Cogito, Ergo Sum

Cogito ergo sum (latin), på norsk eg tenkjer, altså er eg, er den filosofiske grunnsetninga til René Descartes.

Frasen vart først brukt på fransk i Discours de la Methode (1637), og på latin i Principia philosophiae (1647).

Cogito, Ergo Sum
René Descartes

Descartes sitt utgangspunkt var å tvila på absolutt alt, men at det ikkje er rasjonelt å tvila på sin eigen eksistens medan ein tvilar. Descartes meinte at dersom ein demon freista å få ein til å tenkja at ein eksisterer, så må ein eksistera for å kunna lurast av demonen. Utsegna må altså vera sann.

Dubito, ergo cogito, ergo sum, eg tvilar, difor tenkjer eg, difor er eg, er ei anna form, skriven av Antoine Léonard Thomas i eit essay om Descartes i 1765.

Descartes meinte at alt som er medvites eksistens naudsynlegvis må eksistera, og at vi, uavhengig av sansane kan slutta at Gud må eksistera. Dersom Gud ikkje bedreg sansane våra må den skapte og objektive verda eksistera, og innførte den «cartesiske dualismen», eit skilje mellom ånd og materie, og subjekt og objekt.

Kritikk

Søren Kierkegaard var kritisk til eg-et i «cogito ergo sum». X tenkjer, og sjølv om eg er X, kan tenkinga gjort av X skiljast frå eksistensen min. Descartes føreset, i følgje Kierkegaard, at det er eg-et som gjer tenking, og at «cogito ergo sum» vert ein type sirkelagrument.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Cogito, Ergo Sum KritikkCogito, Ergo Sum KjelderCogito, Ergo Sum ReferansarCogito, Ergo Sum BakgrunnsstoffCogito, Ergo SumLatinRené Descartes

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

EuropaOlt fylke22Kurdistan i IrakJon AlmaasRockTindvedVendlandHebraisk50Tinghaug i KleppAbyssinarOrVerdsvevenBerit KvævenLangfredagsfjæreVologda oblastArameiskTeokratiChatGPTLisboaTower of LondonDmitrij av UglitsjJordbruksrevolusjonenLangeJonsokMøre og Romsdal fylkeReligionskrigProfessor emeritusPanterWikipedia33NynorskBørud-gjengenRøyskattenMasud GharahkhaniSydneyDidrik Solli-TangenJordanZPåske82FantasyDen siste nattverdenTurbanUnni EikesethKasakhstanAlessandra MeleGrønlandLibyaKatten med støvlaneLøveCascadaTørt klimaFinnøyPilfinkPave FransIndiahavetByar i Nord-MakedoniaGrunnstoffliste etter namnHamburg-AmerikalinjaSamisk kulturMobilapplikasjonDen muslimske verda90SilkeormElizabeth II av StorbritanniaFilmjølkLinda RonstadtVictoria av StorbritanniaNynorsk Wikipedia46TømmerklaveOle Brumm1Lagertha🡆 More