Babil guvernement eller provinsen Babylon (arabisk محافظة بابل Muḥāfaẓa Bābil) er eit guvernement sentralt i Irak.
Det har eit areal på 5 119 km² med eit estimert folketal på 1 651 565 innbyggjarar i 2002. Provinshovudstaden er byen Hillah, som ligg ovanfor oldtidsbyen Babylon (بابل) ved Eufrat.
Babil guvernement | |||
محافظة بابل | |||
guvernement | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 32°37′N 44°33′E / 32.617°N 44.550°E | ||
Hovudstad | Hillah | ||
Areal | 5 119 km² | ||
Folketal | 2 000 000 (2014) | ||
Babil guvernement 32°37′00″N 44°33′00″E / 32.616666666667°N 44.55°E | |||
| |||
Wiki Commons: Babylon Governorate | |||
Oldtidsbyen Babylon i dagens guvernement var hovudstad i det gamle Babylonia, og ligg ved Eufrat sør for Bagdad i Irak.
Byen var busett frå 2000-talet fvt., men vart mindre viktig på 1000-talet fvt. under kongane av det første dynastiet i Babylon. Den sjette kongen i dynastiet var Hammurabi (1792–1750 fvt.) som gjorde Babylon til hovudstad i eit enormt rike og er mest kjend for lovene sine.
Byen opplevde ei stordomstid under Nebukhadnezzar II (605–562 fvt.) då Det babylonske riket strekte seg over det meste av Vest-Asia.
I 1991 var Babil guvernement senteret for eit sjiaopprør.
Området er tørt til halvtørt med ein årsmiddelnedbør som varierer frå 50 til 200 mm.. Temperaturane om sommaren kan nå opp mot 50 °C, og vintrane er generelt milde.
Babil guvernement er delt inn i fire distrikt:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Babil guvernement, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.