Misteltein

Misteltein (Viscum album) er ein parasittplante i mistelteinfamilien.

Misteltein
Misteltein
Misteltein
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Santalales
Familie: Sandeltrefamilien Santalaceae
Slekt: Viscum
Art: Misteltein V. album
Vitskapleg namn
Viscum album

Planten er ein gaffelgreina busk med motsette blad som er læraktige og vintergrøne. Han har små og gulgrøne blomar som høyrer til hann- eller hoplantar. Frukta er kvitlege, klebrige bær som blir spreidde med fuglar.

Misteltein
Blømande misteltein.
Misteltein
Misteltein i eit tre.
Misteltein
Nærbilde av misteltein på greiner.
Foto: David Monniaux

Misteltein veks vanlegvis innimellom greinane på ulike tre, i Mellom-Europa snyltar både på lauvtre og bartre, i Noreg berre på lauvtre, mest på lind og løn, sjeldnare på rogn, villapal og bjørk.

Planten snyltar på trea ved å senda rotliknande skot gjennom barken og inn i veden, og kan hemma voksteren av desse viss han vert stor.

Misteltein veks i visse avgrensa område i Noreg: Berre ved Oslofjorden, på Jeløya og på vestsida frå Sem til Horten og nordover til Hurumlandet. Misteltein er den planten som har vore freda lengst i Noreg. Planten vart freda i heile landet i 1956 og var den einaste freda planten i Noreg heilt fram til 1981. Før han vart freda, var misteltein svært populær som julepynt i Noreg.

Misteltein i kulturen

Ein har rekna misteltein som ein heilag plante sidan oldtida. Ein meinte han kunne bringa lukke og lækja sjukdommar. Han har vore brukt til pynt ved jul og nyttår fleire stader. I engelsktalande land finst til dømes skikken med å kyssa folk ein møter under ein opphengd mistelteinbunt.

I nordiske gudesagn var det ei pil av misteltentre som drap Balder. Planten var den einaste skapningen mor hans ikkje hadde bede om å skåna han.

Teikneseriane om Asterix speler på den gamle trua om krafta til planten, og druidar som Miraculix klatrar ofte opp i eiketre for å skjera misteltein med sigd.

Kjelder

«misteltein» i Store norske leksikon, snl.no.

    Referansar

Bakgrunnsstoff

Misteltein  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Misteltein

Tags:

Parasitt

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BergenSpektralklasseHallgeir BrendenFilmserien OlsenbandenBangladeshHeradErik ByeVerdas landWashington County i OregonBoksingMuflonEngerdal kommuneKjell Magne BondevikHenning MankellArgentinaIndonesiaElon Musk2021MIndiaTutankhamonOmanBosnia-HercegovinaÉdith PiafVulkanar i ItaliaProstitusjonSamvirkelagAleksandr TkatsjovBrad PittBrest i FrankrikeEuropaKapp VerdeMusikkgruppa ChipsPrins Harry, hertug av SussexInternettSkjærtorsdagBruttonasjonalproduktChristian Holberg Gran OlsenNetflixAndre verdskrigenSkirennaren Jo EggenFri programvareStorfugl1976Anders Kristiansen (1990- )Carl Philip av SverigeSeglvikFjodor DostojevskijNasjonaldyrMelhus kommuneÅttringLandegodeJacob ObrechtTrikktrakkKolahalvøyaMercury-Atlas 9JiddischNorske bistands- og utviklingsministrarDet indiske kastesystemetKattugleErik AndersenHovudtelefonNasjonaldagSlaget ved SvolderDet latinske alfabetetKnut Marius DjupvikAC/DC5. desemberAgnetha FältskogTyrkiaOle Gunnar Solskjær🡆 More