(norsk: Kypros, kypriotisk)
Κυπριακή Δημοκρατία Kıbrıs Cumhuriyeti Republic of Cyprus | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Ýmnos pros tin Eleftherían» | ||||||
Motto | Ukjent | ||||||
Offisielle språk | Gresk, tyrkisk og engelsk | ||||||
Hovudstad | Levkosía (Nikosia) | ||||||
Styresett | Republikk Níkos Anastasiádis | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn | 9 251 km² (165.) Ubetydeleg | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik | 1 221 549 (157.) 132 /km² (68.) | ||||||
Sjølvstende - Dato | Frå Storbritannia 16. august 19601 | ||||||
Nasjonaldag | 1. oktober | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar | 27 260 mill. USD (129.) 33 300 USD (40.) | ||||||
Valuta | Euro | ||||||
Tidssone | UTC +2 | ||||||
Telefonkode | +357 | ||||||
Toppnivådomene | .cy | ||||||
1 Ikkje anerkjent av Tyrkia |
Republikken Kypros (gresk Κυπριακή Δημοκρατία Kypriakí Dimokratía, tyrkisk Kıbrıs Cumhuriyeti) er ein øystat aust i Middelhavet, 113 km sør for Tyrkia og rundt 12 mil vest for kysten til Syria. Sidan ein tyrkisk invasjon i 1974 har øya Kypros de facto vore delt i ein gresk og ein tyrkisk del, Republikken Kypros og Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Nord-Kypros er ikkje internasjonalt anerkjent av andre land enn Tyrkia. Kypros har vore medlem av EU sidan 2004.
Republikken Kypros utgjer dei sørlege to tredjedelane av øya Kypros. Landskapet i republikken består hovudsakleg av to område: Tróodosfjella i vest og sletta Mesaoría i aust. I Troodos ligg fjellet Ólymbos, som er det høgaste fjellet på øya med ei høgd på 1 952 meter. Den delte hovudstaden Levkosía ligg om lag midt på Mesaoríasletta.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Republikken Kypros, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.