Asalslekta (Sorbus) er ei slekt i rosefamilien.
Asalslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Underfamilie: | Eplefamilien Maloideae |
Slekt: | Asalslekta Sorbus L., 1753 |
Ho inneheld små tre og buskar som har blad med grovtakka kant. Blomane er femtalige og kvite eller rosa med mange støvberarar. Vekstane har bær som ofte er raude, men nokre artar kan òg ha kvite, gule eller grøne bær.
Planteslekta omfattar om lag 100–200 artar. Enkelte forskarar plasserer desse i underslektene Sorbus, Aria, Micromeles, Cormus, Torminaria og Chamaemespilus. Fleire av artane er apomiktar (set frø som er klonar av morplanten) og dannar lett hybridar. Det finst derfor ei rekkje typar tre som er endemiske innanfor eit mindre område.
Dette er ei svært utbreidd slekt i Europa. I Noreg finst artane rogn (Sorbus aucuparia) og rognasal (Sorbus hybrida), i tillegg til fleire lokale endemiske artart. I alt veks 16 asal-artar i Norden, 12 av dei i Noreg.
Tre i asalslekta kan ha lappete, finnete eller sagtakka blad som alltid er skruestilte. Greinene har ikkje tornar. Dei femtalige blomane har flate kronblad som er lengre enn begeret. Talet på støvberarar er høgt, normalt 15–25. Frukta er små, bær-liknende eple som er inntil 3 cm store, og har 2–3 fråskilde kammer eller rom.
Lista under inneheld eit utval artar i asalslekta, med norske namn der desse finst, og elles nokre synonyme engelske namn. Utbredeiing for artane som finst i Noreg er også vist, og artar som veks i Noreg er sett i feite typar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Asalslekta, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.