Sukkulent

Sukkulentar (av latin succus, 'saftig') er plantar med utprega saftrike og tjukke stenglar eller blad.

Dei har fleire metodar for å lagra vatn, og er særskilt tilpassa periodar med tørke. Slike tørkeplanter eller xerofyttar veks særleg i steppeområde, halvørken og ørken.

Sukkulent
Ulike sukkulentar planta saman.

Sukkulentar er fleirårige, men blir aldri sterkt forveda. Cellevev som er rikt på vatn, dannar eut vassreservoar som planten kan bruka i tørketider. Dei fleste sukkulentar særmerker seg ved at spalteopningane deira er opne om natta og lukka om dagen. Dette gjer transpirasjonen og dermed vasstapet deira sterkt nedsett. Sukkulentar har også ei særskild form for fotosyntese. Gjennom dei opne spalteopningane tek dei opp karbondioksid om natta, og det blir danna mykje organisk syre (særleg eplesyre) i cellene. Når dei får lys avspaltar plantane så karbondioksiden frå syrene og assimilerar han på normal måte gjennom fotosyntese til sukker, stive og anna.

Sukkulent
Sedum morganianum er ein bladsukkulent med runda, kjøtfulle blad.
Sukkulent
Kaktus er stengelsukkulentar.

Ein deler gjerne sukkulentar inn i tre grupper:

  • Bladsukkulentar som er kjenneteikna av tjukke, saftrike blad, som aloe, agave, bergknapp, taklauk, Crassula , Echeveria og Kalanchoe.
  • Rotsukkulentar, som har sterkt oppsvulma rot, som asparges og Pachypodium. I staden for fullstendige blad kan dei ha piggar, tornar eller hår.
  • Stengelsukkulentar som har kjøtfulle stenglar, som kaktus, vortemjølkfamilien (Euphorbia).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

BladHalvørkenLatinPlanteStengelSteppeTørkeVatnXerofyttarØrken

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Den industrielle revolusjonenLatviaImbitubaNord-AmerikaNew OrleansVålerenga IshockeyPulitzerprisenTriduumHal LindesShine av Natália KellyFilmserien OlsenbandenThe Star-Spangled BannerHanamiBritiske monarkarFreddie MercuryDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenAtenCHOBA B CCCPØresundbruaNaruhito av JapanMetroland av Mark KnopflerKåre Magnus BerghHákarlTreriksrøysaDen romerske republikkenPedro I av BrasilListe over primtalTommeObeliskTuaregskjoldetFlåklypa Grand Prix1799FilmjølkChristian RingnesGet Lucky av Mark KnopflerLuhansk oblastFlash Gordon av QueenYour Latest TrickÆrfuglGrenadaRowan AtkinsonTysdagKnut Marius DjupvikElon MuskLourdesByar i HellasVåpenskjoldMedianGoogle ChromeNedbørWikimediaCecilia Payne-GaposchkinPink Floyd The WallHenny MoanAtomvåpenSkjærtorsdagLangfredagsfjære1993VierfamilienHardangerEugenio MontaleMelhusBergen kommuneOtto JespersenHTMLReinfjordMenneskeanatomiGraveugleKristian Fredrik av NoregJakob SandeRudolf MössbauerHotel Union ØyeIngrid Syrstad Engen1795Tsjerkasy oblastBorgarkrigen i USA🡆 More