Fattigdom

Fattigdom viser til mangel på materielle gode eller livskvalitet.

Fattigdom
Mor og barna hennar i California under Den store depresjonen. Klede og omgjevnader gjev inntrykk av stor fattigdom.
Fattigdom
Ung mann ber om reisepengar i Shanghai.

Fattigdom kan definerast som mangelen av mogelegheit til å leve et liv som svarar til bestemte minimale krav. Desse krava kan vere svært ulike avhengig av tid og stad. Omgrepet fattigdom vert nytta om statar, land, administrative einingar, enkeltpersonar eller grupper av menneske.

Vi kan sjå fattigdom i fleire samanhengar. Vi har økonomiske fattigdom, som tyder å lide materiell nød, altså med mangel på pengar, materielle gode og ressursar. Vi har også den sosiale fattigdom, som tyder å vere sosialt ekskludert, men samtidig avhengig av samfunnet for å føre eit liv slik samfunnet forventar. Samfunnet forventar for eksempel at vi skal delta i samfunnslivet og å etablere familie. Når ein lever i fattigdom er det ikkje mogeleg å bestemme over eigen livssituasjon.

For å måle fattigdom kan ein nytte ei fattigdomsgrense. Har nokon inntekt under fattigdomsgrensa er dei fattige.

Korleis måle fattigdom

Ein har to mål for fattigdom, absolutt fattigdom og relativ fattigdom.

Absolutt fattigdom

Ved absolutt fattigdom, er fattigdomsgrensa det som trengst for å tilfredsstille basiskrav. Verdsbanken opererer med ei fattigdomsgrense på 1 dollar/dag (justert for kjøpekraftsparitet, altså i høve til prisar i samfunnet). Absolutt fattigdom inneber manglande tilfredsstilling av grunnleggjande basisbehov som mat, klede, husly og tilgang på grunnutdanning og primærhelseteneste. Dette er menneske som lever eit liv prega av naud og mangel på mogelege val.

Relativ fattigdom

Ved relativ fattigdom, er fattigdomsgrensa det som trengst for å leve eit anstendig liv samanlikna med andre menneske i same samfunn, for eksempel relativt til dei andre innbyggjarane i eit land. Relativ fattigdom er fattigdom sett i forhold til ei gruppe. Det er altså ikkje berre snakk om å overleve og å tilfredsstille grunnleggjande behov, men at levestandarden blir sett i forhold til det samfunnet ein lever i.

Fattigdomsgrensa i Noreg er ca. 88 000 kroner i året (i 2005) etter OECD-norma. Dette er 50 % av medianinntekta. Det er denne norma som vert nytta i Noreg). Etter EU-norma er fattigdomsgrensa i Noreg 127.000 kroner i året (år 2005) (60 % av medianinntekta).

Statens Institutt for Forbruksforskning (SIFO) seier at ein vaksen person bør klare seg på drygt 6 500 kroner i månaden (år 2006) for å leve på et rimeleg forbruksnivå. Med eit rimeleg forbruksnivå forstår ein eit forbruk som kan godtakast av folk flest. Buutgifter er ikkje rekna med.

Velferdsalliansen arbeider for økonomisk, sosialt og rettsleg vanskelegstilte i Noreg.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Fattigdom  Commons har multimedium som gjeld: Fattigdom

Tags:

Fattigdom Korleis måle fattigdomFattigdom Sjå ògFattigdom BakgrunnsstoffFattigdom

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

FolkestyreSigmaBokormUkrainaFranskOslo Øst fotballVersaillestraktatenForbundsrepublikkDonald TrumpNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Magnetisk feltstyrkeBoge i arkitekturenAegisJacob Tullin ThamsDiktPliktetikkBlåbærNyttårAdolf HitlerMusikkgruppa GåteHollandSki-VM 2019ForvandlingaHasardNasjonaldyrSovjetunionenCarl Philip av SverigeClaus JervellVoss heradKirunaHanumanHinduismenAlderspensjonNasjonaldraktGlimmerYuan-dynastietDet norske alfabetetEmma WatsonSamvirkelagVerkstadTønsberg kommuneBM-21JerpeRumpeldunkHavørnSionistTausDen austerrikske arvefølgjekrigenKommuneStomiThe Times of IndiaLike-til-likeEikefjordIndiaHenrik II av EnglandDet ukrainske alfabetetMesonPer SpelmannNato-alfabetetPlaneten MarsNazismeMegawattEyvind Johnson24. aprilDS «Iris» (1901)WattensNasjonalbiblioteketSvart kattTerje StrømdahlBergen kommuneBuskerud fylkeBukspyttkjertelenIltalehti🡆 More