Burjatisk er eit mongolsk språk tala av burjatar i Russland, Kina og Mongolia.
Det bur rundt 218 600 burjatisktalende menneske i Russland (2010), rundt 65 000 i Kina, og like mange i Mongolia. Burjatisk er offisielt språk i republikken Burjatia i Russland, der det blir skrive med det kyrilliske alfabetet, med desse tilleggsbokstavane: Ү/ү, Ө/ө og Һ/һ. Ordforrådet i språket har innverknad frå russisk.
Burjatisk буряад хэлэн burjaad helen | ||
Klassifisering | Altaisk (omstridt) Mongolsk Nordmongolsk Burjatisk | |
Talarar | burjatar | |
Bruk | ||
Tala i | Russland Folkerepublikken Kina Mongolia | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | bua | |
ISO 639-3 | bua – burjatisk (generisk)
| |
Wiki på burjatisk |
Burjatisk blei tala aust for Bajkalsjøen i den russiske republikken Burjatia, i Nordaust-Mongolia og i Nordvest-Kina. Språket kan delast inn i ulike dialektgrupper. Om ein reknar med 13 dialektar finn ein ni i Russland - alar, barguzin, bokhan, rkhirit-bulgat, khori, nizneudinsk, oka, tunka og unga, to i Kina - bargu-buriat og aga, og tre i Mongolia - aga, sartul og tsongol.
Burjatisk har vokalfonema /i, ə, e, a, u, ʊ, o, ɔ/ (og eit par diftongar), kort /e/ er realisert som [ɯ], og konsonantfonema /b, g, d, th, m, n, x, l, r/ (alle med eit tilsvarande palatalisert fonem) og /s, ʃ, h, j/. Vokalane er underlagt vokalharmoni. Den grunnleggjande stavingsstrukturen er (konsonant)vokal(konsonant) [(C)V(C)], i hurtig tale kan det vere apokope, og dermed konsonant-konsonat (CC) ordfinalt.
Leksikalsk trykk fell på siste tunge ikkjefinale staving, viss det finst ei slik. Viss ikkje fell trykket på ordinitial trykksterk staving, der ho finst. Viss det ikkje finst tunge stavingar får ordet initialtrykk. Tunge stavingar utan hovudtrykk får bitrykk:
ˌHˈHL | [ˌøːɡˈʃøːxe] | 'å vere modig' |
LˌHˈHL | [naˌmaːˈtuːlxa] | 'å få til å bli dekt av lauv' |
ˌHLˌHˈHL | [ˌbuːzaˌnuːˈdiːje] | 'dampa mjølboller' (akkusativ) |
ˌHˈHLLL | [ˌtaːˈruːlaɡdaxa] | 'å bli van til' |
ˈHˌH | [ˈboːˌsoː] | 'veddemål' |
LˈHˌH | [daˈlaiˌɡaːr] | 'til sjøs' |
LˈHLˌH | [xuˈdaːliŋɡˌdaː] | 'til svigerforeldra' |
LˌHˈHˌH | [daˌlaiˈɡaːˌraː] | 'ved sin eigen sjø' |
ˌHLˈHˌH | [ˌxyːxenˈɡeːˌreː] | 'ved si eiga jente' |
LˈH | [xaˈdaːr] | 'gjennom fjellet' |
ˈLL | [ˈxada] | 'fjell' |
Burjatisk har eit klassisk nord-eurasiatisk grammatisk system, utan genus, men med numerus (singularis/pluralis), og (her:) 7 kasus: nominativ, genitiv, akkusativ, dativ, ablativ, instrumentalis og possessiv. Kasusendingane er underlagt vokalharmoni.
Burjatisk blei tradisjonelt skrive med mongolsk skrift, men det litterære mongolske skriftspråket skilde seg mykje frå tala burjatisk. I 1931 blei det innført eit skriftsystem for burjatisk i Sovjetunionen med latinske bokstavar som bygde på sartul- og tsongoldialektane. Dette blei erstatta av ei modifisert russisk kyrillisk skrift rundt 1937, som er det burjatisk blir skrive med i dag. Skriftspråket byrggjer på khoridialekten, som også er standard taledialekt. Tilleggsbokstavane til det russiske alfabetet er Ү/ү, Ө/ө og Һ/һ.
Norsk | Klassisk mongolsk | Burjatisk | |
1 | ein | neg | negen |
2 | to | hoyor | xoyor |
3 | tre | gurav | gurban |
4 | fire | duruv | dürben |
5 | fem | tav | taban |
6 | seks | zurgaa | zurgaan |
7 | sju | doloo | doloon |
8 | åtte | naim | nayman |
9 | ni | yis | yühen |
10 | ti | arav | arban |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Burjatisk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.