Status i verda: Nær truga
Dactylorhiza elata | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. elata | ||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza elata (Poir.) Soó | |||
Økologi | |||
Utbreiing: | Sørvestlege og vestlege Europa og nordvestlege Afrika |
Dactylorhiza elata er ei plante i med omdiskutert gyldigheit i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho veks ikkje i Noreg.
I Plants of the World Online er D. elata definert som ein eigen art utan underartar. Det same gjeld WFO – The World Flora Online. Tidlegare har ein operert med dei to underartane:
I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) har ein gått bort frå å definere denne som ein eigen art, men reknar han til kongsmarihand-gruppa D. majalis som underarten D. majalis ssp. sesquipedalis. Heile denne gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.
I Nederland er han framleis rekna som ein eigen art, lokalt representert ved underarten D. elata ssp. sesquipedalis (nederlandsk namn grote rietorchis).
Hovudutbreiinga for arten er dei vestlege Middelhavslanda i Europa og Afrika. Arten er registrert i Nederland med eit funn på 1980-talet heilt sør på kysten. Han er ikkje raudlistevurdert der.
I Nederland er det òg registrert eit funn frå 1980-talet av ein hybrid med stormarihand (Dactylorhiza elata ssp. sesquipedalis × praetermissa eller Dactylorhiza ×paridaeniana).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dactylorhiza elata, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.