Tørke er ein lengre periode der tilgangen til vatn er under dei statistiske behova for ein region.
Vanlegvis er tørke ein lengre periode med regnmengder under normalen, men kan òg vere tørre brønnar eller innsjøar. Kva som er normale nedbørsmengder varierer derimot frå region til region, og tørke oppstår i om lag alle klimasoner i vera. Konsekvensen av tørken kan derimot variere mykje frå område til område, avhengig av jordbruk og vassbehov.
Ein har fire grupper tørke:
Periodar med tørke kan ha stor innverknad på miljø, økonomi og sosiale forhold. Dei mest vanlege konsekvensane er:
Konsekvensen kan variere etter kven som vert råka. Ein sjølvberga bonde må kanskje flytte under tørkeperiodar fordi han kanskje ikkje har andre matkjelder. Folkegrupper som er avhengige av sjølvbergingsjordbruk er mest sårbare for tørke og svolt. Tørke er sjeldan den einaste årsaka til svolt. Sosialpolitiske faktorar, som utbreidd fattigdom, spelar òg ei stor rolle.
Tørke kan òg redusere vasskvaliteten fordi svake vasstraumar ikkje blandar ut forureining like godt.
Tre tørkar førte til at meir enn 100 000 mista livet. Desse tørkane førte til at mange flytta til stader som New England for å delta i kvalfangstindustrien
250 000 til 3,25 millionar døydde som følgje av tørke, svolt og sjukdom.
I Ukraina og Volgaområdet mista mellom 250 000 og 5 millionar menneske livet som følgje av svolt og tørke.
Svolt førte til at 3 millionar menneske mista livet.
Den verste tørken i moderne historie. 34 millionar bønder vart omplassert og 5 millionar menneske mista livet.
Tre tørkeperiodar desse åra dannar ein tidsperiode som vert kalla «The dust bowl». Sidan desse tørkeperiodane skjedde samtidig med den økonomikse depresjonen i USA, fekk den stor innverknad, og førte til at fleire område vart tømd for folk som ikkje lenger kunne leve av jordbruk. Desse folka vert kalla «Okies».
Den tørken var ikkje så alvorleg som den i 1936, men tok likevel livet av 2,5 millionar menneske. Sidan Kina var i krig med Japan på denne tida kan tørken ha vore indirekte årsaka til mange andre dødsfall.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tørke, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.