Tikrit

Tikrit (arabisk تكريت, gammalsyrisk ܬܓܪܝܬ Tagriṯ), stundom skriven Takrit eller Tekrit, er ein by i Irak, 140 km nordvest for Bagdad og 220 km søraust for Mosul i Tigris.

Han er det administrative senteret i Saladin guvernement. I 2012 hadde byen kring 160 000 innbyggjarar.

Tikrit
تكريت
by
Tikrit
Nordover langs Tigris mot presidentpalasset til Saddam Hussein i april 2003
Land Tikrit Irak
Guvernement Salah ad Din
Høgd 137 moh.
Koordinatar 34°36′36″N 43°40′48″E / 34.61000°N 43.68000°E / 34.61000; 43.68000
Folketal 160 000  (2012)

Tikrit
34°36′00″N 43°41′00″E / 34.6°N 43.683333333333°E / 34.6; 43.683333333333
Wiki Commons: Tikrit

I nyare år har byen våre åstad for kampar mot Den islamske staten som kulminerte med det andre slaget ved Tikrit i mars og april 2015, som førte til at 28 000 sivile måtte flytte. Irakiske styresmakter fekk kontroll over byen att 31. mars 2015.

Historie

Første sikre skriftlege omtale av byen er frå Klaudios Ptolemaios (100-talet evt.), som kalla byen for Birtha. Birtha er enno i bruk, men om ein bydel der.

Ifølgje arabiske forfattarar vart byen grunnlagt av sassanide-kongen Shapur I (regjerte 240/42–270 e.Kr.). På folkemunne har byen det noverande namnet Tikrit etter ei kristen kvinne ved namn Takrit bint Wail.

Byen var tidleg eit viktig sentrum for kristne klostersamfunn. I det heile var det ein kristen arabisk by før islamiseringa av regionen. I 637 vart så Tikrit erobra for første gong av muslimske arabarar. Ikkje dess mindre vart byen verande kristen i tidligislamske tid. Tikrit var frå 300-talet eit jakobittisk bispesete. I 1155 smelta bispedømmet saman med bispedømmet Mosul. Det liturgiske språket til dei kristne var gammalsyrisk. Sjølv om byen ikkje spelte noko vesentleg historisk rolle, førte den enkelte kristne høglærde, mellom andre biskop Kyriakos som vart patriark av Antiokia, teologane Abu Zakariya Denha og Abu Raita, og omsetjaren Yahya ibn Adi.

I mellomalderen var Tikrit sete for maphrianen, i strukturen til den syrisk-ortodokse kyrkja ein metropolitt som stod like under patriarken.

På 1000-talet erobra seldsjukkane under Tughrul Beg byen. Frå 1149 tilhøyrde det Fyrstedømmet Arbil, men vart frå 1190 tilhøyrande den abbasidiske kalifen. Etter kalifane følgde seinare zengidane.

I 1137 kom her Saladin til verda; han var kurdisk og lengje i zengidisk teneste, og vart så seinare grunnlegg av riket til ajjubidane.

Han vart øydelagd under herjingane til Timur Lenk (1336–1405) og vart deretter verande ein uviktig stad i lang tid. På 1800-talet hadde han ikkje fleire enn 4000-5000 innbyggjarar.

På 1500-talet vart Tikrit osmansk og vart så verande til 1917, då den under første verdskrigen vart erobra av britane. Etter krigen vart den delen av det britiske mandatet Mesopotamia.

Klima

Byen har eit varmt ørkenklima (BWh).

Vêrdata for Tikrit i Irak
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 14,3 17,2 21,4 27,6 35 40,6 43,6 43,2 39,4 32,7 23,6 16,5 29,6
Døgnmiddeltemperatur °C 9,1 11,3 15,1 20,6 26,9 31,9 34,6 34,2 30,3 24,3 16,7 10,9 22,2
Gjennomsnittleg min °C 4 5,5 8,8 13,6 18,9 23,2 25,8 25,3 21,5 15,9 9,9 5,3 14,8
Gjennomsnittleg nedbør mm 28 29 30 20 7 0 0 0 0 5 24 37 180
Kjelde: Climate-Data.org (altitude: 109m)SunMap


Personar fødd i byen

Galleri

Kjelder

Litteratur

  • The Encyclopaedia of Islam. New Edition, Artikkel Takrīt av J.H. Kramers-[C.E. Bosworth]
  • J. M. Fiey: «Tagrit. Esquisse de l'histoire chrétienne», i: L'Orient Syrien 8 (1963) s. 289–342.

Tags:

Tikrit HistorieTikrit KlimaTikrit Personar fødd i byenTikrit GalleriTikrit KjelderTikrit LitteraturTikritArabiskBagdadGammalsyriskIrakMosulSaladin guvernementTigris

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Marian DrăgulescuStaphylococcus epidermidisKatarina II av RusslandÅrØrnEdderkoppar i kulturenGutzon BorglumIALA maritime bøyesystemRagnhild GulbrandsenJanne HolménTommeNordmannenAlbert EinsteinEgyptSpaniaBelgiaKaspihavetAlf-Inge HålandNasjonaldyrDigital object identifierLønnTonari no TotoroCaesareaAnne HoltWish You Were HereFilmjølkVenstrePauCanberraGrønlandFleetwood MacFargespekterPatentHollandAftonbladetListe over primtalBokormRussisk matSekulærBokmålSunnhordlandske ord og vendingarRumpeldunkDattatrejaISBNStålkamerateneBlue MoonNorske kommuneslagordHeinoFonnesLangemannBergenEselSpesifikk varmekapasitetDurgaNikolaus KopernikusRubjerg Knude FyrGud signe maten på vårt bordHauge i DalanePakistanSol InvictusDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenHOslo rådhusFrode GryttenEmma EllingsenGoogleTidsskriftet ForbesVinkelElvis PresleyJordskorpeplateHjørundfjordenAnne Rimmen«Tirpitz» i ÅsenfjordenGaldhøpiggenVik kommuneAlver kommune🡆 More