Monolitten

Monolitten, som tyder «ein (udelt) stein», er namnet på den drygt 17 meter høge steinsøyla av ei einaste blokk Iddefjordsgranitt med til saman 121 uthogde menneskefigurar, som står som det visuelle midtpunktet i Vigelandsanlegget i Frognerparken i Oslo.

Monolitten vart modellert i leire av skulptøren Gustav Vigeland og støypt i gips i tre stykkje, som er teke vare på i Vigeland-museet rett attmed Frognerparken. Men figurane vart altså hogd ut av ei einaste steinblokk i samsvar med denne gipsmodellen, og dette vart gjort etter at blokka var sett opp på staden der ho skulle stå. Eit hus med stillas vart bygd kring blokka for å kunne få arbeidet gjort.

Monolitten
Monolitten og den skulpturpryda trappa opp til han.
Monolitten
Ein av smijarnsportane i balustraden som avgrensar platået.

Opp til platået der Monolitten står, som er det høgste punktet i Frognerparken, fører ei monumental sirkulær trapp pryda av 36 skulpturgrupper i granitt. Skulpturgruppane er radiært plassert nedover trappa i åtte rader, modellert av Vigeland i åra frå byrjinga av den fyrste verdskrigen og fram til 1926, og sette opp frå 1947 og framover. Som ei nedre avgrensing av platået er det bygd ein låg balustrade i granitt med åtte breie, vekselvis smale dobbeltportar i smijarn med smijarnsfigurar av menneske i alle aldrar, teikna av Vigeland i perioden 1933 til 1937, men ikkje gjort ferdige før etter at han var avliden, og sett på plass i 1952.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

59°55′39.60″N 10°41′55.98″E / 59.9276667°N 10.6988833°E / 59.9276667; 10.6988833

Tags:

FrognerparkenGipsGustav VigelandIddefjordsgranittOsloSkulptørVigeland-museetVigelandsanlegget

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Bjørnstjerne BjørnsonMusculus deltoideusNeville SouthallDr. JohnLeksikonPrimstavMelhus kommuneKon-Tiki-ekspedisjonenKrøllalfaShetlandsøyaneQueenNonSofie MarhaugHalsSax-a-boomTelemark fylkeSkalmen fyrstasjon2024Cristiano RonaldoRay CharlesÅl kommuneNynorsk WikipediaFylkesvåpen i NoregRundeVik kommuneParisHurtigrutaNamnedagNorske bistands- og utviklingsministrarNordaustpassasjenMusvåkSoknerådNederlandskEpídavrosWikipediaBjørnLibanonGry HammerLandegodeHeilage NikolasHertuginneNederlandNintendo 3DSBrasilKarbonKusymreGambelaregionenAmfidromisk punktDonauMenneskerettarSneppålBeaufortskalaenEdward SnowdenTonsillBoksingDet engelske herrelandslaget i fotballOslo kommuneKlubbeJesusFilmjølkØPolhavetApeVerdscupen i skiskyting 2024KattAmmanAlaskaVoss heradDanmarkSunnhordlandske ord og vendingarGrosgrainAddis AbebaDifferensialdiagnoseAudhumblaBibelbeltet🡆 More