Evangelium

Ordet evangelium kjem av det greske ordet «evanggelion», som tyder «glad bodskap».

I kristendomen har det to tydingar:

  1. Den glade bodskapen om trua på Jesu Kristi daude og oppstode. Dette er den opphavlege tydinga ein finn i Det nye testamentet; jamfør Markus 1:1 og Romarbrevet 1:1
  2. Dei fire kanoniske evangelia (Matteus, Markus, Lukas og Johannes) og sommetider òg andre skildringar av Jesu liv, daude og oppstode (til dømes Tomasevangeliet).

Paulus nytta ordet «evangelium» før dei boklege evangelia i Det nye testamentet kom til, då han i 1. Korintarbrev 15:1 minte kyrkjelyden i Korint på «det evangelium som eg forkynte dykk, som de òg tok imot, som de òg står støe i».

Somme granskarar i nyare tid har nytta ordet om ei tenkt grein av tidleg kristen litteratur (jamfør Peter Stuhlmacher, red., Das Evangelium und die Evangelien, Tübingen 1983).

Dei fire evangelia

Evangelium 
Evangeliebit

Dei fire fyrste skriftene i Det nye testamentet i Bibelen kallar me dei fire kanoniske evangelia. Etter den kristne tradisjonen er dei nedskrivne av augevitne og apostlar av Jesus frå Nasaret og inspirerte av Gud, men mange bibelgranskarar tidfester evangelia til ættledden etter apostlane.

Den syriske apologeten Tatian (kring 170), freista å setja utdrag av dei fire evangelia skriftene saman til eitt skrift, kalla Diatessarom (= av fire). Dette skriftet vart brukt innan den syriske kyrkja i eit par århundre, men fekk elles lite å seia kyrkjehistorisk.

Evangeliet etter Matteus

Dette er det fyrste av skriftene ein finn i Det Nye Testamentet. Det er ei vanleg oppfatning at Matteus hovudsakleg skreiv til jødane når han skreiv, for å vise dei at Jesus var den Messias som var lova gjennom Det gamle testamentet. Dette gjorde han mellom anna med å skriva Jesu ættetavle heile vegen attende til Abraham samt 63 tilvisingar til gamaltestamentlege profetiar.

Evangeliet etter Markus

Evangeliet etter Lukas

Evangeliet etter Johannes

Apokryfe skrifter

Dei Apokryfe skriftene er namnet på skrifter som gjev seg ut for å fortelja den bibelske historia, men som kyrkja likevel ikkje anerkjenner. Det finst både gamaltestamentlege og nytestamentlege apokryfer.

Tags:

Evangelium Dei fire evangeliaEvangelium Apokryfe skrifterEvangeliumKristendom

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Det nederlandske koloniriketMarc-Antoine CharpentierNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1997IstanbulTrepunktsopphengNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1995Australske urfolkFaaberg ILLerkAgenda 2030MRomaDei fem K-ane i sikhismenRichard GrovFredrik HøstakerQawahErik SolbakkenDer ingen skulle tru at nokon kunne buMessebokDygdsetikkMed hjartet på rette stadenCiceroTemperert klimaInformasjonskapselKirunaStockholmBygdFinnøyRittmeisterLeinstrandOrskurdNostalgiGranKristi himmelferdsdagHønsehaukSagaen om IsfolketPárgaMediaWikiHjartelydWikimediaElvis PresleySkalEurovision Song Contest 2024MøllesteinIsoterm prosessRomanen BeatlesMosesEric SaadeKompasspunktBodø kommuneMogopJektvika i RødøyKine HellebustDesemberEngmarihandHektogramGeorgiaStilarkNautisk milMaryna ArzamasavaCarola HäggkvistØrnEnkeltbekkasinBBC AmericaEric CarmenDet norske kongehusetNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1985Zinédine ZidaneEM i fotball 2021Det tyske herrelandslaget i fotballVakteltrastarSkyMadeleine av SverigeAustraliaFranskNæringslivets HovedorganisasjonEmmanuel Macron🡆 More