Det russiske flagget er ein trikolor med like breie, horisontale felt i kvitt, blått og raudt.
Det var offisielt vedteke som statsflagg for Russland i 1991. Flagget har tidlegare vore brukt som koffardiflagg i det russiske keisardømet (1699–1918) og som sivilflagg til lands (1883–1914).
Under perioden 1858–1883 brukte Russland, etter inspirasjon frå austerriksk flaggbruk, eit flagg med fargar frå det dåverande keisarlege våpenet, som hadde ei svart ørn i felt av gull. I moderne tid har dette flagget vore brukt av russiske nasjonalistar.
Som unionsrepublikk i Sovjetunionen hadde Russland frå tidleg i 1950-åra eit flagg som bygde på det sovjetiske flagget – raud duk med gyllen hammar, sigd og stjerne – og med ei vertikal blå stripe inne ved stanga.
Det russiske orlogsflagget er kvitt med blå andreaskross.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det russiske flagget, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.