Akihito av Japan (fødd 23.
desember">23. desember 1933) var keisar av Japan frå 1989 til 2019. Han kom på trona den 7. januar 1989, då faren Hirohito døydde. Kroninga fann stad den 10. november 1990. Akihito sin fødselsdag vart frå 1989 feira som offisiell nasjonaldag i Japan.
Akihito 明仁 | |||
| |||
Keisar av Japan | |||
Periode | 7. januar 1989-30. april 2019 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 23. desember 1933 | ||
Fødestad | Keiserpalasset i Tokyo, Kōjimachi-ku, Tokyo by | ||
Mor | Kōjun | ||
Far | Hirohito av Japan | ||
Ektefelle | Michiko Shoda | ||
Barn | Naruhito av Japan (f. 1960) Prins Fumihito av Japan (f. 1965) Sayako Kuroda (f. 1969) | ||
Føregangar | Hirohito av Japan | ||
Etterfølgjar | Naruhito |
Akihito sitt offisielle keisarnamn er Heisei. I Japan blir keisaren aldri nemnd med namn, men omtalt som tennō heika eller berre heika, (天皇陛下, 'Hans Majestet Keisaren').
Akihito er son av keisar Hirohito og keisarinne Kōjun. Han var det femte barnet deira, men den eldste sonen.
Akihito vart gift med Michiko Shoda den 10. april 1959. Saman er dei foreldra til:
Som far sin har keisar Akihito interessert seg for marinbiologi. Han har publisert fleire artiklar om fisketaksonomi knytt til familien Gobiidae i tidsskrifta Gene og Japanese Journal of Ichthyology. I 2005 fekk ein fisk i denne familien et vitskaplege namnet Exyrias akihito etter han.
Keisaren har også skrive artiklar om vitskapshistorie under Edotida og Meijirestaurasjonen som blei publiserte i Science og Nature.
Keisaren er medlem i det iktyologiske selskapet i Japan og æresmedlem ved Linnean Society of London og Zoological Society of London. I 2007 fekk han ein æresgrad ved Universitetet i Uppsala.
Keisaren har motteke ei rekkje ordenar, både frå Japan, som Krysantemumordenen, Oppstigande sol-ordenen og Den heilage skatt-ordenen, og frå mange andre land. Mellom ordnane er òg St. Olavs Orden sitt Storkors med kjede, tildelt i 2001.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Akihito av Japan, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.