Knesset (hebraisk skrift כנסת, 'forsamling') er nasjonalforsamlinga i Israel. Ho held til i Givat Ram i Jerusalem. Knesset har eitt kammer med 120 medlemmer som blir valde for ein fireårsperiode. Ingen politiske parti har nokon gong hatt absolutt fleirtal i nasjonalforsamlinga.

Knessetbygningen i Jerusalem.

Historie

Knesset blei skipa på ein bakketopp i Sheikh Badr-distriktet vest i Jerusalem før Den israelske sjølvstendekrigen i 1948. Før det blei laga ein permanente bygning til forsamlinga hadde Knesset møtet i bygningane til Den jødiske agendaen i Jerusalem, Kessem kino-bygning i Tel Aviv og Froumine-bygningen i Jerusalem.

I 1957 meldte James A. de Rothschild at han ville støtta bygginga av ein permanent bygning som ei gåve til staten Israel. 14. oktober 1958 blei grunnsteinen for ein ny Knesset-bygning lagt ned på land leigd av den gresk-ortodokse kyrkja i Jerusalem.[1]Bygningen blei innvigd den 31. august 1966.

Ordførande leiarar i Knesset

NamnPeriodeParti
1. Josef Sprinzak19491959Mapai
2. Nahum Nir1959Adut Avoda
3.Kadish Luz195917. november 1969Mapai/
HaMa'arakh
4.Reuven Barkat17. november 19691972HaMa'arakh
5.Yisrael Yeshayahu19721977HaMa'arakh
6. Yitzhak Shamir19771980Likud
7.Yitzhak Berman198020. juli 1981Likud
8.Menachem Savidor20. juli 198113. august 1984Likud
9.Shlomo Hillel13. august 198421. november 1988HaMa'arakh
10.Dov Shilanskij21. november 198813. juli 1992Likud
11.Shevah Weiss13. juli 199217. juni 1996Avoda
12.Dan Tichon17. juni 19967. juni 1999Likud
13. Avraham Burg7. juni 199917. februar 2003Yisrael Akhat
14.Reuven Rivlin17. februar 200317. april 2006Likud
15 Dalia Itzik17. april 2006–idagKadima

Kjelder

Bakgrunnsstoff

This article uses material from the Wikipedia article Knesset, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.