Drusarar

Drusarane eller druzarane er ei religiøs rørsle med opphav og hovudsakleg utbreiing i Midtausten.

Frå ein religionsvitskapleg ståstad har trua til drusarane opphav i islam, men ho er òg påverka av andre religionar og av gresk filosofi.

Drusarane er fyrst og fremst å finna i Libanon, Israel, Syria, Tyrkia og Jordan. Andre stader i verda finn ein mindre diasporasamfunn. Drusarane nyttar seg av arabisk og har kulturelt mange fellestrekk med andre arabarar i regionen. Dei fleste muslimar, og òg ein del av drusarane sjølve, reknar ikkje drusarane som ei muslimsk gruppe. Drusarane kallar seg sjølve Ahl al-Tawhīd eller al-muwahhidūn, 'monoteisme-folket'.

Opphav

Sjølv om det finst ulike teoriar og mytar om drusarane sitt opphav, som at dei skulle stamma frå krossfararane, tyder det meste på at drusisk tru voks ut frå Ismaili-islam, ei retning innan sjia-islam. Trua vert òg rekna å innehalda element frå neoplatonisisme, gnostisisme og andre esoteriske kristne rørsler, jødedom, samt iranske religionar.

Tidleg i det ellevte hundreåret skal al-Hakim bi-Amr Allah, den sjette kalifen i fatimid-dynastiet ha sagt seg sjølv å vera guddommeleg. Det var sterke messianske straumdrag i Ismaili-islam og al-Hakim sin visir, den persiske teologen Hamza ibn Ali ibn Ahmad al-Zuzani såg al-Hakim sin ein inkarnasjon av Gud. Muhammad al-Darazi vart send ut som misjonær, men fall i unåde og vart drepen etter å ha sett seg sjølv som spirituell leiar. Al-Darazi skal òg ha gjeve opphav til namnet drusar. Al-Hakim forsvann under mystiske omstende i 1021, moglegvis snikmyrda av systera. Drusarane trur at han vart teken opp i himmelen og at han ein dag skal venda attende og starta ein ny gullalder.

Drusisk tru

Sentrale prinsipp i drusarane sin religion er ærlegdom, å verna om bror sin, å respektera dei eldre, å hjelpe andre, å verga heimlandet, samt trua på éin Gud. Drusarane trur òg på menneskeleg reinkarnasjon. Dei godtek ikkje fleirgifte, tobakksrøyking, bruk av alkohol og reknar svinekjøt for ureint. Medan drusisk religion i prinsippet ikkje tillèt giftarmål med muslimar, jødar eller medlemer av andre religionar vert desse reglane ofte oversett i moderne tid.

Drusarane trur òg på fem kosmiske prinsipp, representert med fem fargar i den drusiske stjerna: intelligens / fornuft (grøn), sjel (raud), ord (gul), presedens (blå) og immanens (kvit). Desse fem dygdene tek form i fem ulike ander som stendig har vorte reinkarnert på jorda i form av profetar og filosofar, inkludert Adam, Pythagoras, Akhenaten og andre. Drusarane har stor respekt for Jethro, Moses sin svigerfar.

Drusarane er delt inn i uqqal (dei initierte) og djuhhal (dei ignorante). Kvinner vert rekna å ha særleg emne til å verta uqqal.

Nokre framståande drusarar

  • Fakhreddin II (1588-1635), herskar over dagens Libanon og delar av Syria, Israel og Tyrkia.
  • Kamal Jumblatt, grunnleggjar av det libanesiske Progressive Sosialistpartiet på midten av 1900-talet, og sonen hans Walid Jumblatt.
  • Salah Tarif, ein tidlegare kaptein i fallskjermtroppane og kavaleriet i IDF, medlem av den israelske nasjonalforsamlinga Knesset for Arbeidarpartiet og Israel sin fyrste ikkje-jødiske minister.
  • Ayoob Kara, medlem av Knesset for Likud.
  • Farid Al Atrash, musikar
  • Sultan Basha Elatrash, leiar av opprøret mot den franske okkupasjonen av Libanon og Syria i 1920-åra.

Kjelder

Tags:

Drusarar OpphavDrusarar Drusisk truDrusarar Nokre framståande drusararDrusarar KjelderDrusararIslamMidtausten

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Marlene StavrumErterInternasjonalenBerlinblokadenMrs. RobinsonAfrikaHTMLSki-VM 2019TeltKlima i CanadaNynorsk WikipediaLinda EideAlbert EinsteinEirik André SkredeGange-RolvLagerthaFranz LisztBergenRørvikAutoritetsdataMitoseAutoritærMagnetventilReaktiv effektOsloMadman Across the WaterAustraliaMarikkenValborgsmesseaftanHeidi Ruud EllingsenTroms fylkeVaginaGranadaKorinthíaNasjonaldraktTrípoli i HellasMolde kommuneA Whiter Shade of PaleHydrogencyanidNæringskjedeWienerklassisismenVerdas landTrønderskSamuel MassieAtombombene over Hiroshima og NagasakiBasilikaBokfinkMariann Vestbøstad MarthinsenFulpmesCanon EOS 250DFacesTidslinje over norsk historieChristiaan HuygensSomaliaFascismeWikipediaHimmelCreative CommonsHappy HumanHank LocklinGoogleAksel SandemoseApatosaurusDet ukrainske alfabetetFramtidsfylketEkvatorURLFrankrikeJa, vi elsker dette landetBjørnstjerne BjørnsonMohamed Ould GhazouaniDet nederlandske koloniriketNasjonaldagMellomalderenBarry Hay🡆 More