykjerna er innretta som festning og er prega av mange låge hus, kyrkjer utan tårn og rettvinkla gater. Fredericia fekk visse privilegium som trusfridom, asylrett og liknande. Så frå 1682 til 1849 var byen tilfluktsstad for religiøst forfylgde utlendingar, i særleg grad hugenottar og jødar. Festninga var lagt ned i 1909 og festningsområdet er i dag nasjonalt minnesmerke. Trinitatis kirke er frå 1689-90.
Fredericia er venskapsby med Kristiansund.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fredericia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.