Wiki Nynorsk 2022: Spesial:Siste endringar
NNVietnameseEnglish
Alfabetet
ABCDE
FGHIJ
KLMNO
PQRST
UVWXY
ZÆØÅ

Bokstaven D (d) er den fjerde bokstaven i det latinske alfabetet. Det er òg den fjerde bokstaven i det greske alfabetet (Δ δ) som går tilbake til eit fønikisk teikn, som på hebraisk no heiter dalet. Grekarane omdanna ordet til delta. Etruskarane og romarane kalla bokstaven de. Uttalen var som av vår d; i nygresk er uttalen ð (stemt, dental frikativ).

I det gammalgermanske runealfabetet er bokstaven den åttande runen i tredje ætt.

D kan stå for

d kan stå for

  • symbol for forstavinga desi-. Skrive føre eit einingssymbol, betyr det at eininga skal dividerast med ti.
  • symbol for partikkelen deuteron, kjernen i deuterium.
  • internasjonalt symbol for døgn.
  • symbol for penny
  • forkorting for latin dextra og italiensk destra, som tyder «høgre».
  • reseptar står for detur, som tyder «lever ut».
  • fram til 1971 symbol for den britiske mynteininga penny (fleirtal pence). Det er eigentleg ei forkorting for latinske denarius, som er ein romersk sølvmynt. Ved myntreformen i 1971 fekk den nye pennyen (= 1/100 £) symbolet p.

Kjelder