Z

Bokstaven Z (z) er den 26.

bokstaven i det latinske alfabetet. Han stamma over etruskisk frå gresk, der han hadde forma I og seinare Ζ, ζ. Han er den sjette bokstaven i det greske alfabetet med namnet zeta. Uttalen vert gjengitt med sd eller ds, men har vore éin lyd, ein stemt s-lyd. Bokstaven går attende til fønikisk skrift og heiter på hebraisk zayin, som tyder «våpen». I latinsk rettskriving vart bokstaven teken i bruk under Augustus i lånord frå gresk. Han hadde først av plass etter F i bokstavrekka.

Z
Z
Z
Bruk
SkriftsystemLatinsk skrift
TypeAlfabet
Fonetisk bruk[z]
[ʒ]
[t͡s]
[d͡z]
[ð]
[θ]
[s]
[ʃ]
/zɛd/
/z/
UnicodeU+005A, U+007A
Plass i alfabetet
Talverdi: 26
Historie
Utvikling
Z4
Tidsperiode~-700 til no
Etterkomarar • Ʒ
 • Ç
 • Ƶ
 • Ž
 • Ż
 • 𐌶
 • ℤ
 • Ꮓ
SlektningarЗ
Ѕ
Ԑ
Ԇ
Ҙ

Ӡ
ז‬
ز
ܙ
ژ‬


𐎇
Զ զ





ज़
Anna
Vanleg tilknytte bokstavarcz, dž, dz, sz, dzs, tzsch
Tilknytte tal26
SkriveretningVenstre til høgre
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å

I runealfabetet er z den sjuande runen i andre ætt.

Z vert i norsk berre nytta i lånord og vert uttalt som s (tidlegare til dels også som ts, til dømes zar, ein eldre skrivemåte for tsar). På engelsk og fransk, i slaviske språk, i ungarsk og i dei fleste fonetiske alfabet har z lydverdien stemt s. På tysk vert han uttalt som ts, utanom i den eldre sambindinga sz = ss. På italiensk vert han uttalt som ts eller dz, på spansk som ustemt lespelyd [þ], men i Latin-Amerika vanlegvis som s. I kinesisk (pinyin) vert z uttalt som dz.

Somme samiske språk og dei europeiske språka estisk, latvisk, litauisk, tsjekkisk, slovakisk og slovensk har òg varianten Ž (Z háček).

Versalen Z kan stå for:

  • hovudrolla i animasjonsfilmen Antz
  • prefikset zetta- (=1021) i SI-systemet
  • Z er i fysikk og kjemi symbol for atomnummeret til eit atom.
  • vanleg symbol for impedans.
  • nemning for mengda av heile tal for (positive og negative). Symbolet kjem av tysk Zahlen, som tyder «tal».

Minuskelen z kan stå for:

  • prefikset zepto- (=10-21) i SI-systemet
  • ein vanleg bokstav nytta i matematikk for ein tredje ukjend storleik eller ein tredje koordinat når dei to første er x og y.
  • vert ofte nytta som symbol for komplekse tal: z = x + iy, der x og y er reelle tal og i = Ö-1.
  • z, i fysikk og kjemi vanleg symbol for ioneladningstal, det vil sei talet på frie elementærladningar i eit ion.
  • i matematikken ofte teikn for den tredje ukjent storleiken i ei likning når dei første er blitt skrivne som x og y. Òg ofte nytta om den tredje koordinaten i eit koordinatsystem.

Kjelder

«Z – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.

Tags:

AugustusDet greske alfabetetDet latinske alfabetetEtruskiskFFønikiskGreskHebraiskLånordZeta

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SøppelBjørkefinkIslamOksidasjonHelena Bonham CarterDen fyrste verdskrigenVolda kommuneKvalsafariSur nedbørSør-KoreaFormannskapBeverKuppTjeldKyle WalkerSkognRSSHollandIndonesiaUrfolkAftonbladetJeg vil hjem til menneskeneNasjonal SamlingKilometerBokmålTraneSunnhordlandske ord og vendingarOlga KorbutDet ukrainske alfabetetPensjonResettRomanian born french cryptologistNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»Pelle PolitibilInformasjonsteknologiTokyoOslo kommuneMåndagErling SteinveggNorske kommuneslagordISO 8601Norske militære gradarLovBergens TidendeTorgeir Knag FylkesnesLise AmundsenArab al-AramshePeruScrabbleKrysotilFrans av AssisiAB PartnerEkvatorLinda EideByar i HellasFader vårJonsereds Fabrikers ABKlima i AsiaLufttrykkKelvinOrØrsta kommuneNéo PetrítsiSkandinaviaDet norske flaggetVerdsvevenKari Werner ØfstiRumoursEselRanværingGrunnstoffliste etter atomnummerGro Harlem BrundtlandÆrfuglNæringslivNorsk folkedansAnders Behring Breivik🡆 More