Ikjøting eller inkarnasjon (frå latin carne, 'kjøt') kan visa til ei lekamleggjering av eit omgrep eller ei ånd.
I religiøs forstand er inkarnasjon at gudar tek form som menneske eller dyr på jorda. Jesus, Krisjna og til ein viss grad Bahaullah er døme på inkarnasjonar frå ulike religionar.
I mange kulturar har ein sett på herskaren som inkarnasjonen av ein guddom, til dømes faraoen i Egypt som ein inkarnasjon av solguden Ra. Egyptisk religion har også mange døme på inkarnasjon i form av dyr, som Apis-oksane som inkarnerte gudane Ptah og Osiris.
I hinduismen speler inkarnasjonar ei viktig rolle, særleg i læra om dei ti ulike avatarane til guden Visjnu. I tibetansk buddhisme meiner ein bodhisattvaen Avalokiteshvara blir inkarnet i Dalai Lama, og buddhaen Amitabha i Panchen Lama.
Og ordet vart kjøt og feste bu hjaa oss, og me skoda herlegdomen hans, ein sovoren herlegdom som ein einbaaren Son har fraa Far sin, full av naade og sanning. |
Inkarnasjonen er ei sentral lære innan kristendommen. Læra byggjer på kristologien til Paulus og Johannesevangeliet; (Fil. 2,5-11, Joh. 1,1-14): trua på at Guds son har blitt menneske (kjøt, lekam) og at Jesus Kristus derfor er både Gud og menneske. At Jesus var Gud vart fastslått på kyrkjemøtet i Nikea år 325; forholdet mellom det guddommelege og menneskelege vart fastsett på kyrkjemøta i Efesos 431 og Chalcedon i 451.
Inkarnasjonen er grunnleggande for kristendommens forståing av menneskets forhold til Gud. Gud vart menneske for at vi skulle bli guddommelege (Athanasius). Teologien rundt Kristi gjerning, hans liding, død og oppstode, er tufta på denne forståinga av inkarnasjonen.
«inkarnasjon» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Inkarnasjon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.