Dei apokryfe skriftene
Apokryfe skrifter er ei nemning for religiøse tekster, særleg innanfor jødisk og kristen tradisjon, som ikkje høyrer til gjeldande kanon i Bibelen.
Apokryfe skrifter (frå gresk απόκρυφος, apokryfos, 'duld, kryptisk') er ei nemning for religiøse tekster, særleg innanfor jødisk og kristen tradisjon, som ikkje høyrer til gjeldande kanon i Bibelen.
Skriftene kunne vere utelatne fordi kyrkjeleiarane ville hindre at dei kristne skulle lese dei, eller fordi dei oppstod i gnostiske miljø som meinte skriftene openberra ein bodskap som var skjult for dei fleste, slik at skriftene ikkje var meinte for allmenn spreiing.
Apokryfane i bundi form vert gjerne nytta som namn på nett dei skriftene som vert prenta i ein eigen bolk i Bibelen etter Gamletestamentet og Nytestamentet.
Gammaltestamentlege apokryfe skrifter
Dei mest kjende gammaltestamentlege apokryfane er kjende som Dei deuterokanoniske skriftene. Desse vart skrivne etter at den hebraiske kanonen var fastlagd. I oldkyrkja vart dei etter kvart rekna med til den bibelske kanonen, men ved reformasjonen definerte Martin Luther dei som ikkje-inspirerte.
- Tobit
- Judit
- Den greske Ester-boka
- Visdommens bok
- Sirak
- Baruk
- Jeremias brev
- Første Makkabearbok
- Andre Makkabearbok
- Tredje Esra
- Fjerde Esra
- Manasses bønn
- Salme 151
- Tillegg til Daniels bok
- Den greske Ester-boka (utvidingar)
I tillegg dei deuterokanoniske bøkene finst det nokre verk som har ein bibelsk stil og som skildrar hendingar knytte til bibelske personar. Desse vert gjerne kalla pseudepigrafiske bøker. Enoks bøker og Boka om Jubelåra høyrer til desse.
Nytestamentlege apokryfe skrifter
Dei nytestamentlege apokryfane er bøker som ikkje er kanoniserte verken av ortodokse, katolske eller protestantiske kristne. De omfattar evangelium og skrifter om Jesus og læresveinane hans. Fleire av dei vart skrivne av gnostikarar og av andre grupper som stod utanfor den etablerte kyrkja. Nokre av skriftene vart gjenfunne i dødehavsrullane. Av apokryfane vi kjenner delar av er
- Q (av Quelle; mogleg kjelde for Markusevangeliet og Matteusevangeliet
- Thomasevangeliet
- Maria Magdalenas evangelium
- Petersevangeliet
- Det løynlege Markusevangeliet
- Jakobs protevangelium
- Thomas’ barndomsevangelium
- Bartomoleusevangeliet
- Nikodemusevangeliet
- Judasevangeliet
Martin Luther brukte omgrepet om somme skrifter i Det nye testamentet, spesielt Jakobs brev, men òg Brevet til hebrearane, Judas' brev og Johannes’ openberring.
Kjelder
- Haldor Moxness i Apokryfe evangelier De norske bokklubbene 2001 ISBN 82-525-4105-4
- www.bibelen.no
- Tilsvarande artikkel på bokmålswikipedia
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dei apokryfe skriftene, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
In other languages:
- Afrikaans: Apokriewe boeke - Wiki Afrikaans
- Arabisk: أبوكريفا - Wiki العربية
- Egyptisk arabisk: ابوكريفا - Wiki مصرى
- Aserbajdsjansk: Apokrif - Wiki Azərbaycanca
- Belarusisk (klassisk ortografi): Апокрыф - Wiki беларуская (тарашкевіца)
- Bulgarsk: Апокриф - Wiki български
- Bosnisk: Apokrifni tekstovi - Wiki Bosanski
- Katalansk: Llibres apòcrifs - Wiki Català
- Tsjekkisk: Apokryf - Wiki čeština
- Kasjubisk: Apòkrif - Wiki Kaszëbsczi
- Walisisk: Apocryffa'r Beibl - Wiki Cymraeg
- Dansk: Apokryfe skrifter - Wiki Dansk
- Tysk: Apokryphen - Wiki Deutsch
- Gresk: Απόκρυφα - Wiki Ελληνικά
- Engelsk: Biblical apocrypha - Wiki English
- Esperanto: Apokrifoj - Wiki Esperanto
- Estisk: Apokrüüfid - Wiki Eesti
- Baskisk: Bibliako apokrifoak - Wiki Euskara
- Persisk: اسفار مشکوک - Wiki فارسی
- Finsk: Apokryfiset kirjat - Wiki Suomi
- Fransk: Apocryphe biblique - Wiki Français
- Friulisk: Apocrif - Wiki Furlan
- Vestfrisisk: Apokryf - Wiki Frysk
- Skotsk-gælisk: Apocruiphia - Wiki Gàidhlig
- Kroatisk: Apokrifi - Wiki Hrvatski
- Ungarsk: Apokrif iratok - Wiki Magyar
- Armensk: Անկանոն գրքեր - Wiki հայերեն
- Interlingua: Apocryphos - Wiki Interlingua
- Indonesisk: Apokrifa Alkitab - Wiki Bahasa Indonesia
- Islandsk: Apókrýf rit - Wiki íslenska
- Italiensk: Apocrifo biblico - Wiki Italiano
- Japansk: 外典 - Wiki 日本語
- Georgisk: ბიბლიის აპოგრიფები - Wiki ქართული
- Koreansk: 성경 외경 - Wiki 한국어
- Latin: Apocrypha - Wiki Latina
- Madagassisk: Apôkrifan' ny Baiboly - Wiki Malagasy
- Makedonsk: Апокриф - Wiki македонски
- Malayalam: അപ്പോക്രിഫ - Wiki മലയാളം
- Nederlandsk: Apocrief - Wiki Nederlands
- Norsk bokmål: Apokryfer - Wiki Norsk bokmål
- Polsk: Apokryf - Wiki Polski
- Portugisisk: Livros apócrifos - Wiki Português
- Rumensk: Apocrif - Wiki Română
- Russisk: Апокриф - Wiki русский
- Serbokroatisk: Apokrif - Wiki Srpskohrvatski / српскохрватски
- Enkel engelsk: Apocrypha - Wiki Simple English
- Slovakisk: Apokryf (kresťanstvo) - Wiki Slovenčina
- Serbisk: Апокриф - Wiki српски / srpski
- Svensk: Apokryferna - Wiki Svenska
- Swahili: Apokrifa - Wiki Kiswahili
- Thai: คัมภีร์นอกสารบบ - Wiki ไทย
- Tagalog: Apokripa - Wiki Tagalog
- Tyrkisk: Apokrif - Wiki Türkçe
- Ukrainsk: Апокрифічна література - Wiki українська
- Urdu: بائبلی اپاکرفا - Wiki اردو
- Usbekisk: Apokriflar - Wiki Oʻzbekcha / ўзбекча
- Wu: 经外书 - Wiki 吴语
- Kinesisk: 經外書 - Wiki 中文
- Minnan: Sèng-keng gōa-tián - Wiki Bân-lâm-gú