Ei lauvfellande plante er i botanikken ei plante som i ein periode av året feller blada sine og går inn i ei kviletilstand.
På norske breiddegrader skjer dette om hausten. Lauvfelling er ei tilpassing til økologiske tihøve der risikoen for energitap og uttørking overstig føremonane som ligg i å oppretthalde blada med fotosyntese. Lauvfellande planter skil seg frå eviggrøne planter som har blad året rundt.
Årsakene til at ei plante feller blada kan vere ulike:
Vinter med frosen jord inneber at vatn ikkje er tilgjengeleg for plantene, slik at vinteren i praksis er en tørkeperiode. Dette tyder at planter kan vere lauvfellande i varme og kalde strok av samme årsak, mangel på tilgjengeleg vatn.
Før lauvet fell vert klorofyllet i lauvet brote ned og viktige næringsstoff blir lagra i planta. Attende i blada blir dei øvrige fotosyntese-pigmenta som karotenoider og desse gir lauvtrea karakteristiske haustfargar.
Somme stoveplanter som normalt er eviggrøne, kan reagere med lauvfall dersom andingstapet overstig fotosyntesevinsten (i kombinasjonen stovevarme og svakt dagslys). Eit velkjent eksempel er bjørkefiken.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lauvfellande, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.