Grekarar

Grekarar (gresk Έλληνες, ˈelines) er ei folkegruppe frå Hellas, Kypros, kringliggjande område og utvandra grupper over heile verda.

Grekarar har hatt stor innverknad på vestleg kultur gjennom filosofi, kultur, mytologi og teologi frå antikken og mellomalderen.

Grekarar
Gravstelen til Philoxenos og Philoumene, eit gresk par frå Aten rundt 400 f.Kr.)

I oldtida viste namnet til ein gresk eller hellensk stamme i Vest-Hellas. Romarane og andre italiske folk nytta seinare nemninga om hellenarane generelt, og gjennom latinen er «grekarar» også i moderne språk blitt den vanlege nemninga på innbyggjarane i Hellas og etterkomarane deira.

Grekarar har historisk danna koloniar og greske samfunn i alle middelhavslanda, men har hatt hovudkonsetrasjonen sin ved Egearhavet og Det joniske havet. Her har ein tala gresk sidan bronsealderen.

Fram til byrjinga av 1900-talet budde grekarar spreidd overalt frå den greske halvøya til vestkysten av Anatolia, Pontus ved Svartehavet, Konstantinopel, Egypt, Kypros og Sør-Italia. Mange av desse områda var del av Austromarriket på 1000-talet, medan andre var grunnlagde som tidlegare greske koloniar.

Som følgje av Den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 fann det stad ei omfattande utveksling av innbyggjarar mellom Hellas og Tyrkia. Dei fleste grekarane frå Det osmanske riket/Tyrkia måtte no bu i det som no er staten Hellas eller på Kypros.

Utanom Hellas og Republikken Kypros bur det no større grupper grekarar i USA, Storbritannia, Tyskland, Australia, Canada og Albania.

Dei fleste grekarar er kristne tilknytte den gresk-ortodokse kyrkja.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

AntikkenFolkegruppeGreskHellasKyprosMellomalderen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ArtemisDonald DuckVegard UlvangUrfolkDanmarkIsaac NewtonIsRonja RøverdatterØrland kommuneFylkesveg 751Anders AuklandNasjonalbiblioteketHenrik II av EnglandSilje NordnesHaikuPhobos i gresk mytologiJonsokMaoismeIltalehtiDet indiske kastesystemetPedro I av BrasilDet britiske riksvåpenetØresundbruaMegawattSjakkAndAfrikaDen raude plassenValdresGrønGrunnstoffet tinnØEllipsoideTelemark fylkePetter SalstenSovjetunionenByar i HellasTonsillSamleieLundefuglUSAE-postHarald EiaVestlandetLike-til-likeJaroslav SakalaRepublikkKallífonoSophie ElisePannemerke i hinduismenKelvinKjerringa med stavenLarvik kommuneTríkalaJolene av Dolly PartonO helga nattNasjonaldagInsulinFolkestyreAegisVisentHepatitt C-virusEl NiñoFossekallMouzákiMuscat guvernementArjithéaBokfinkDet franske koloniriketNotfiskeChristiania🡆 More