Irak består av 19 guvernement (muḥāfażah på arabisk), òg kjend som «provinsar».
Den tidlegare presidenten Saddam Hussein delte inn landet i 18 guvernement i 1970-åra for å drive etnisk manipulering. Ein del av dei kurdiske områda i landet fekk sjølvstyre i 1970. I 2003, etter motstand frå kurdarar om deling av Kurdistan i guvernement, vart sjølvstyret til dei tre kurdiske provinsane i Irak stadfesta på ny i 2005 i den irakiske grunnlova. Denne heldt likevel mange andre store kurdiske område, som Kirkuk, Khanaqin, Sinjar og Mandali-Badra, utafor det det kurdiske sjølvstyreområdet. I 2014 vart det avgjort å opprette Halabja guvernement av Halabja-distriktet i Sulaymaniyah guvernement.
Den 21. januar 2014 godkjende ministerrådet i den irakiske regjeringa i prinsipelle forslag å skape fleire guvernement. Rådet annonserte to nye guvernement Tal Afar og Tuz Khurmatu skulle dannast av dei noverande Nineveh guvernement og Saladin guvernement. Det vart òg annonsert at byen Fallujah i Al Anbar guvernement skulle bli eit eige guvernement, som svar til eit sunniislamsk opprør i byen.
Guvernement | Postnummer | ISO-kode | Samla areal (km²) | Folketal (2011) | Hovudstad |
---|---|---|---|---|---|
Al Anbar | 31 | AN | 138 501 | 1 ,561 400 | Ramadi |
Babil | 51 | BB | 5 603 | 1 820 700 | Hillah |
Bagdad | 10 | BG | 204,2 | 7 055 200 | Bagdad |
Basra | 61 | BA | 19 070 | 2 532 000 | Basra |
Dhi Qar | 64 | DQ | 12 900 | 1 836 200 | Nasiriyah |
Al-Qādisiyyah | 58 | QA | 8 153 | 1 134 300 | Al Diwaniyah |
Diyala | 32 | DI | 17 685 | 1 443 200 | Baqubah |
Dohuk | 42 | DA | 6 553 | 1 128 700 | Dohuk |
Erbil | 44 | AR | 15 074 | 1 612 700 | Erbil |
Halabja | 46 | — | 3 060 | 337 000 | Halabja |
Karbala | 56 | KA | 5 034 | 1 066 600 | Karbala |
Kirkuk | 36 | KI | 9 679 | 1 395 600 | Kirkuk |
Maysan | 62 | MA | 16 072 | 971 400 | Amarah |
Muthanna | 66 | MU | 51 740 | 719 100 | Samawah |
Najaf | 54 | NA | 28 824 | 1 285 500 | Najaf |
Nineveh | 41 | NI | 37 323 | 3 270 400 | Mosul |
Saladin | 34 | SD | 24 751 | 1 408 200 | Tikrit |
Sulaymaniyah | 46 | SU | 17 023 | 1 878 800 | Sulaymaniyah |
Wasit | 52 | WA | 17 153 | 1 210 600 | Kut |
Guvernement | I dag del av |
---|---|
Mosul | Nineveh guvernement og Dohuk guvernement |
Diwaniya | Al-Qādisiyyah guvernement, Muthanna guvernement og Najaf guvernement |
Dulaim (–1962), Ramadi (1962–1976} | Al Anbar guvernement |
Muntafiq (–1976) | Dhi Qar guvernement |
Amara (–1976) | Maysan guvernement |
Kut (–1976) | Wasit guvernement |
Bagdad | Bagdad guvernement og Saladin guvernement |
Kikuk (–1976), At-Ta'mim (1976–2006) | Kirkuk guvernement |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Guvernement i Irak, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.