Gulhovudsilkefugl (Ptilogonys caudatus) er ein fugl i silkefuglfamilien som lever i fjella i Costa Rica og vestlege Panama, vanlegvis frå 1850 moh.
Gulhovudsilkefugl | |
Gulhovudsilkefugl Foto: Chris Jimenez | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Gulhovudsilkefugl | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Silkefuglar Ptilogonatidae |
Slekt: | Ptiliogonys |
Art: | Gulhovudsilkefugl P. caudatus |
Vitskapleg namn | |
Ptiliogonys caudatus Cabanis, 1861 |
opp til tregrensa.
Dette er ein trastestor sporvefugl som veg ca. 37 gram. Gulhovudsilkefuglen har slektskap til sidensvansar, og har mjuk, silkeaktig fjørdrakt slik som den gruppa.
Hannar av gulhovudsilkefuglar er 24 cm lange og har ei bleik grå panne. Resten av hovudet med fjørtopp, nakke, hals og nedre buk er gule. Oversida, nedre bryst og øvre buk er blågrå, og vengfjørene og den lange, spisse halen er svart. Dei ytre halefjørene er flekka med kvitt. Hoa er 21 cm lang og generelt mattare enn hannen, med ei mørkare grå panne, olivenfarga kropp og ein kortare, mindre iaugefallande svart hale. Ungfuglar er lik dei vaksne, men dei sentrale halefjørene er kortare og dei kvite flekkene på dei ytre halefjørene er meir utydelege. Denne arten beitar i små flokkar når han ikkje hekkar, fangar insekt eller tar små frukter, spesielt misteltein. Gulhovudsilkefuglar kviler ofte synlege på høge utsette kvistar. Songen frå gulhovudsilkefuglar er eit gjentatt tji-tjip.
Tilhaldsstadar for denne fuglen er fjellskog, der hekkande par bygger eit fint koppforma reir, 2-18 meter over bakken i eit tre. Nokon gonger hekkar dei i lause koloniar på 2 til 5 par. Hoa legg to brune og lilla-flekte grå egg, som blir ruga av hoa i 16-17 dagar. Ungane blir flygedyktige etter 24 til 25 dagar etter klekking, og blir mata av begge foreldra.
Denne arten er vert til den bitande lusa Brueelia ptilogonis.[treng kjelde]
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som livskraftig.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gulhovudsilkefugl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.