Det Kroatiske Flagget

Det kroatiske flagget er ein vassrett trikolor der dei tre like breie stripene har fargane raud, kvit og blå.

Det kroatiske riksvåpenet er avbilda midt på flagget. Dette gjer at det kroatiske skil seg frå det nederlandske flagget, som det elles er heilt likt.

Det Kroatiske Flagget
Det kroatiske nasjonalflagget. Storleikstilhøve 1:2
Det Kroatiske Flagget
Det kroatiske handelsflagget. Storleikstilhøve 2:3
Det Kroatiske Flagget
Det kroatiske orlogsflagget. Storleikstilhøve 2:3

Historie

Kroatia har brukt trikoloren i raudt, kvitt og blått sidan 1848, men med ulike merke i midten. Fargane er ofte rekna som panslaviske, og går att i mellom anna det serbiske og det russiske flagget, men er henta frå våpenskjolda til dei sentrale kroatiske områda: Raudt og kvitt frå kongeriket Kroatia og blått frå Dalmatia og [[{Slavonia]]. Desse områda høyrde til keisarriket Austerrike-Ungarn, og fekk ikkje ha eigne flagg, men kunne ha våpenskjold. Trikoloren blei offisielt forboden i Austerrike-Ungarn den 10. september 1852, men blei gjeninnført i 1860.

Kongeriket Kroatia og Slavonia nytta trikoloren med eit nytt våpenskjold fram til 1918, då Austerrike-Ungarn braut saman. Landet gjekk i union med Serbia i 1918, frå 1929 som kongeriket Jugoslavia. I førstninga blei det lagt preg på sentralisme i det nye landet, og det kroatiske flagget var ikkje tillate, men frå 1938, då områda fekk meir sjølvstende att, blei det teke i bruk. Banatet Kroatia leidd av Ustasja-partiet hadde både det sjakkruta våpenskjoldet, eit tradisjonelt flettemønster og ein U som merke. Etter andre verdskrigen, då Kroatia blei delstat i det kommunistiske Jugoslavia, blei merket på trikoloren ei raud stjerne. I samband med at Kroatia byrja arbeida for sjølvstende i 1990 blei stjerna bytta ut med det enkle kroatiske våpenskjoldet.

21. desember 1990 blei det noverande flagget vedteke. Den offisielle datoen for introduksjonen av flagget fann dermed stad rundt ti månader før Kroatia erklærte sjølvstende frå Jugoslavia. Trikoloren er den same som før, men våpenskjoldet i midten er endra ved at sjølve skjoldet har fått ei krone sett saman av fem våpenskjold for det gamle Kroatia, Dubrovnik, Dalmatia, Istria og Slavonia.

Til bruk på land er Kroatia sin trikolor i storleikstilhøvet 1:2. Han blir brukt slik både som nasjonalflagg og statsflagg. Til sjøs, som handelsflagg og statsflagg, er trikoloren kortare, i forholdet 2:3. Orlogsflagget er basert på nasjonalflagget i tilhøvet 2:3, men har to korslagte gule anker bak riksvåpenet.

Historiske flagg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Det Kroatiske Flagget HistorieDet Kroatiske Flagget Historiske flaggDet Kroatiske Flagget KjelderDet Kroatiske Flagget BakgrunnsstoffDet Kroatiske FlaggetDet nederlandske flaggetTrikolor

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BokstaveringsalfabetAndregradslikningByggCoca-ColaEmmanuel MacronNoahIngrid Alexandra av NoregMeter per sekundStewart CopelandStockholmHarry PotterLangfredagSløvågPalestinamandatetScrabbleØrsta kommuneCarles PuigdemontKlipperSekkenGeitetårnNaturgjødselDet britiske imperietUsbekistanJohann Sebastian BachRobin WilliamsUndergrunnsbanen i LondonKosmogoniGoogleBritisk rockMeisefamilienKåre Magnus BerghGammalkatolskFinnøyMichelle ObamaProfessor emeritusAmund Skiri26. marsJevgenij BeljajevKvigePete BestNitrogenBenito MussoliniSjukehusFiskebankeDen finske vinterkrigenBulgarsk geografiVakteleggEplemostInternettVaktlarHotel CaliforniaO helga nattKvadratrotDen normanniske erobringa av EnglandDeskátiTriasStord kommuneQueenTorKasusAn-MagrittLohengrin sjokoladeNils GaupGud signe maten på vårt bordFlaggRelativitetsteorienSalmaneDet norske alfabetetNynorskLen i SverigeNordland fylkeAudhumblaGjest BaardsenIALA maritime bøyesystemSkøyteløp under Vinter-OL 2018Filippo Turati🡆 More