Fotosyntese er ein biokjemisk prosess der planter, algar og nokre bakteriar utnyttar energien i sollyset til å produsere glukose av vatn og karbondioksid.
Fotosyntesen er den viktigaste kjemiske reaksjonen på kloden. Utan fotosyntesen kunne det ikkje ha vore liv på jorda slik vi kjenner det i dag. Ordet fotosyntese tyder 'å setje saman ved hjelp av lys'. Det er som regel sollyset som er drivkrafta i fotosyntesen, som føregår i kloroplastane i dei grøne blada.
Det finst mange variantar av fotosyntetiske prosessar som varierer mellom ulike artar. Likevel er det ein del element som går i gjen. Lys blir absorbert i klorofyllhaldige protein, fotosyntetiske reaksjonsentarar. Hjå plantar finn ein desse i kloroplasten, og hjå bakteriar finn ein dei i cellemembranen. Lysenergien blir brukt til å redusera vatn, og utnytta den frigjorte energien til å syntetisere ulike organiske samband slik som adenosintrifosfat (fotofosforylering) og glyseraldehyd 3-fosfat (calvinsyklus).
I fotosyntesen blir energien i lyset brukt til å gjere vatn og karbondioksid om til sukker og oksygen.
→
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fotosyntese, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.