Familie, av latin famulus 'tenar' var i romarretten ei nemning for personar som budde saman i eit hushald.
I nyare tyding er familien personar som deler hushald og som er bundne til kvarandre gjennom ekteskap, slektskap eller adopsjon.. I tillegg må vi i dag rekne dei som er knytt til hushaldet gjennom partnarskap eller sambuarskap som ein del av familien.
I Noreg kan ein skilje mellom kjernefamilien, som omfattar foreldra og barna deira, og storfamilien, som kan omfatte nærskylde personar over fleire generasjonar og som bur i lag t.d. på eit gardsbruk. Eit diffust omgrep som «storfamilie» kan og ha andre og vidare tydingar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Familie, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.