Urfolk I Colombia

Urfolk i Colombia, eller innfødde colombianarar, er dei etniske gruppene som har levd i området som i dag utgjer staten Colombia frå før europearane kom til kontinentet på byrjinga av 1500-talet.

Desse folkegruppene er kjente som pueblos indígenasspansk, og dei gjer ut for 3,4 % av folkesetnaden i landet, og høyrer til 87 ulike folkegrupper.

Omtrent 80 % av urfolka i Colombia bur i departementa La Guajira, Cauca, og Nariño. Om Amazonas-regionen i Colombia er tynt folkesett, er han likevel heimen til over 70 ulike etniske grupper av urfolk.

Historie

Urfolk I Colombia 
Gyllen statuett av ein Quimbaya cacique
Foto: Luis García

Dagens kjente arkeologiske prov daterer dei tidlegaste menneskeleg busetjingane i Sør-Amerika til så tidleg som 43 000 f.Kr. Antropologen Tom Dillehay daterar dei tidlegaste jeger- og samlarkulturar på kontinentet til nesten 10 000 f.Kr., i slutten av pleistocen og tidleg holocen periode. Ifølgje indisium basert på berghellerar, vart Colombias første innbyggjarar sannsynlegvis konsentrert langs den karibiske kysten og på høglandet i Andes. På den tida var desse regionane skogkledde og hadde eit klima som liknar dagens klima. Dillehay har merkt seg at Tibitó, som ligg like nord for Bogotá, er ein av dei eldste kjende og mest aksepterte område med tidleg menneskeleg nærvære i Colombia, datert til ca. 9790 f.Kr. Det er dokumentert at høglandet i Colombia vart okkupert av ei betydeleg mengd omstreifande grupper etter 9000 f.Kr., med permanent busetjing i landsbyar i det nordlege Colombia etter 2000 f.Kr.

Urfolkskulturane i Colombia utvikla seg frå tre hovedgrupper: quimbayaer, som heldt til i dei vestlege skråningene av Cordillera Central; chibchaer; og kalina (karibar). Då spanjolane kom i 1509, fann dei ein blomstrande og heterogen indiansk folkesetnad estimert til mellom 1,5 og 2 millionar menneske, fordelt på fleire hundre folkegrupper, og i stor grad snakka gjensidig uforståelege språk. Dei to mest avanserte kulturar av indianske folkeslag på den tida var muiscaer og taironaer, begge er chibchagrupper og var dugelege i jordbruk, gruvedrift, og metallarbeid. Muiscaer levde hovudsakleg i dagens Cundinamarca og Boyacá, fordi dei hadde flykta dit århundre tidlegare etter raid av fientlege karibar. Taironaer, som blir delte inn i to undergrupper, levde på det karibiske låglandet og i høglandet av Sierra Nevada de Santa Marta. Muisca-sivilisasjonen var godt organisert i ulike provinsar styrt av felles landlovar og kraftige caciquear (leiarar), som rapporterte til ein av dei to øvste leiarar.

Kompleksiteten i sosial organisering og teknologi blant utfolka varierte enormt, frå lagdelte landbrukshøvdingsete til tropiske landsbyar med gardsbruk og nomadiske grupper som dreiv med jakt og matsanking. På slutten av kolonitida utgjorde framleis den innfødde folkesetnaden om lag halvparten av den totale folkesetnaden. I landbrukshøvdingseta i høglandet, hadde spanjolane med hell utforma institusjonane i kolonien slik at dei sikra kontrollen over indianarane og dermed nytta arbeidskrafta deira. Kolonistane hadde organisert politisk og religiøs administrasjon innan utgangen av 1500-talet, og dei hadde byrja forsøk på å konvertere dei innfødde til kristendomen.

Den viktigaste institusjonen som regulerte liv og velferd blant urfolka i høglandet var resguardo, eit system for rett til bruk av land. Systemet blei sett i verk frå om lag midten av 1500-talet og gav den innfødde folkesetnaden retten til å bruke tildelt jord, men kunne ikkje selje ho. Til likskap med systemet for indianarreservat i USA, har resguardo ført med seg varige samband mellom sentrale styresmakter og dei attverande folkegruppene i høglandet. Ettersom presset på tilgjengeleg land auka, fekk likevel busettarar av kvite eller mestisar aukande tilgang på resguardo-landområde, ofte utan motstand frå regjeringa.

Urfolk I Colombia 
Muisca-folk i Bogota, 2008
Foto: Arturo Aparicio

Under kolonitida fekk romersk-katolske misjonærar jurisdiksjon over folkegruppene i låglandet. Økonomisk stønad frå regjeringa og ein serie av avtaler med den heilage stolen i perioden 1887-1953 gjorde det mulig for misjonen saman med offentlege etatar å iverksette evangelisering og utdanning av urfolk i Colombia. I 1958 blei regimet med resguardoar førebels avslutta, og eit nytt program for samfunnsutvikling kom i gang for å betre integrasjon av urfolk i det nasjonale samfunnet.

Kampen som folk frå den opphavlege folkesetnaden i landet kjempa for å verne eigedomane og tradisjonane sine mot landeigarar heldt fram inn mot slutten av det 1900-talet, då 1991-grunnlova innlemma mange av dei indianske krava. Nye resguardoar har blitt oppretta, og andre har blitt rekonstruerte, blant folkegrupper og lokalsamfunn i skogsområde og i høglandet. Grunnlova av 1991 opna spesielle politiske og sosiale arenaer for urfolk og andre minoritetsgrupper. Til dømes blei det opna for nytt lovverk som skal anerkjenne rett for dei 'farga' samfunna til å ta land i elveområda på stillehavskysten som ikkje har tidlegare busetnad.

I år 1991 organiserte dei 587 resguardoar i Colombia 800 271 menneske, inkludert 60 503 familiar. Den generelle regionale fordelinga av desse resguardoane var som følgjer: Amazonasregionen 88; Orinoquia-regionen 106; Den karibiske kystregionen 31; Andesregionen 104; og Stillehavsregionen 258. Areala samla sett gjorde ut for om lag 24 prosent av det nasjonale territoriet. Colombia kan i dag ha så mange som 710 resguardoar i 27 av dei 32 departementa.

Organisering og nemningar

Individuelle urfolksgrupper har ei rekkje styringsstrukturar. Ei rekkje urfolksgrupper er representert gjennom ONIC - Organización Nacional Indígena de Colombia. Forbetra organisasjon og agitasjon har utvida landrettar til dei innfødde gjennom dei siste førti åra. Regjeringa tildelte meir enn 200 nye reservat i perioden 1960-1990, til totalt 334 operative sjølvstyrte kommunar i 1997.

Etter det Organización Nacional Indígena de Colombia (ONIC) gjev opp, er det 102 urfolksgrupper i Colombia.

Høglandsfolkeslag viser til kulturar i Andesfjella og Sierra Nevada de Santa Marta i Colombia, medan låglandsfolk refererer til innbyggjarane i andre område av landet.

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff

Urfolk I Colombia  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Urfolk i Colombia

Tags:

Urfolk I Colombia HistorieUrfolk I Colombia Organisering og nemningarUrfolk I Colombia KjelderUrfolk I Colombia BakgrunnsstoffUrfolk I ColombiaAmerikanske urfolkColombiaEtnisitetSpansk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

JærenVierslektaTutrakanPortugisiskRagnhild BrochmannHavørnTidslinje over norsk historieAust-ArjithéaKvam heradVictoria av SverigeSoparRaimbaut d'OrangeOlivettiJohann Sebastian BachDurgaThe Times of IndiaJerpeSjøkrepsClaus JervellMoskvaHlíðarfjallGeitFinding DoryOperativsystemNorsk folkedansPalauRimElon MuskPolarlysIsBlåbærMuscatAndre verdskrigenIltalehtiNordland fylkeMoldedialektDydRakiaHomogeniseringParisHovudsideJomfru MariaIranKyle WalkerElisabeth TerlandCarl XVI Gustaf av SverigeAstrid LindgrenMahatma GandhiSvart kattKråkebolleDet britiske riksvåpenetJesusHypertrofiMikke MusAbdusamet YigitVladimir PutinUTCKrøllparentesSildekongePåhengsmotorVendlandGoiásHardingdialektForvandlingaJournalistikkDesta Marie BeederAdministrativ inndeling i HellasGrønCristiano RonaldoFridomssosialismeJon FosseOseanografiKristoffer Columbus🡆 More