Bose-Einsteinkondensat er ein materietilstand som kan opptre ved sidan av fast form, flytande, gassform og plasma.
Dette skjer ved låg temperatur i kvantemekaniske system som følgjer Bose-Einsteinstatistikk. Karakteristisk for fasen er at ei makroskopisk mengd partiklar okkuperer den mikroskopiske grunntilstanden til systemet. Bose-Einsteinkondensasjon er dermed eit kollektivt fenomen og dei partiklane som okkuperer grunntilstanden kallast eit Bose-Einstein-kondensat.
Fenomenet vart skildra teoretisk i 1920-åra av Satyendra Nath Bose og Albert Einstein.
Bose-Einstein-kondensasjon er ansvarleg for mange interessante og mykje studerte fysiske fenomen, blant desse er superfluiditet og superleiing.
Bosonar er partiklar med heiltalig spinn og dei blir karakterisert ved at ei vilkårleg mengd partiklar blir tillate å okkupere ein kva for ein som helst mikroskopisk tilstand. Ved termodynamisk likevekt, når det ikkje finst noko Bose-kondensat, er mengda partiklar i kvar tilstand gjeve ved Bose-distribusjonsfunksjonen, som avheng av temperatur og kjemisk potensial. Etter faseovergangen bryt dette biletet delvis saman og ei makroskopisk mengd partiklar finst i den mikroskopiske grunntilstanden til systemet (Resten blir enno skildra av Bose-distribusjonensfunksjonen). Med makroskopisk blir meint av viss N er total mengd partiklar og N0 er mengder partiklar i kondensatet er N0/N ulik null når N går mot uendeleg. Denne faseovergangen skjer ved ein gjeven temperatur, som blir kalla kritisk temperatur eller kritisk punkt. Den kritiske temperaturen er låg, men endeleg, det vil sei høgare enn 0 K.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bose-Einsteinkondensat, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.