Aymara (Aymar aru) er eit søramerikansk språk i aru-familien.
Det er offisielt språk i Peru og Bolivia, har 300 000 talarar i Peru, 1,2 millionar i Bolivia og 50 000 i Chile.
Aymara Aymar aru | ||
Klassifisering | Aymaranske språk Aruspråk Aymara | |
Bruk | ||
Tala i | Bolivia, Chile, Peru | |
Område | Det sentrale Andes | |
Aymaratalande i alt | 2,2 millionar for sentral aymara | |
Rangering | Ikkje blant dei 100 mest utbreidde språka | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Bolivia og Peru | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ay | |
ISO 639-2 | aym | |
ISO 639-3 | aym, ayc |
Aymara er eitt av dei få indianarspråka i Amerika som har meir enn ein million talarar, dei andre er quechua, quichee og guaraní. Aymara vart snakka i inkariket, og før det i Aymara-kongedømma.
Aymara har tre vokalfonem, /a, i, u/, to lengdegradar (lang, kort), og dei høge vokalane har midtre allofonar (/i/ -> [e], /u/ -> [o]) framfor uvulare konsonantar, alt som er sagt om dette systemet gjeld forresten også for grønlandsk.
Aymara har labiale, alveolare, palatale, velare og uvulare lukkelydar, utan stemtheitsopposisjon, men med ein tre-vegsopposisjon mellom vanlege, glottaliserte og aspirerte konsonantar. I tillegg har aymara ein /r/, og alveolare og palatale nasalar og lateralar, og to halvvokalar /w/ og /j/. Konsonantsystemet går fram av tabellen:
Labial | Alveolar | Palatal | Velar | Uvular | ||
---|---|---|---|---|---|---|
Okklusiv | umarkert | p /p/ | t /t/ | ch /tʃ/ | k /k/ | q /q/ |
glottalisert | p' /pʼ/ | t' /tʼ/ | ch' /tʃʼ/ | k' /kʼ/ | q' /qʼ/ | |
aspirert | ph /pʰ/ | th /tʰ/ | chh /tʃʰ/ | kh /kʰ/ | qh /qʰ/ | |
Frikativ | s /s/ | j /x/ | x /χ/ | |||
Lateralappr. | l /l/ | ll /ʎ/ | ||||
Vibrant | r /r/ | |||||
Nasal | m /m/ | n /n/ | ñ /ɲ/ | |||
Halvvokal | w /w/ | y /j/ |
Trykket ligg på nestsiste staving, men kan alternere som resultat av vokallengd.
Aymara er polysyntetisk med fleire portmanteau-suffiks. Verbalsuffiksa uttrykker modus, tempus, person for subjektet og objektet eller eit anna sekundært argument. Verb med fleire argument kongruerer med subjektet og med det oblike argumentet som er høgast på animasitetshierarkiet. Aymara har også valensendrande verbsuffiks.
Dei eldste skriftlege dokumenta på aymara er omsetjingar av religiøse tekstar på den spanske kolonitida. Misjonærane laga også grammatikkar, men dei var gjort på grunnlag av spanske grammatiske mønster.
Aymara sin ortografi var lenge basert på spansk, med dårleg attgjeving av fonemopposisjonar som ikkje finst i spansk. I 1968 etablerte Juan de Dios Yapita, som har aymara som morsmål, ein ny ortografi. Denne ortografien gjennomgjekk mindre endringar i 1984 i ei rettskrivingsreform i Bolivia, den endra versjonen vart offisielt godteke i Peru i 1985.
Aymara er i slekt med kawki og jaqaru, som blir snakka av ganske få talarar i sentrale delar av Peru. Om aymara og quechua er i slekt eller ikkje er omstridd.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Aymara, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.