Bantuekspansjonen viser til utbreiinga av bantufolk i Afrika gjennom fleire tusenår med vandring, og er ein særs viktig prosess i afrikansk historie.
Talarar av proto-bantuspråk oppstod i dagens Kamerun og Nigeria, og utvandringa ser ut til å ha byrja etter innføringa av landbruk, det vil seia rundt 3000–2500 f.Kr. for den første ekspansjonen i Vest-Afrika. Frå rundt 1500-1000 f.Kr. følgde vidare utvandring austover og sørover frå dette området. Bantufolk fortsette koloniseringa sørover, og hadde slått seg ned i dagens Sør-Afrika frå rundt år 0.
Bantuekspansjonen førte til utbreiing av språk og utveksling av kunnskap. Etterkvart oppstod nye folke- og samfunnsgrupper, ofte gjennom blanding gjennom giftarmål. Bantufolk hadde fleire fordelar i høve til tidlegare innvånarar. Kjennskapen til landbruk og metallurgi gjorde at dei kunne slå seg ned i område med ulike tilhøve og bu mykje tettare enn jegerar og sankarar. Dei fortrengde khoisanfolk, hadzaer og sandawifolk som levde på denne måten med steinvåpen. I austre og sørlege Afrika lærte bantufolk om husdyrhald frå folk dei møtte, og spreidde denne kunnskapen vidare til jegerar og sankarar.
Den tettare folkesetnaden av bantufolk gjorde det mogleg å danna større rike, som Mutapariket ved Zambezielva, som stod bak bygginga av Stor-Zimbabwe. I Sør-Afrika stod zululeiaren Shaka bak danninga av eit større rike på 1800-talet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bantuekspansjonen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.