Najaf (arabisk اَلـنَّـجَـف) eller An Najaf Al Ashraf (arabisk النّجف الأشرف) er ein by sør i det sentrale Irak kring 160 km sør for Bagdad.
Folketalet var i 2013 estimert til kring éin million innbyggjarar. Han er hovudstad i Najaf guvernement. Najaf er ein av dei mest heilage stadene inna sjia-islam og senter for den politiske makta til sjiamuslimar i Irak. Byen ligg ved Eufrat, noko sør for Karbala og kring 130 km sør for Bagdad. I 2003 hadde han kring 563 000 innbyggjarar.
Najaf | |||
farsi نَجَف, an-Najaf, arabisk اَلـنَّـجَـف | |||
by | |||
Masjid al-Imam ‘Ali-moskeen, ein av dei viktigaste stadane i Najaf | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Najaf guvernement | ||
Høgd | 60 moh. | ||
Folketal | 1 389 500 (2014) | ||
Tidssone | UTC+3 | ||
Najaf 32°01′44″N 44°20′23″E / 32.028951°N 44.339621°E | |||
Wiki Commons: Najaf | |||
Najaf voks fram som valfartsstad for sjiamuslimar. I byen ligg Imam Ali-moskeen, der stiftaren av sjia-islam, Ali ibn Abi Talib (ca. 600–661), er gravlagd. I nærleiken ligg òg Wadi-us-salaam, fredsdalen, ein veldig gravplass som skal vera den største i den muslimske verda. Her er fleire profetar er lagt til kvile, og truande ønskjer framleis å bli gravlagd her, slik at dei kan stiga opp med imam Ali på dommedag.
Najaf skal ha blitt grunnlagd i 791 av abbasidekalifen Harun al-Rasjid. Etter kvart er han blitt fylt med skular, bibliotek og sufisenter slik at han blei den viktigaste byen for sjiittisk lærdom og teologi, på linje med Qom i Iran. Mange vidkjende teologar har studert her, til dømes Allameh Tabatabaei, Ayatollah Khomeini og Ayatollah Sistani.
Under det sunnidominerte styret til Saddam Hussein i Irak såg ein på byen med mistru, og det blei lagt band på dei religiøse aktivitetane til sjiamuslimar. Mot slutten av Gulfkrigen i 1991 braut det ut eit stort opprør som blei slege ned av det irakiske militæret.
Då amerikanske styrkar invaderte Irak i 2003 kringsette dei byen, men ønskt ikkje å gå inn i han, av frykt for å få sjiaane imot seg. Rundt ti dagar etter at Bagdad fall gav Najaf opp motstanden.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Najaf, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.