Urfolk

Urfolk er folkegrupper og etterkomarane av desse som har levd i eit område før det blei kolonisert eller gjort om til ein stat, og som ikkje identifiserer seg med majoriteten i landet.

Urfolk
Ein inuittisk familie frå Alaska.

Dei fleste urfolk har historisk blitt jaga, plaga og tvungne til å bli likare majoriteten. Mange urfolk har òg det til felles at levemåten deira nyttiggjer seg naturen på ein allsidig, lite forstyrrande måte, og det blir derfor gjerne sagt at dei lever «i pakt med naturen».

Det finst rundt 300 millionar menneske som kan kallast urfolk i verda i dag.

Haldningar

Urfolk 
Teikning av ein maorimann som byttehandlar med den europeiske oppdagaren Joseph Banks.

Historisk har urfolk blitt sett på som uutvikla villmenn som mangla både sivilisasjon og verdi. Dette var særleg vanleg under den europeiske koloniseringa av verda, og blei brukt til å rettferdiggjera at europearane kom og tok over styret i dei mange koloniane sine.

Med Jean-Jacques Rousseau og romantikken kom eit anna syn på urfolk. Dei blei sett på som «edle villmenn», naturmenneske som ennå ikkje var blitt øydelagde av samfunnet. Medan ein før hadde vilja sivilisera urfolka byrja mange nå å tru at urfolka hadde mykje å læra frå seg. Med den nye vitskapen antropologi byrja ein å studera levesetta deira på ein systematisk måte.

Dette meir positive synet på urfolk byrja å spreia seg frå dei intelektuelle til samfunnet generelt etter den første verdskrigen, som hadde vist at den europeiske sivilisasjonen ikkje var så storarta som ein tidlegare hadde hevda. Urfolk fekk fleire rettar, men det gjekk sakte, og framleis blir mange urfolk sett ned på og er blant dei fattigaste i landa dei bur i.

Nokre av verdas urfolk

Kjelder

Bakgrunnsstoff

    Lister over urfolk

Tags:

Urfolk HaldningarUrfolk Nokre av verdas urfolkUrfolk KjelderUrfolk BakgrunnsstoffUrfolkFolkegruppeKoloniMajoritetStat

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ÁrgosObeliskHomofobiBulgariaRussisk salatEkvatorOrientråkeBarentshavetJosef StalinFreddie MercuryHydrometerNaruhito av JapanErik FollestadDoggerbankOn the NightLinn UllmannHjortetakksaltNordahl Grieg20. aprilBananRepublikkHardangerK2SkandinaviaParisDjevelenBergen kommuneBonoApeHeaven for EveryoneØystein SundeAgatha ChristieLøveHarald EiaKreftHelena BrodtkorbMenneskekraftI Feed You My LoveLive at the BBC av Dire StraitsHamrinsjøenISBNPanterLandsting i SverigeCanadaStatueDire Straits av Dire Straits1795I Fought the LawSkýdraNasjonalrettOckham sin barberknivMaginotlinaLundefuglHellas27-årsklubbenVaskebjørnBarriemore BarlowAsiaDavid Ben-GurionLove Me av Buddy HollySissel KyrkjebøSpeleautomatGentooRobbie WilliamsSanskritDavid KnopflerPick WithersBeltegrader i judoJohannespasjonen av BachÉdessa i HellasRichard Francis BurtonRomanésSang til BergenRowan AtkinsonEkornDet svenske flaggetPredator🡆 More